<$BlogRSDUrl$>

26.12.06

Fridtjofs jul 

Sidan BlixBlog er basert i Ytre Enebakk, måtte eg i dag gjere noko eg sjeldan gjer: Sjå fjernsyn. "Fridtjofs jul" var, ærleg tala, ikkje mykje å rope hurra for. Bjørn Sundquist har hatt betre presteroller, Jon Eikemo betre fyllikroller. Men det er jo artig å sjå dei lokale kjendisane i Enebakk Blandakor på autentiske opptaksstader som Shell-stasjonen i Ytre, rådhuset, lensmannskontoret og Mari kyrkje - og opptre med Bettan og Tommy Körberg. Sjølv har dei i alle fall hatt det moro.

Einaste grunn til å nemne dette på BlixBlog måtte vere Hege Schøyens Olga Marie Mikalsen-inspirerte framføring av "Å eg veit meg eit land."
# lagt inn 26.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.12.06

Dagens Blix 

Fraa Betlehem eit Gitord gjeng,
Eit Gitord gjeng
Um Kongeson i Krubbeseng.
Halleluja, Halleluja!

----------
Fedraheimen nr. 12, 22.12.1877

Til sjølve julehelga skal du no få ein julesong som Dagens Blix lell. Sidan eg presenterte "Fraa Betlehem eit Gitord gjeng", ein parafrase over den bibelske Salme 72 på tonen "Et barn er født i Betlehem", har eg to nye ting å melde:

1. Editio princeps er slett ikkje andreutgåva av Nokre Salmar (1883), slik eg har trudd. Det er Arne Garborgs Fedraheimen, første årgang.
2. Denne salmen var ein medverkande årsak til at Blix gav avkall på anonymiteten sin, i brev til Karl Seip 21.09.1884 skriv han mellom anna:
Mod Angivelsen af Forfatteren vil jeg nu ikke gjøre nogen Indvending, efter at N. Forfatterleksikon allerede har røbet Anonymiteten; og det tør være saa meget nødvendigere, som man tildels har begyndt at sætte andre Navn under mine Salmer (se Ullmanns Sangb., der f. Ex har taget min Salme No. 10 og foræret Grundtvig - som om han ikke var rig nok før!)
Til Viggo Ullmanns forsvar kan ein seie at salmen ligg så tett på "Et barn er født i Betlehem" at det ikkje er rart om ein travel trippelarbeidande folkehøgskolelærar, folketalar og songbokutgjevar kom i skade for å lese den som ei gjendikting av Grundtvigs gjendikting av den gamle julesongen.

Og med det ønskjer BlixBlog lesaren ei signa julehøgtid.

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Tidlegare kommentarar
Norsk Salmeleksikon nr. 897
# lagt inn 24.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.12.06

Dagens Blix 

Israel paa Sion bed,
Der Guds Herlegdom steig ned
Straalande i Guddoms-Veldet,
Kvilande i Tempel-Tjeldet
Yver gyllne Naadestol.

Garisim er nemnd den Stad,
Der Samaritanar bad.
Um det Berget dei fortalde,
Gud til Heilagdom det valde,
Daa Velsigning der vart lyst.

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 27-29

I serien ikkje-julesongar frå Salmar og Songar: "Jerusalem elder Garisim", på tonen "Deilig er den himmel blå", evangeliesalme til 2. sundag etter trettandagen. Preike på vers over evangelieteksten frå Johannes 4. Salmen fekk eit kort liv, den står t. d. ikkje i Nynorsk Salmebok. Tru om den er publisert nokon stad før den kom i bokform?

Heile salmen.
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no.
Førre Dagens Blix.
# lagt inn 23.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Ved Juletid 

er juleheftet til elevlaget ved Fjellhaug skoler. Eg er intervjua, under tittelen "Med lys over Blix". Det er òg blitt plass til heile "No koma Guds englar" og delar av "Jolemorgon i Nordland".

