<$BlogRSDUrl$>

31.1.09

Salmebokytring II 

I dag har Lofotposten (papirutgåva) eit stort oppslag, ei heil dobbeltside, om det nye salmebokforslaget. Mellom dei som blir intervjua er min gamle studiekamerat prost Ann Helen Fjellstad Justnes. Heile oppslaget har ein positiv tendens, det er forventningar til ny salmebok i Lofoten. Kari Bremnes blir intervjua i høve sin eigen tekst og tone. Sitatet får bli kantor Brita Falch Leutert, også ho grunnleggjande positiv:
– Er det noe du savner?
– Generelt savner jeg Nord-Norge. Landsdelen har satt for lite preg på de foreslåtte salmene, og noen av de vakre salmene til Elias Blix foreslås kuttet ut. Petter Dass er med i originaltekst. Ellers er det få med bakgrunn i landsdelen. Trond Hellemo fra Senja med melodi av Ivar Jarle Elliassen, Helge Stangnes og Kari Bremnes med tekst og melodi og Ola Bremnes med melodi, er stort sett de som er med fra nord.
– Yndlingssalmen?
– Elias Blix «Fred, det er eit fagert ord» sunget til folketone fra Lofoten
Ein ting er dei samde om der nord: Dei vil ha inn Trygve Hoff med "Nordnorsk julesalme". Nordlys hadde eit oppslag om det same ved juletider.
# lagt inn 31.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.1.09

Min salme IV 

Sist veke sende eg Vårt Lands salmestafett vidare til Odveig Klyve. Fint intervju med henne i papiravisa i dag, rett nok på bokmål - det er litt leitt når intervjuobjektet er frå Hardanger og skriv lyrikk på nynorsk (dessutan held ho nett no på med den nye omsetjinga av Esters bok).

Odveig vel seg Anders Frostensson-salmen "Vinden ser vi inte", norsk versjon i salmeboka på nr. 228. "Denne salmen gir meg plass og rom for mine spørsmål", seier ho mellom anna. Det er mykje eg kunne ha lyst til å sitere frå dette intervjuet, ikkje minst fall eg for dette avsnittet:
– Synger du ofte salmer?
– Ja, og gjerne sammen med venner, også i uhøytidelige sammenhenger. Det er ekstra kjekt å synge dem når en for eksempel er samlet til fest. Du merker at folk, nesten uansett hvilket forhold de har til tro, har et forhold til gamle salmer. For eksempel har jeg vært med og sunget salmer utover natten på årsmøte i Den norske forfatterforening.
Frå anna hald veit eg at salmesong ikkje er noko uvanleg innslag på fest i Det Norske Samlaget heller.

Følg med neste veke. Odveig utfordrar nemleg Ragnar Hovland til å ta over salmestafetten. Han er jo ikkje akkurat kjend som salmediktar, skal vi seie det slik, men med ein prestefar og ein bispebestefar skulle han ha eit godt utgangspunkt som tradisjonsberar.

I kveld skal bror min og eg i Konserthuset i Oslo for å høyre Mendelssohns oratorium "Elias". Det har eg ikkje høyrt på mange år, ikkje sidan eg sjølv var med å spele det (bratsj) i domkyrkja i Riga ein gong på 90-talet, saman med Kongsberg Kantori og Oslo Symfoniorkester.

De får ha god helg. Og syngje salmar.
# lagt inn 30.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.1.09

Blix på Høvik 

I dag skal eg på vitjing til Høvik Y's Men's Club i Bærum for å seie noko om Elias Blix. Kl. 17.30 i kyrkjelydshuset.
# lagt inn 26.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.1.09

Min salme III 

Eg gløymde bonussporet:
Salmetro
Salmer til alle tider byr på salmer og sanger som setter ord på tro og tvil. Det blir plass for undring og troens mysterium, og ikke minst «Min salme», en kveldssalme av Elias Blix.
P1, søn. kl. 22.05
Du kan altså høyre "Min salme" frå fredagens Vårt Land i radio søndagen etter. Det blir sikkert ikkje med mitt melodival. Tonen til Trond Kverno, som står i Norsk Salmebok, er framifrå, den òg.

