<$BlogRSDUrl$>

26.8.07

Dagens Blix 



"Kring 1860 sette Blix om eit brot av 'Saga um Eirik Vidførle' med tanke på 'Dølen', men stykket vart liggjande uprenta til 1903," skriv Reidar Djupedal (Der eit fjell stig mot sky, s. 198). Reidar Bolling (Elias Blix, s. 73) har same opplysninga, men utan årstal for prenting.

Denne teksten har eg leita lenge etter og endeleg funne, i ei utklippsbok etter Marie Blix, eldste dotter til Elias Blix. Du skal få historia seinare.

To spørsmål finn eg ikkje ut av, så eg bed dei lærde lesarar av BlixBlog om hjelp:

1. Kor kan dette ha vore publisert? Dessverre har ikkje samvitsfulle Marie skrive ned publikasjonsstaden denne gongen. Av papir og spalter kan det sjå ut til å handle om ein publikasjon i avisformat, men Den 17de Mai er det ikkje, så vidt eg kan sjå.

2. Kva for ein norrøn tekst er eigentleg dette?

Du kan lese heile teksten her (sjølv om korrekturlesinga ikkje er heilt god.)
Sjå større bilete her.
# lagt inn 26.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

316 

I dag gjer BlixBlog eit unntak og gjev spalteplass til ein bokmålsdiktar.

Presten og salmediktaren Eyvind Skeie lanserer si eiga salmebok, 316 sanger og salmer, i dag, 26. august, ved ein salmekveld og konsert i Nordstrand kyrkje i Oslo kl. 19.00. Eg får ikkje vore til stades, det er ein familiær fireårsdag som har prioritet. Men både du og eg får sjansen seinare, for Eyvind kjem på turné til ei kyrkje nær deg, jamvel til oss i Enebakk (24. oktober).

I tillegg til salmediktinga har Eyvind Skeie minst to ting til felles med Elias Blix: 1. Han gjev ut salmebok med berre eigne tekstar. 2. Han sympatiserer med Venstre (56. listekandidat ved kommunevalet for Oslo, 16. ved valet til bydelsutval for Nordstrand).
# lagt inn 26.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.8.07

Haustlansering 

I går hadde Samlaget haustlansering. Eg må lære meg korleis slikt gjerast, så eg sørga for å få med meg både pressekonferansen i Det Norske Teatret om føremiddagen og festen i forlagshuset om kvelden. Eg har hatt inntrykk av at dei har det hyggeleg i Samlagsstallen, og det stemmer. Mellom opplesarane på pressekonferansen var Alfred Fidjestøl (eg må få lese den Sivle-biografien, eg er imponert over det eg har sett og høyrt) og Jon Fosse, om kvelden gav Arne Torp ein performance knytta til boka hans om lyden R, og Odd Nordstoga song for deg og meg. Elles har det jo vore mykje merksemd om Einar Førde dei siste dagane, utan at eg kjem til å følgje det opp her. Ungdomsbokforfattar i medvind Ingelin Røssland fekk Sigmund Skard-stipendet.

Om lanseringa og haustlista i Dagsavisen (og her), Dagbladet, Bergens Tidende og på utdanning.ws.
# lagt inn 16.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.8.07

Reklame 


Eg er usikker på om dette er gratisreklame eller tjuveri, men denne annonsen i dagens A-magasin må bror min (ikkje norsklæraren, men kyrkjehistorikaren) få kjennskap til. Han skriv dikt med bokstavkjeks og et dei opp etterpå.
# lagt inn 10.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.8.07

Eit halvt liv 

Så er den her. Eit halvt liv er tittelen på Per Sivle-biografien som Alfred Fidjestøl gjev ut på Samlaget. Ingunn Økland melder boka, svært positivt, i Aftenposten i dag.

Oppdateringar:
# lagt inn 9.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.8.07

Festspeldiktaren 

Aasentunet i går: "Lars Amund Vaage blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2008."

Det var på høg tid.
# lagt inn 6.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.8.07

150 

Som nemnt i forrige post, det er 150 år sidan Ivar Mortensson-Egnund blei fødd. Dessutan er det
Som eg har vore inne på tidlegare, det personlege tilhøvet mellom Elias Blix og Per Sivle var ikkje heilt hjarteleg, særleg fordi Sivle sat som redaktør i den Sverdrup- og regjeringslojale Kristianiaposten under og etter regjeringskrisa i 1888. Det kom seg etter kvart. Noko av det siste Blix gjorde her i livet var å skrive under på ei bøn om diktarløn for Sivle.
# lagt inn 4.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.8.07

Savalguten 

"Ivar Mortensson-Egnund 150 år".

Dag og Tid markerer jubileet med ein stor artikkel av Arne Dag Østigaard. Det er det all grunn til. Alvdølen, målmannen, teologen, pressemannen (Fedraheimen!), diktaren, omsetjaren (både Edda og Bibelen!), anarkisten, mystikaren og presten (seinast i Løten) Ivar Mortensson var mellom dei mest fortrulege venene til Hulda og Arne Garborg. Mortensson tok artium i 1875 og embetseksamen i 1883, så han kan godt ha hatt Elias Blix som lærar i hebraisk og bibelfag - om han no hadde tid til å følgje førelesningar. Bondestudentar måtte arbeide, må vite. Sikkert er det at han følgde statsråd og bibelomsetjar Blix tett som Fedraheimen-redaktør.

Av korrespondanse i Kyrkjedepartementets arkiv går det fram at Ivar Mortensson i 1887 var påtenkt som omsetjar i sluttfasen av arbeidet med landsmålstestamentet. Men spora etter han stoppar der, kan hende blei det ikkje noko av likevel fordi Blix gjekk ut av regjeringa og attende til bibelomsetjinga i februar 1888? I Fedraheimen publiserte Mortensson ei rad bibelavsnitt (utdrag av Kolossarbrevet, Jesaja, Job, Ordtøka og Forkynnaren), og i Fyrebilsbibelen (1921) omsette han Høgsongen, Amos og Joel. Eg greier ikkje la vere å nemne at eg sjølv har teke del i nyomsetjinga av den siste boka. Går alt bra, kan du kjøpe prøveutgåva av Joel og nokre andre bibelbøker som julebok frå Bibelselskapet i år.

Ivar Mortensson-Egnund i Nettbiblioteket, Ivar Aasen-tunet
"Ivar Mortensson-Egnund: Rabulist og romantikar," artikkel av Audun Skjervøy i Dag og Tid 07.01.1999
Edda-kvæde (frå Heimskringla.no)
Fyrebilsbibelen (frå Studentmållaget)
# lagt inn 3.8.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?