Andre gode grunnar til å lese "Ved Juletid" er Ove Kr. Sundbergs stykke om Bachs juleoratorium og intervjuet med enebakking og kjernekar Villy Solvang (86), "Snekker til Guds ære".
# lagt inn 23.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.12.06

Kollegialt 

Ikkje noko Blix-nytt i dag, men i Avisa Nordland kan du følgje Kåre Hansens myteknusing om salmediktarkollega Petter Dass.
I nyutgivelsen "Petter Dass - mennesket, makten og mytene" dokumenterer Hansen at Petter Dass drev med blant annet bakvaskelser, bestikkelser og forfalskninger.
Men få òg med deg innvendingane til Ivar Roger Hansen, leiar av Petter Dass-museet på Alstahaug.

(redigert 14.02.07)
# lagt inn 21.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.12.06

Dagens Blix 

Herre Jesus, lat meg læra
Av ditt Ord og av di Gjerd,
At eg søkja skal Guds Æra
I mitt Liv og all mi Ferd;
Ikkje fyr mitt eiget syrgja,
Berre etter ein Ting spyrja,
Berre paa det eine sjaa,
At Guds sak eg fremja maa!

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 24-26

Serien med ikkje-julesalmar frå Salmar og Songar held fram. Salmen blei først publisert i Stille Stunder i 1894. Salmen står i Norsk Salmebok (nr. 420) og sørgjer for at det framleis finst ei fiskarbu i salmeboka. I "Kved opp, Guds Folk, syng høgt i kor" (NoS 224) er den dessverre fjerna.

Salmen er ikkje så veldig biletrik, men den er eit fint døme på den helginga av kvardagen som er så karakteristisk for delar av den nynorske salmediktinga.

Heile salmen
Førre Dagens Blix
Norsk Salmeleksikon nr. 1333
# lagt inn 20.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.12.06

Kaldt og mørkt 

Lesarspørsmålet om "Kaldt og mørkt" har engasjert mange (sjå kommentarane). I posten fekk eg Terje Aarset sin forvitnelege artikkel. Eg slepp å referere den sjølv, for onsdag som var (ja, det har vore litt travelt i det siste) fekk eg hyggeleg epost frå NRK. Eg tillet meg å sitere:
Leser fra tid til annen din Blix-blogg.Der fant jeg også et spørsmål om "KALDT OG MØRKT". Dette er en av de sangene som blir etterlyst hvert eneste år i ukene frem mot jul i aviser og blad. I gamle sangbøker har den overskriften "MOT JOL", som er en treffende tittel på typiske situasjoner i mange norske hjem i en travel førjulstid: "Barnet spør kor langt det lid, enno fram til joletid. Mor så mangt har med å fara,l ikevel ho støtt lyt svara".

Teksten er skrevet av Lauritz Hov fra Øyer i Gudbrandsdalen. Han var lærer i Østre Gausdal da han skrev diktet, og fikk det trykket i målbladet "Bonden" på Lillehammer 30.12.1912.

Melodien er fjernt fra Søraas sine slektninger,den er skrevet av en annen lærer som hette Anders Hove. Melodien ble sendt til lokaltrykkeren P.M.Gjerde i Volda. Han ga ut musikktidsskriftet "Norsk Toneblad" og der kom "JOLEKVAD" som det hette da på trykk oktober 1913.

Søraas har sangen med i sin sangbokutgave 1929(den gule nynorskutgaven), og den står også i Nordahl Rolfsens lesebok.

Håper dette kan være oppklarende med en riktig god jul

Vennligst

Nils Abrahamsen (Sangtimen)
# lagt inn 18.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.12.06

Lutefisk 

Avisa Nordland:
"For lunsgjengen fra Nordlandsbanken er lutefisk på Blix et viktig innslag i førjulstida."

For meg kan det vere det same med lutefisken. Men ein Blix-restaurant får sjølvsagt gratisreklame på BlixBlog. Staden er Bodø.

Les meir
Blix restaurant, Bodø
# lagt inn 16.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.12.06

Dagens Blix 

Barndoms Tid, dei fagre Dagar,
Ingen atterkalla kann.
Faafengt sukkar me og klagar,
Som ein Draum dei undan rann.
Men kvart Hjarta kjenna maa:
Vert me ikkje atter smaa,
Finn me aldri, Englar like,
Stigen upp til Himmerike.