Oppdatering, 26.01.09: Du kan høyre programmet her. Salmen min kjem i den siste tredelen av programmet. "Dagsens auga sloknar ut" blir spelt i eit opptak med Bodø Domkor og Kristin Kostopoulos (solist) + Bjørn Andor Drage (dirigent). Dei nyttar ein svært vakker folketone frå Majavatn.
# lagt inn 23.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Min salme II 

Som nemnt sist veke, i dag var det min tur til å velje "Min salme" i Vårt Land. Litt pompøs overskrift, kanskje, "Skal synges i min begravelse", men eg har jo faktisk sagt det, både til mine nærmaste, her på bloggen og i intervjuet. Her er salmen i originalutgåva, i Vårt Land finn du versjonen frå Norsk Salmebok.

Dagsens Auga sloknar ut.
Kveldsol ned i Vester glader.
Skuggen stig fraa Dal til Nut.
Myrkret sigrar alle Stader.
Jesus, Hjartans Sol og Skatt,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Kvar ei Kveldstund, naar eg fer
Etter Dagsens Strid til Kvila,
Ver meg med din Naade nær,
Lat di Aasyn til meg smila!
Lat du mildt mitt Auga att,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Lys du yver meg din Fred,
Jesus, ver mi Sol og Stjerna!
Livssol, som gjeng aldri ned,
Meg mot Myrkers Hugskot verna!
Stjerna, yver Huset statt,
Jesus, ver mitt Ljos i Natt!

Naar mi Livssol sig i Hav,
Og eg under Mold skal sova,
Lys meg daa igjenom Grav!
So eg skal i Ljos deg lova.
Du, som Myrkers Magter batt,
Jesus, lys i Daudens Natt!


Eg har sendt stafetten vidare til ein god bibelomsetjarkollega, lyrikaren og filmskaparen Odveig Klyve.
# lagt inn 23.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

21.1.09

Blix til avslapping 

"Klassisk musikk som de aller fleste vil gjenkjenne, er hva musiker-trioen Per Viggo Nilsen, Heidi Kaspersen og Dan Rene Dahl serverer på CD`en 'Con Amore'", melder Demokraten:
-Vår hensikt har vært å presentere stoff som er gjenkjennelig og som samtidig har en avslappende karakter. J.S. Bachs 'Ave Maria', Ole Bulls 'Seterjentens søndag' og 'Ensomme stunde' og Antonio Vivaldis 'Adagio' er verker folk flest vil kunne nynne med på. Likeledes 'Å, eg veit meg et land' (Blix), forklarer Nilsen.
# lagt inn 21.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.1.09

Asker-nytt 

Asker og Bærum Budstikke, 17.01.09:
Utover kvelden ble det også quiz om Venstre i regi av festleder Jan
M. Vevatne. Fra denne kan vi røpe at et av spørsmålene gikk på hvem som skrev åpningssangen på Venstres landsmøter «No livnar det i lundar». Vedkommende var også partiets første kirke- og undervisningsminister.

Riktig svar er Elias Blix.
Asker Venstre feira 125-årsjubileum sist fredag.
# lagt inn 20.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix i Rindal 

Driva melder at Kine Hellebust er hovudgjest under Frivillighetsdagene i Rindal denne veka. Ho skal vere med på ei rad arrangement, men berre eitt av dei kvalifiserer til høgt profilert omtale på BlixBlog: "Fredag kveld er det kirkekonsert med Elias Blix som tema der kantor Endre Lorentzen, Rindal kirkekor og andre lokale musikere deltar sammen med Hellebust."

Dei er heldige som får dette høvet i Rindal. Mindre heldig for dei er ei av desse nettavisene som trur dei gjev eit bidrag til demokrati og ytringsfridom gjennom kommentarfelt der kven som helst anonymt og uredigert kan ytre seg offentleg om kva som helst, også i form av sjikane. Eg saknar Arne Næss og saklegheitsnormene hans, eg er så gammal at dei var pensum til examen philosophicum.

