<$BlogRSDUrl$>

8.9.07

Landsmaalskyrkja 

Juledag 1899 gjekk ein ung norsk vitskapsmann kringum i ein by i det franske Schweiz. Der saag han ei kyrkja med innskrift "Deutsche evangelische Kirkche," og daa slo den tanken ned i ham: Kvifor kann ikkje me norske maalfolk gjera sameleis som desse tyskarar, og byggja serleg kyrkja for oss i byen? Han kom heim att i januar 1900 og daa tala han um dette med presten Hartvig Halvorsen, han gjekk til Oslobispen Bang med det, og der fall tanken i god jord.
Slik skriv Peter Hognestad i "Soga um nynorskt kyrkjemaal," trykt som innleiing til Gud er attaat. Norsk preikesamling (Kristiania: Norli, 1914; sitat frå s. 20-21). Vidare fortel han om møtet Oslo-bispen kalla inn til etter påske i 1901, meir utførleg referert i Den 17de Mai 20.04.1901 under den lange og omstendelege overskrifta "Landsmaalskyrkja. Møtet i Oslo bispegard. Ei nemnd valt. Vil byggja stavkyrkje."

No blei det ikkje nokon eigen landsmålskyrkjelyd med eiga stavkyrkje i Kristiania, behovet blei dekt på andre måtar og sluttresultatet (frå 1907) var ei ordning som står den dag i dag: Nynorske gudstenester annankvar sundag i Slottskapellet. Bondeungdomslaget var ein pådrivar i heile denne prosessen.

Kven var denne "unge vitskapsmannen" som kom på ideen om ei særskild landsmålskyrkje ein stad i det fransktalande Sveits? Og kvifor er han anonymisert, i ei framstilling som elles er raus med å nemne namn? Kan nokon hjelpe meg å finne ut av det, blir eg glad.
# lagt inn 8.9.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

”Aa, eg veit meg eit land” 

Det var i Akersgata 73 B. "Bladstova" var eit lite stekke ned med omnen, so ein slapp lida vondt av frost.

Ein dag eg sit der og mynstrar med litt bladmat, kjem professor Blix. Han hev ærend til prenteverket, daa han les korrektur paa nytestamentet. Han flir meg korrekturen, men vert sitjande smaadrøsa, som han ofte gjorde. Han var rett i godlaget sitt, og fortalde den eine forvitnelege ting etter den andre, fortalde paa sin trøysame maate.

Tilslutt reiser han seg og vil gaa; men røer enno ei stund att og fram. Det er lett aa skyna at det er eitslag han hev paa hjarta; men det er liksom han ikkje fær seg til aa koma med det, og er ved og vil gaa. Men so stansar han:

"Professor Moe var innum ein dag, og so saag han det laag eit lite manuskript paa bordet. Han vilde sjaa det, og det fekk han; det var eit par vers. Dette maatte eg la "Den 17de Mai" faa, meinte han, og daa eg no skulde hit likevel idag, so tok eg det med, paa vona; eg veit ikkje um De bryr Dykk um aa sjaa paa det; det er mindre von um det er prenta verdt."

Han flidde meg eit lite manuskript, fint og vakkert som alt fraa den handi, ikkje ein bokstav overstroken, alt som var det støypt. Eg las det hastigt igjenom, og vart raudare di lenger eg las; eg kom ihug alle kleine dikti eg hadde late faa rom i bladet. Og her kom denne mannen med dette meisterverket og spurde um det var noko aa prenta! For det diktet han kom med var dette storlagde kvadet til Nordland – : "Aa, eg veit meg eit land".

R[asmus] S[teinsvik]
Den 17de Mai 17.05(!).1902
# lagt inn 8.9.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.9.07

Bonnevie 

Denne bloggen kan nok med ein viss rett skuldast for venstrevri, sjølv om vrien stort sett er innskrenka til det klassiske (men reine) 1880-talsvenstre (og av og til slår nok min eigen vri til òg, den ligg enda nokre grader lengre til venstre).

For balansens skuld skal vi i dag ta med eit prov på at det kan kome noko godt frå Høgre. Kristine Bonnevie (1872-1912) var den første kvinnelege universitetsprofessor her til lands, faget var biologi. Bonnevie er ei av dei framleis få kvinnene som har fått eit hus på Blindern kalla opp etter seg. Ho var dotter til Jacob Aall Bonnevie (1838-1904), som var skoledirektør i Trondheim, stortingsrepresentant for Høgre og kyrkjestatsråd i regjeringa Emil Stang I (1889-1891). Fader Bonnevie var Elias Blix' fremste skolepolitiske motstandar i stortingssalen. Seinare flytta han med familien til Kristiania, blei medlem av Kristiania skolestyre medan Blix var leiar og tok jamvel over etter han som leiar i tilsynsutvalet for Uranienborg skole.

I dag blir dottera Kristine heidra ved den 2. Kristine Bonnevie-førelesinga. Den første blei halden i fjor av den kjende evolusjonsbiologen og religionskritikaren Richard Dawkins. I år held marinbiologen Jane Lubchenco (Oregon State University) førelesninga "The Quickening Pace of Evironmental Changes in Oceans: Evolutionary, Ecological and Social Implications".
# lagt inn 3.9.07 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?