<$BlogRSDUrl$>

30.9.08

Bispestrid 

I spalta for sitatindeks tek eg med eit utdrag av Andreas Skartveits laurdagskommentar i Vårt Land (papirutgåva) 27.09.08. Under overskrifta "To milde stridsmenn" skriv han om Elias Blix og Bernt Støylen, og særleg om dei ubehagelege bispestridene desse to tok del i, den eine ved den kontroversiell utnemninga av Jakob S. Smitt til Kristiansand, den andre ved ordinasjonen av den omstridde Jens Gleditsch til Trondheim. Konklusjon:
Så er tannverk ingenting nytt, heller ikkje når han er kyrkjeleg. Han gir seg nok ikkje før tanna er trekt og bispevala er borte frå regjeringsbordet og statsrådens hender, om han gir seg då. I alle fall vil det gi statsråden eit lettare liv. Det er vel ikkje mykje trøyst for dei som i dag blir plaga, av boikott og harde ord, at heidersmenn som Elias Blix og Bernt Støylen har kjent denne tannpina før. Andres tannpine hjelper lite når det verker i eiga tann.

I dag er dette historie, gløymt til biografane finn det fram. Salmane lever, udøyelege som god litteratur er.
# lagt inn 30.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.9.08

Universitetsalder 

I dagens Nordlys har dosent Eivind Bråstad Jensen ein kronikk med tittelen Universitetet i Tromsø, anno 1826? Sitat:
I disse fusjonstider har jeg funnet det betimelig med denne påminnelsen om at det nye Universitetet kan vise til sterke og nesten 200 år gamle røtter i Nord-Norge. Fusjonen gir oss dermed et nytt universitet med en dyp historisk forankring i og tilknytning til landsdelen.
Høvet er fusjonen mellom universitetet og høgskolen i Tromsø. Sistnemnde har ei lang og ærverdig historie heilt frå det første lærarseminaret i landet blei skipa på Trondenes i 1826. Bråstad Jensen kjenner denne historia godt, og han får fint fram (på godt og vondt) den særeigne og stadeigne intellektuelle tradisjonen som er knytta til denne institusjonen. Dessutan er han så venleg å sitere Blix-biografien min, så kronikken er dobbeltkvalifisert til omtale på BlixBlog.

Jensen har ein institusjonspolitisk agenda:
Det er allerede bestemt at den nye institusjonen skal hete Universitetet i Tromsø ... Dette kan jo lett skape inntrykk av at fusjonen egentlig ikke dreier seg om stort annet enn å overføre Høgskolens oppgaver til Universitetet.

... Stortinget vedtok den 28. mars 1968 å opprette Universitetet i Tromsø. Denne datoen er også blitt lagt til grunn for institusjonens jubileumsmarkeringer.

Kan det tenkes noen bedre måte å markere at en ny institusjon vil være på plass neste år enn ved å erstatte denne datoen (28. mars 1968) med 7. februar 1826?
# lagt inn 29.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.9.08

Inter Collegas 

Inter Collegas er medlemsbladet til Presteforeininga. I nummer 4, som nett er utkome, har Kyrre Kolvik ei bokmelding av Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Kyrre er velkjend for lesarar av BlixBlog, han er nemleg sokneprest i Gildeskål, heimbygda til Elias Blix. Dessutan er han aktiv i fagorganisasjonen. Frå innleiinga:
Ikke bare er boka grundig, omfattende og etterrettelig, den er også språklig god, munter i formen og leseverdig fra side 1 til bortimot 600.
At ein og annan kan ramle av lasset når ein nærmar seg side 600, har eg stor forståing for.
# lagt inn 26.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

25.9.08

Ekstremvêrsalmar 

NRK avslutter sin ekstremværuke
Det er ikke lang vei fra mennesker i hardt vær og til Vår Herre. Dessuten finner de inspirasjon i bibelfortellingene der Mesteren selv også fikk prøve seg på naturkreftene.

I "Salmer til alle tider" blir det derfor møte med to av kystens store salmediktere, Elias Blix og Petter Dass. Men det salmene ikke sier noe om er hva som er årsaken til naturens herjinger. Begrepet "menneskeskapt" har aldri vært i deres munn.

Høyr Salmer til alle tider i NRK P 1 søndag 28. september kl. 22.05.
# lagt inn 25.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmetap 

Eg gjer merksam på dagens oppdatering av posten Hymnologinytt. No er det viktig at folk diskuterer salmar.