Ikkje bry deg, Kine. Lukke til.
# lagt inn 20.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

finn du på vevstaden Miljolare.no: Første strofe av "Sjå dagen sprett i auster-ætt" som tekst til eit fint solrenningsbilde frå Binningsbø, signert Arne Høyland. Eg greier ikkje heilt å tolke bildeopplysningane, men forstår eg det rett, ligg staden i Eksingedalen i Hordaland. I så fall er Blix-teksten ekstra høveleg. Eksingedalen var nemleg eit av dei første kyrkjesokna i landet som innførte Nokre Salmar av Blix som salmeboktillegg, nummer tre, for å vere heilt eksakt. Det hende i 1896. To kyrkjesokn i Overhalla i Nord-Trøndelag var tidlegare ute, i 1892.
# lagt inn 20.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.1.09

Min salme 

Vårt Land (papirutgåva) har kvar fredag ei spalte som heiter "Min salme". Denne veka er det min gode fe Terje Aarset (han treng ingen presentasjon på BlixBlog. Prøv søkjefeltet, du får temmeleg mange treff) som vel salme. Valet fell på Lyder Bruns "Gud, når du til oppbrudd kaller." "Eg 'fall' for denne salmen like mykje på grunn av tonen som av teksta," seier mannen, som er (minst) like mykje musikar som han er filolog. Da er det Sparre Olsens tone det er tale om (Norsk Salmebok nr. 838).

Neste veke er det min tur. Intervjuet med Terje i Vårt Land sluttar nemleg slik:
– Kven utfordrar du?
– Anders Aschim, Ytre Enebakk.
# lagt inn 16.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kåringar III 

Dag og Tid:
Lesarane ville ha Samtidsruinar
Tre kvinner toppa lesarlista for Årets nynorskbok 2008.

Røystinga er avslutta, og vinnaren er klar: Samtidsruinar av Marit Eikemo er Årets nynorskbok!

Dag og Tid nominerte ti bøker, og inviterte samstundes lesarane til å sjølve kome med forslag til andre nominasjonar – og avisa blei kraftig irettesett av ein stor og entusiastisk lesarskare som meinte at Inger Bråtveits roman Siss og Unn burde vere ein opplagt kandidat. Så mange var dei at Siss og Unn hamna på andreplassen bak Eikemo! Me gratulerer Inger Bråtveit.

Gunnhild Øyehaugs kritikar- og lesarrosa roman Vente, blinke plukka bronsemedaljen.
Eikemos essaysamling kom like­vel eit godt hestehovud framfor dei to skjønnlitterære bøkene, med 26 prosent av alle røystene. Elles kom både Gaute Losnegårds Norsk rutebilhistorie og Elias Blix-biograf Anders Aschims Ein betre vår ein gong høgt opp på lista, så å påstå at 2008 var eit godt år for sakprosaen, er ikkje å ta spesielt hardt i.
Det var gildt, Samtidsruinar er ei god og original og tankevekkjande bok. Og så blir det jo på ein måte i sakprosafamilien. Til mi store glede ser eg at bibelomsetjarkollega Inger Bråtveit er inne i varmen, det må vere etter ein grasrotaksjon i klasse med den som i si tid gjorde Sigurd Osberg til biskop. Påstanden om at nynorsk litteratur er ei mannfolkgreie, bør med dette vere død og gravlagd. Men eg meiner framleis at Paal-Helge Haugens Kvartett var den viktigaste nynorskutgjevinga i fjor, og at lyrikarar får altfor lite medieoffentleg sol på seg.

Takk til alle som har røysta på mitt opus, forresten. Det må jo ha vore ein og annan. Dette er òg ei form for lesarrespons, det set eg pris på.
# lagt inn 16.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.1.09

Dagens Blix 

. . . s o f t . . . (= galleriet til Norske tekstilkunstnere):
Inga Blix
15 BOKSTAVER / 15 LETTERS
15. januar - 15. februar 2009
Velkommen til åpning torsdag 15. januar kl 19

SOFT galleri inviterer til åpning av Inga Blix’ separatutstilling 15 BOKSTAVER / 15 LETTERS, der fire nye veggtepper vises. Blix undersøker i sine seneste verk bokstavenes formmessige uttrykk i sammenheng med deres betydning, eller mangel på betydning.
BlixBlog ønsker til lukke.