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 22-24

"Barndomstidi" spanderte eg nokre ord på i foredraget om Blix og Grundtvigsalmeseminaret i mai. "Barne-Livets faure Dage" vart skriven som "Confirmationssang paa Tuborg" i 1844. Denne Grundtvig-teksten er Blix ikkje blitt kjent med gjennom salmebøkene (Christiania-tillegget til Evangelisk-christelig eller Landstad), men gjennom songbøkene. Her har folkehøgskolerørsla gått føre. Eg veit ikkje kor teksten først er publisert på norsk, men den finst både i Ullmanns Sangbog (1884), i Seips Visebog (seinast 1884) og i Birger Halls Kirkeklokken (1890). Via Blix fekk teksten plass i Nynorsk Salmebok, N. 142.

Heile salmen.
Sist sundags Blix.
# lagt inn 10.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.12.06

Lesarspørsmål 

Frå ein lesar har eg fått dette spørsmålet:
Kaldt og mørkt og lite sol
soleis er det fram mot jol
snø og is all jordi gøymer
allting ligg i lengt og drøymer

Dette er ein del av arvesølvet mitt. Mi bestemor har sunge den for tre generasjonar og no syng eg den for mine born. Har funne ut at ein av Lars Sørås-anane har skrive melodien, men kven har skrive teksta?
Kan det vere Blix?

Vonar du kan hjelpe meg med dette!
Det kan eg ikkje. Kan du? Bruk gjerne "Kommentar"-funksjonen, eller send meg ein e-post.
# lagt inn 7.12.06 1 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.12.06

Dagens Blix 

Jesus kom som Barn her ned
Med Guds Fagnad og Guds Fred,
Fraa sin Faders Herlegdom
Til det laage Krubberom.
For han vera vil ein Bror
Til dei arme Born paa Jord.

-----
E. Blix, Salmar og Songar (Oslo: Olaf Huseby, 1900) s. 20-22

Salmen "Barnevenen" skal ha stått på prent i Norsk Barneblad i 1899, seier Rynnings Norsk Salmeleksikon (nr. 2049), men eksakte data har eg ikkje.

Det blir ikkje så mykje adventsstemning på BlixBlog i år, eg må kome meg gjennom Salmar og Songar. Dette er no ikkje så verst likevel, med "Krubberom" og det heile.

Heile salmen.
Førre Dagens Blix (20.11.06).
# lagt inn 3.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.12.06

Fest i Fjaler 

Firda: "Jakob Sande vart grundig feira av rundt 500 bygdefolk i Fjaler fredag. Men både statsråd og anna øvrigheit møtte også opp for å ære kvardagsfolkets diktar, på dagen då han ville fylt hundre år."

Les meir og
sjå bilete.
Oppdatering, 04.12.06: Les talen til fornyingsminister Heidi Grande Røys.
# lagt inn 2.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Rollemodell 2 

Spalta Skjønnhet -detnye.no:
– Er eg årets rollemodell?! Det hadde eg verkeleg ikkje venta. Det var så mange gode kandidatar, og fleire av dei var kjendisar, sier Olaug Nilssen.
Eg burde vel late som eg smugles Det Nye. Sanninga er at eg har lese om dette på nynorsk.no. Saka er tidlegare omtala her. Gratulerer med nok ei fjør i hatten (eller lua, kanskje, eg kan ikkje hugse å ha sett Olaug Nilssen med hatt), og god helg.
# lagt inn 2.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Brunt 

Så er vi i gang att. Klassekampen:
Finn-Erik Vinje tar opp igjen striden om målrørslas forhold til Nasjonal Samling når han nå gir ut en motpamflett mot Kjartan Fløgstads «Brennbart». – Brunskvetting, sier forsker.
Da får vel bibelspråket fred ei lita stund. På den andre sida, emeriterte professorar får tid til så mangt. Det er freistande å psykologisere over arten generelt og eksemplaret spesielt, men det er best eg let vere.

Oppdatering, 04.12.06: "Finn-Erik Vinje underslår at målrørsla aldri lot seg nazifisere, hevder Ragnhild Bjørge, som har skrevet masteroppgave om NS og nynorsken." Les Klassekampen i dag.
# lagt inn 2.12.06 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?