Oppdatering, same kveld: I Noregs Mållag er dei alt i full gang, les denne artikkelen av Hege Lothe (eventuelt i pdf-utgåva av Norsk Tidend).
# lagt inn 25.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.9.08

Uranienborgarar 

I går hadde eg føredraget mitt i Uranienborg kyrkjeakademi for eit ikkje særleg talrikt, men entusiastisk publikum. Ikkje minst blei det eit godt ettermøte (som dei seier på bedehuset) med kaffe, kringle og prøvesang av dei tre tonane som Blix sjølv komponerte til eigne tekstar, til tonefølgje av den gode kantor Inger Lise Ulsrud. Det er ei særleg oppleving for meg å fortelje om Elias Blix i heimekyrkjene hans, Uranienborg kan nesten måle seg med Gildeskål gamle kyrkje i affeksjonsverdi (men berre nesten).
# lagt inn 24.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.9.08

Hovudstadsunderhaldning 

# lagt inn 23.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

22.9.08

Hymnologinytt 

I dag kom nyheitsbrevet frå Norsk hymnologisk forening i postkassa. Så vidt eg kan sjå, ligg det ikkje på nett i elektronisk format, men foreininga presenterer seg her. Sjølv om redaksjonen har vore så venleg å trykke opp Jan Inge Sørbøs melding av Ein betre vår ein gong. Elias Blix i Morgenbladet, finn eg større grunn til å gjere merksam på leiar Stig Wernø Holters kommentar til høyringsutkastet til ny salmebok for Den norske kyrkja. Det er ein tankevekkjande artikkel. Av særleg interesse for lesarar av BlixBlog:
Ved enhver salmebokrevisjon må noe av det gamle stoffet vike for noe nytt. Det er en naturlig seleksjonsprosess i de syngende menigheter. Utskiftingen denne gang, etter 23 år med No[rsk ]S[almebok], er imidlertid drastisk. Bare 58 % av salmene i den "gamle" NoS og Salmer 1997 foreslås videreført. Dette berører sentrale salmediktere som Gerhardt, Sthen, Kingo, Brorson, Landstad og Grundtvig. De kraftigste kuttene vil ramme de nynorske dikterne. Blix, Hovden, Støylen og Skard blir samlet sett halvert. Er dette den rette måten å berge en skatt som ifølge komiteen er gjenstand for "en kraftig forvitringsprosess"? Eller er det snarere slik at komiteen selv påskynder denne prosessen? Vi anbefaler å ta en kikk på oversikten over utelatte salmer i NoS som er lagt ut på NHFs nettsted [AA: Ikkje enno, trur eg].
Oppdatering, 25.09.2008: Eg fann lista over dei forsmådde salmane, den ligg her. Mellom Blix-salmane komiteen ikkje vil ha med meir, finn ein mellom anna "Sjå, han gjeng inn til syndig mann", "Det er så godt å vitja", "Så elska Gud oss at han gav", "Kom, Heilag Ande, himmeltrøyst" og "Fred, det er eit fagert ord", for no berre å ta dei eg sjølv vil sakne mest. Eg nemner òg "Renn opp yver grav, du signa sol" - salmen som blei brukt i gravferdene til Aasen, Blix og Garborg - og minner om at det manglar nynorske gravferdssalmar.
# lagt inn 22.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.9.08

Blix i Uranienborg 

Tysdag 23. september kl. 19.30 held eg føredrag om Elias Blix i heimekyrkja hans, Uranienborg i Oslo. Det er det lokale kyrkjeakademiet som er arrangør.

Vi skal syngje Blix-salmar og eg skal fortelje kortversjonen av biografien. Dessutan har eg tenkt å ha ein lokalhistorisk sekvens om Elias Blix og Uranienborg, ikkje minst om tilhøvet mellom Blix og den sterkt konservative sokneprest J. C. Heuch.
# lagt inn 20.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Årbok for Helgeland 

"Årets årbok for Helgeland er i rute", melder Helgeland Arbeiderblad i går. Det var bra. Det er mykje gildt stoff i denne årgangen. Sjølv har eg skrive ein liten artikkel om "evangelisten frå Dønna" - biskop Anton Christian Bang, som rett etter embetseksamen publiserte den første nynorske omsetjinga av juleevangeliet.

Saka er utstyrt med eit fint bilde av redaksjonen, mellom medlemmene Knut Skorpen, som eg har hatt kontakt med. Det er no artig å sjå korleis folk ser ut i desse epost-tider.
# lagt inn 20.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Enebakk 

Torsdag hadde eg gleda av å fortelje om Blix på møte i Israelsmisjonen i Enebakk. Der fekk eg høve til å dra fram nokre sider frå biografien som ikkje så ofte er kommenterte. Særleg i Leipzig-året sitt (1870-1871) var Elias Blix i nær kontakt med arbeidet for "Jødemissionen".

Deltakarane i denne foreininga kjenner eg godt frå tida mi som kyrkjelydsprest her ute. Og sanneleg møtte onkel Tore (Aschim frå Askim, eit velkjent namn for lesarar av spalta "Klok på bok" i Dag og Tid) fram òg, saman med Alfhild som han er gift med.
# lagt inn 20.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.9.08

Vanleg tidsrekning? 

Eg kunne ikkje dy meg, eg måtte trø på plenen: Eg har skrive eit lite debattinnlegg i Aftenposten i høve helgas debatt om nemningane "før/etter Kristus" i lærebøker for norsk skole. Plassen er liten, så innlegget blei vel litt skarpare i kanten enn eg vanlegvis formulerer meg, men hovudpoenget står eg ved: Eg kan ikkje innsjå at dei alternative nemningane "før/etter vanleg tidsrekning" er spesielt "nøytrale", tvert om. Spissformulert: "Å heve den kristne tidsrekninga sin status til 'vanleg tidsrekning' er i røynda eit kulturimperialistisk grep."