Inga Blix er oldebarn av Elias Blix, om nokon lurte på det.
# lagt inn 15.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

14.1.09

Blix-prisen 2008 

BlixBlog står sjølvsagt i køen av gratulantar til den som får den gjeve "minneprisen etter Emma og Elias Blix". I år (det vil seie i fjor) har eg vore treg, prisen blei delt ut 28. november 2008 til Tarald Stein. Til mitt forsvar skal det seiast at det ikkje har vore heilt lett å oppdage tildelinga her sørpå. Eg kan t. d. ikkje sjå at mitt kjære forlag Samlaget, som faktisk deler ut denne prisen, har nemnt tildelinga med eitt ord på heimesidene sine! Men det har heldigvis prisvinnarens eige forlag, Tiden:
Tiden-forfattar Tarald Stein får Blix-prisen 2008 for debutboka Framandkar.
- Det er stort å få ein slik pris for debutboka mi. Dessutan trur eg det er viktig for synleggjeringa av kjønnsvariasjon i Noreg. Eg er stolt over at det eg har skrive har blitt lagt merke til og sett pris på! Tiden forlag fortener ein stor del av æra for mellom anna den strukturelle heilskapen. Eg er óg takksam for at så mange har lest dikta undervegs og kome med konstruktiv kritikk.

Stilsikker og nyskapande
Juryen legg vekt på at Stein er den første til å bringe transkjønna røynsler inn i ein litterær samanheng, og at han gjer dette på ein stilsikker, elegant og nyskapande måte. Han får ros for overraskande biletbruk og gode metaforer og for at han vev det kjønnspolitiske og det litterære saman i ei heilskapt diktsamling.
BlixBlog gratulerer, post festum!

Tarald Steins heimeside

Tidlegare tildelingar:
2007 Sigrid Merethe Hanssen
2006 Irene Larsen
2005 Tove Myhre
2004 Trond Hellemo
2003 Tore Elias Hoel
# lagt inn 14.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

10.1.09

Sitatindeks 

I dag frå Vestlandsnytt 09.01.09:
Apropos:
Ny bok om Elias Blix

I mørketida er det godt å ha noko å lese på, og no i haust fann eg på biblioteket ein ny biografi om Elias Blix, skrive av teologen Anders Aschim.
...
Vi er alle kjende med mange av Elias Blix sine songar og salmar, heilt frå barneskulen. Nokre av dei avspeglar ei lengt mot nord, og er kanskje særleg populære der. Når så Blix vaks opp på Sandhornøya, berre ein halv times køyretur frå mi heimbygd, er det spesielt interessant å finne ut kva slags person denne kjende mannen er. Kva han har gjort og vore med på. Ein liten flik av livet hans kan verte med i eit kort apropos.
Skribenten er Gudmund Solstad. Vestlandsnytt kjem ut i Fosnavåg, Herøy på Sunnmøre.
# lagt inn 10.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Salmebokytring 

I dag frå Hordaland (Voss) 08.01.09:
For mykje nytt, for lite nynorsk
Magne Myhra sin vakre salme om skaparverket går ut. Inn kjem Carola-hits og Julekveldsvise. Og nynorskprosenten går ned i den nye salmeboka. Medan Norsk Salmebok har ei fordeling på 60-40 mellom bokmål og nynorsk, har framlegg til ny salmebok om lag 65-35.
– Det er for dårleg, slår Ivar Molde (biletet) fast. Han er fungerande prost – og nynorskforkjempar.
...
Nye diktarar avløyser dei gamle, og den store norske salmediktaren Elias Blix vert kraftig barbert i det nye salmeutvalet.
# lagt inn 10.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.1.09

Kåringar II 

Dag og Tid følgjer opp frå sist veke:
Ver med og røyst fram favorittboka di frå 2008. Du treng slett ikkje å leggje ved noka grunngjeving, men dette er kva nokre av lesarane har sagt om sine eigne favorittar så langt:

«Ein betre vår ein gong er spennande lesnad, fordi Aschim i eit lett språk, og likevel på ein grundig måte, fortel om ei vårløysing i norsk kultur.»

