<$BlogRSDUrl$>

27.4.07

I morgon 

Påminning frå Vårt Land i går:
Biskop emeritus Per Lønning kjem med nye bidrag til den nynorske salmeskatten.

Biskop emeritus Per Lønning har skrive åtte nye salmar på nynorsk, mens tidlegare sokneprest Ralph Kolnes har skrive fire. Desse vert presenterte på morgonkonsert i Uranienborg laurdag 28. april kl. 1000.
Og etterpå er det seminar. Det ER mogleg å møte opp utan å vere førehandspåmeld.

Les meir.
Last ned "Har du gått frå oss, Herre?" (tekst og tone: Per Lønning).
# lagt inn 27.4.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.4.07

Dagens Blix 



Og her er tonen til "Hjelp", frå same kjelde. Tidlegare har eg publisert ein tredje tone som sannsynlegvis er av Blix sjølv, den til "Ute og Heime".

Med det har eg funne alle dei tre tonane sonen Ivar Blix nemner. Ein bør nok vere så ærleg å seie at det ikkje er noko stort tap at dei ikkje har følgt tekstane, diktaren var betre med ord enn med tonar. Men tonane er interessante fordi dei gjev eit innblikk i salmediktarens verkstad.
# lagt inn 12.4.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.4.07

Dagens Blix 


Den fagre Tonen til denne Salmen og til Nr. 35 fann dei millom Papiri etter Blix. Det er ei ny - og vel til no ukjend - Evna hjaa vaar store Salmediktar, me fær læra aa kjenna gjenom desse Tonarne.
Salmar ved Dr. E. Blix (Norsk Salmebok-Samlag, Oslo 1902)
Heftet er på 32 sider og inneheld 39 Blix-salmar. Føreordet av Klaus Sletten, på vegner av Norigs ungdomslag, er datert juni 1902. Eg fann eit eksemplar i papira etter Peter Hognestad i Riksarkivet. Klikk på biletet for ei utgåve i full storleik (ikkje så veldig stor, dessverre). Blix har vel notert tonen i C-dur for å gjere det lettvint for seg, mange av oss vil nok transponere eit par tonar ned. G-dur skulle gå bra.
# lagt inn 11.4.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.4.07

Festspel 

Eg har visst heller ikkje skrive noko om Dei nynorske festspela 2007, som finn stad i og omkring Ivar Aasen-tunet 27. juni - 1. juli. Erna Osland er festspeldiktar, Ole Danbolt Mjøs er festspelpredikant og mykje anna gildt folk er ventande. For no berre å nemne ein tilfeldig vald programpost:
Torsdag 28. juni kl. 20.00 – 21.30 Volda kyrkje
Dei nye feiringssalmane
Kyrkjekonsert med vinnarsalmane og andre nyskrivne salmar frå konkurransen ”Nye feiringssalmar”
Programleiar: Valgerd Svarstad Haugland
Anders Aschim fortel om Blix-salmane som skapte den nynorske salmetradisjonen
Allsong og korsong med solistane Siv Kristin Aurdal og Astrid Kloster Særvoll til tonefølgje av Atle Hundsnes (piano) og Stig Roar Wigestrand (fiolin)
# lagt inn 9.4.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmeseminar 

God påske til alle lesarar av BlixBlog!

Og etter påske er det på tide å melde seg på til det femte seminaret i serien Salmar på nynorsk i Uranienborg laurdag 28. april. I år bed kyrkjelyden, Nynorsklaget og Norsk hymnologisk forening inn til morgonkonsert i Uranienborg kyrkje kl. 10.00, mellom anna med nye nynorske salmar av Per Lønning og Ralph D. Kolnes. Seminardagen tek til kl. 10.55 i kyrkjelydshuset. Innleiarar er Svein Ellingsen, Arnfinn Haram O.P., Arve Brunvoll og Kine Hellebust. Eg har ei lita rolle sjølv òg, eg skal innleie til den avsluttande plenumsdebatten. Og sundag er det nynorsk gudsteneste i Uranienborg kyrkje. Elias Blix hadde gledd seg.

Påmeldingsfristen er 17. april. Meir informasjon finn du her.
# lagt inn 9.4.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

4.4.07

Dagens Blix 

Prof. Dr. E. Blix
skreiv for mange aar sidan desse 4 innskrifterne til ei kyrkjeklokke i Tjølling; det var sokneprest Sounichsen som hadde bede professor Blix um dette. Soknepresten valde det fyrste som vart grave inn i klokka. Sidan sende han baade dette og dei tri andre til biskop Bang som no hev sendt dei til "Den 17de Mai".

I Halsen kapel, Tjølling:
I Herrens hus, naar klokka lyd,
gakk hugheilt inn, Guds kyrkjelyd,
høyr Luthers sanne læra!
Med tru paa barnedaapens grunn,
hans pakt i hjarta og i munn,
giv Herren lov og æra.

Fyreslegne:
I. Eg skal heita helgarljod,
for um helg eg stødt ber bod:
Helg i kyrkja her paa jord,
helg tilsist i himmelkor.

II. Eg heiter helgarklang
og kallar til helg og kyrkjegang
og sidan til kvila i Guds fang.

III. Eg heiter himmelklang
og kallar Guds folk til hans frelsarfang.

-----
Den 17de Mai 27.04.1912

Slik er historia bak dei "Fire innskrifter til kyrkjeklokkor" som står i den samla minneutgåva av Elias Blix' Salmar, songar og kvad (Bergen: Lunde, 1936) s. 316. Dvergmål har gjort fine versjonar under tittelen "Klokkerim", dei har forkorta det første noko. Eg er ikkje så god i Vestfolds kyrkjehistorie, men valet av det erkelutherske rimet som inskripsjon på klokka i Tjølling har kan hende ein lokal polemisk kontekst? Stod baptistiske tendensar sterkt i Larvik-området, t. d.? Det er jo ikkje langt til Grenland, der Lammers-vekkinga tok til og baptistane hadde nokre av dei tidligaste norske kyrkjelydane sine. Sokneprest Sønnichsen er ingen annan enn den tidlegare soknepresten til Lårdal i Telemark, som i jula 1884 tok "Nokre Salmar" i bruk i kyrkja.

Ein ting har eg ikkje greidd å få svar på (dei er visst litt opptekne på kyrkjeleg hald i Larvik med nokre friske personalkonfliktar): Finst kyrkjeklokka med Blix-inskripsjonen framleis? Eg trur ikkje kapellet eksisterer lenger.
# lagt inn 4.4.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.4.07

Stille Stunder 

på Nasjonalbiblioteket, medan andre vonleg har påskeferie. Volda-presten Johannes A. Barstad tok til å gje ut dette nynorske oppbyggingsbladet i 1889. I går oppdaga eg til mi store glede at Nasjonalbiblioteket har opna for å nytte eigen minnepenn saman med datamaskinane på mikrofilmlesesalen. Slik kan ein få gamle oppbyggelege skrifter (og mindre oppbyggelege skrifter) rett inn på sin eigen datamaskin. Her er den første Blix-teksten som stod på trykk i bladet. Det er ikkje første gong, den har stått både i Fedraheimen og i Nokre Salmar (1883).
# lagt inn 3.4.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?