Eg er ikkje blind for problema knytta til "f. Kr." og "e. Kr.", best formulert av Einar Thomassen (religionshistorikar i Bergen, gnosis-forskar i verdsklasse) i Dagbladet i dag.

Ein viser gjerne til den nordamerikanske situasjonen, der nemningane BCE og CE er blitt vanlege, med tydingane "Before the Common Era" og "Common Era". Men "vanleg tidsrekning" er ikkje ei vellukka omsetjing av "Common Era". Dette uttrykket burde ein heller omsetje "fellestidsalderen" - det vil seie tidsalderen for jødisk-kristen sameksistens. Denne dateringsmåten opplever eg ikkje-diskriminerande i forhold mellom jødar og kristne, men eg kan ikkje forstå at den er inkluderande i forhold til islam.
# lagt inn 17.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i samling 

Eg er ingen samlar - det vil seie, det er ikkje heilt rett, for eg samlar på fotnotar, men eg samlar vanlegvis ikkje på ting. Det er eitt unntak: Åra med Blix har resultert i ei fin lita samling salmebøker i originalutgåver.

Eg har no gleda av å kunngjere at Blix-samlinga er komplett: Etter eit par antikvariske innkjøp for ei vekes tid sidan (eit uoppskore eksemplar av 1891-utgåva og Eivind Hognestads eksemplar av 1883-utgåva) har eg no alle utgåvene av "Nokre Salmar" som kom ut så lenge Blix sjølv levde, pluss "Salmar og Songar" (1900) og jamvel "Islandske Salmar" (1898) "gjennomsedde av prof. E. Blix". Den siste har Terje Aarset skaffa meg.

(Nei, det er sant, eg manglar ei: Den vidgjetne "Huseby-salmeboka" med Blix-salmane som tillegg til Landstads salmebok. Her har eg først Salmebokforlaget si utgåve frå 1933. Vel, vel.)

Ein burde vel no halde fram med å samle på bibeldelar frå 1880-åra som Blix medverka til, men det trur eg ikkje eg har kondisjon eller økonomi til. Mest moro hadde det vore å finne eit eksemplar av doktoravhandlinga "Herre og Fyrste" eller førsteførelesinga ved universitetet, "Om det hebraiske Sprogstudium". Det skal bli vanskeleg.
# lagt inn 17.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix på Hamar 

I går heldt eg det før omtala føredraget om Elias Blix for dei vise menn på Hamar, pluss kvinnene deira, altså Hamar Y's Men's Club, ei støtteforeining for KFUK/KFUM-arbeidet. Eg har slite ut nokre barnesko i Ynglingen på Hamar, og det var riktig hyggeleg å vere attende. God stemning, mellom dei frammøtte hadde eg både familiemedlemmer, gamle lærarar og ikkje minst konfirmantpresten min, Christian Martin Myhre-Nielsen (91!).

Neste Blix-arrangement: Israelsmisjonen i Enebakk i morgon, Uranienborg kyrkjeakademi tysdag i neste veke.
# lagt inn 17.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.9.08

Nils Johan Ringdal 

Aftenposten melder at historikaren og biografen Nils Johan Ringdal døydde i går på Bali, berre 56 år gammal. Den siste boka hans kom ut i år, den store biografien om Georg Valentin von Munthe af Morgenstierne, språkprofessoren som var ein nybrottsmann innan sentralasiatiske språk. Sjølv har eg hatt mykje nytte av historia om forfattarforeininga. Ringdal var m. a. eit profilert medlem av Norsk Biografisk Selskap.
# lagt inn 12.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kyrkjeleg ferie-nynorsk 

skriv Vårt Land som overskrift til denne saka:
«Vi lyfter vårt hjarto til Herren.» Nynorsken i høyringspapira om gudstenestereforma i Den norske kyrkja er full av grove feil. Kyrkjerådet skuldar på at arbeidet måtte gjerast i ferien.
"Skamnorsk" seier sokneprest Sigurd Vengen, og kyrkjerådsleiaren legg seg "paddeflat". Eg har eit forslag til passande feriemål for kyrkjerådstilsette.
# lagt inn 12.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.9.08

Bokmessa 


Programmet for bokmessa på Lillestrøm 21.-23. november er offentleggjort. Her blir det bøker i alle kanalar tre heile dagar til ende. Eg skal her berre nemne eit av seminara som går i høgmessetida søndag 23. november:
I begynnelsen var ordet. Bibelen – klassisk tekst i ny tid
I 2010 skal hele Bibelen være nyoversatt til norsk. I dette arbeidet deltar en rekke forfattere og eksperter på hebraisk og gresk. For å få til en oversettelse med litterær kvalitet er samspillet mellom bibeloversettere og forfattere viktig. Forfatter Karl Ove Knausgård og bibeloversetter og forfatter Anders Aschim har arbeidet med bl.a. «Første Mosebok» og «Profeten Jesajas bok».

Arrangør - Bibelselskapet
# lagt inn 4.9.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?