«Vente, blinke – ein frisk og nyskapande roman.»

«Kvartett er ikkje bare den beste nynorskboka i 2008, den vil vere i toppen blant alle bøkene gitt ut i Norge dette året.»
Da har eg altså fått ei røyst, eg seier takk for gode ord og godt selskap. Eg har tidlegare greidd ut om tilhøvet mitt til slike konkurransar. Eg tek opp att etterlysinga av Inger Bråtveits Siss og Unn.

I dag vil eg elles gratulere konkurrent Gunnhild Øyehaug med topplassering i ei liknande kåring i Morgenbladet, der lesarane har kåra Vente, blinke. Eit perfekt bilete av eit personleg indre til Årets bok, med konkurrent Marit Eikemo (Samtidsruinar) som ein god nummer to. Dei to nynorskbøkene på lista fekk altså dei to første plassane. Eg overlèt til sportskommentatorane å tolke resultatet, men det må vel tyde at det står bra til med nynorsk litteratur.
# lagt inn 9.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.1.09

Dagens Blix-sitat 

er henta frå Sunnmørsposten:
"Vårt heimland i mørke lenge låg, Og vankunna ljoset gøymde. Men, Gud, du i nåde til oss såg, Din kjærleik oss ikkje gløymde: Du sende ditt ord til Norges fjell, Og ljos over landet strøymde".
Kvar søndags morgon toner melodien og teksten til denne kjære Elias Blix songen, frå P1 radioen. Men det er vel mange som har spurt seg sjølv: Kor lenge blir det før "gufset" blir for sterkt for kunnskapsministeren. Han reknar no med å ha fått reinska den norske skulen for gufset frå kristendomsopplæringa.
Det er pensjonert sosialsjef i Haram, Robert Seth, som er uroleg for framtida til fedrelandet og kristendommen. Personleg er eg noko meir optimistisk.
# lagt inn 7.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

6.1.09

Blix i bakken 

Avisa Lindesnes i bildetekst til saka "Nyter hver millimeter. Frøysland barnehage nyter snøen før den forsvinner om noen dager": "Elias Blix (5) holder stø kurs og har full tillitt fra Isak Uleberg (4) som sitter bakpå."
# lagt inn 6.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.1.09

Dagens Blix-allusjon 

Vinnaren er Klassekampen. Overskrifta "Nytt liv av daude gror" handlar om - hald deg fast - zombie-fenomenet.

Om du skulle ha kome til å gløyme det no midtvinters (utetermometeret kraup ned mot minus tjue her i skogen i morges): Opphavet til sitatet er vårsalmen over alle, "No livnar det i lundar".

Elles gjer dei verkeleg døde - og såra - sterkare inntrykk i dagens utgåve av Klassekampen. Sjølv folk som meiner å ha eit balansert syn på Palestina-konflikten (den er meir samansett enn slagorda tillet) må ta skarp avstand frå ein militæroffensiv som fører til så store sivile tap som den pågåande israelske invasjonen i Gaza.
# lagt inn 5.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.1.09

Blix ved juletid 

Ein liten klipperunde i norske lokalaviser. Nordfrå skriv Nordlys 24.12.08 i ein artikkel vigd Trygve Hoffs "Nordnorsk julesalme":
Den nordnorske julesangtradisjonen er mer mangfoldig enn vi kanskje tror. Et raskt søk i historien bringer oss helt tilbake til Petter Dass med «Christi naaderlige fødsel». Så kommer Elias Blix med sin «Kling no klokka», som Kine Hellebust for ikke lenge siden spilte inn på plata «15 salmer og ein song».

Vår egen julesalme
– Her hørte selvsagt «Kling no klokka» med. Den er vel også blant Blix mest kjente salmer, sier Hellebust som også har forhold til Nordnorsk julesalme.
– Den blir man grepet av. Jeg kjente Trygve Hoff og ante ikke at han hadde skrevet denne sangen før jeg ble kjent med den for om lag 10 år siden. Den er vakker, og er vår julesalme framfor noen, sier tekstforfatteren som aldri har selv forsøkt seg på julesanger.
Det er det svært få nålevende tekstforfattere i nord som har gjort. Halvdan Sivertsen er unntaket med «Josefs julevise». Samt tekstforfatter og komponist Ivar Thomassen fra Alta som har skrevet en ukjent liten perle «Lysfest». Den er av lokale kor i Alta tolket inn i adventen og framført på julekonserter.
Eg fekk forresten eit fint korarrangement av "Nordnorsk julesalme" som julehelsing - frå Sunnmøre.

Trønder-Avisa 24.12.08:
Sjangerskiftene er hyppige og flere av arrangementene nyskapende. Ensemblets vare framføring av Elias Blix` julesalme «Kling no, klokka» kom ikke lenge før Trond Aasan på vokal og fele i lag med damene gjorde en sjelden tolkning av Hans Rotmos «Isogaisa».

– Vi finner låter vi liker og justerer etter hvem som er med, opplyser
Trond Aasan. Han deltok på sin tredje adventskonsert med Fjellklang.
Høvet er konserten 4. søndag i advent i Stordalen kapell, Meråker. Musikarane har tilknyting til grenda.

Oppland Arbeiderblad 24.12.08 rapporterer frå konserten med "Landslaget" med solistar og treblåserarar i Hov kyrkje (i Land, sjølvsagt) måndag før jul, mellom anna med Blix-salmen "Sæle jolekveld" på repertoaret.
# lagt inn 3.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.1.09

Segtnan II: Politikk 

Det eg kanskje var mest spent på i bokmeldinga til Jon Segtnan i Historisk Tidsskrift, var responsen på handsaminga mi av Blix som politikar. Her har Segtnan sjølv spesielt mykje kunnskap og kompetanse. Til mi store glede er han positiv.

Mot eitt punkt rettar han velgrunna kritikk: Han synest eg tek for lett på innsatsen til Blix i soknerådssaka, lovframlegget som førte til Sverdrup-regjeringas største politiske nederlag og som var den viktigaste enkeltfaktoren som førte til splitting av regjeringa vinteren 1888. Det er ikkje heilt rett når Segtnan (s. 717) skriv at "[f]orfattaren går ikkje inn på Blix sin dissens i 1886", den er nemnt (men ikkje analysert) på s. 345-346. Men eg skal innrømme at t. d. odelstingsdebatten i juni 1887 hadde fortent meir plass og analyse.

Eg trur eg vil sende ballen attende til Segtnan når det gjeld denne saka. Den er svært komplisert, her haglar det med kryssande interesser og vikarierande motiv frå ulike aktørar.

Mi oppfatning er altså at Blix svært halvhjarta la fram proposisjonen våren 1887 og forsvarte den i Odelstinget, meir av lojalitet enn av entusiasme. Dette var i all hovudsak eit Sverdrup-prosjekt, som Jakob Sverdrup hadde arva frå far sin (og bror til Johan Sverdrup), sokneprest H. U. Sverdrup. Terje Ellingsen har skrive godt om denne debatten, men eg trur ikkje siste ord er sagt på ei god stund enno. Mellom anna finst det eit omfattande apologetisk dokument i Jakob Sverdrups Nachlass der han gjer greie for denne saka (i si karakteristiske og tungt leselege handskrift). Dette er verd ei eiga studie, den kan Segtnan skrive minst like godt som eg.

Til slutt: I samband med politikaravsnittet skriv Segtnan: "Energisk og med pågangsmot har teologen kledd seg i historikarens gevantar." Lese med vrangvilje kan denne utsegna tolkast som eit snevert syn på historiefaget, historie = politisk historie. Eg trur ikkje det er slik meint, men eg vil gjerne presisere at eg meiner å ha lånt historikarens gevantar gjennom det meste av framstillinga mi, også dei som er meir kultur- og sosialhistorisk prega.

Med dette takkar eg Segtnan for hyggeleg respons og faglege utfordringar.

Historisk Tidsskrift
Segtnan I: Salmar
Segtnan II: Politikk
# lagt inn 2.1.09 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?