<$BlogRSDUrl$>

31.10.05

Dagens Blix 

Giv Gud den Æra, han skal hava, / Og Kongen den, han hava skal,
So skal Guds Fred og Lukka lava / Paa Landet ned som Dogg i Dal.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 135

Elias Blix feira bededag om våren, ikkje om hausten, så i går var det 23. sundag etter treeining (24. sundag etter pinse). Denne lite kjende salmen kan gje opphav til mange slags refleksjonar. Ved første augekast er den eit evangelierim over sundagens evangelietekst, den om å gje keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er. Ved grundigare gjennomlesing er den ein katekismesalme over det fjerde bodordet, det om å heidre far og mor, i katekismetradisjonen og ikkje minst hos Pontoppidan utvida til å omfatte lydnad mot styresmakter og arbeidsgjevarar. Luthersk-ortodoks tradisjon har tidvis vore lojal inntil det servile andsynes styresmaktene.

Under riksrettstida tidleg på 1880-talet var denne evangelieteksten, og denne sundagen, tidvis nytta til propagandaføremål av konservative, kongetru, parlamentarismekristiske geistlege, slike som stod bak det famøse oppropet "Til Christendommens Venner" vinteren 1883. Denne salmen er skriven om lag 1890 av ein som ikkje hadde noko med oppropet å gjere, men som tvert om stilte seg til teneste for det første parlamentariske ministeriet. Det skulle ein ikkje tru.

Og det er meir enn ein kuriositet at Oslo-rabbinaren Meyer Aschkanaze har omsett nett denne salmen til hebraisk. Det fortel noko om integreringsviljen hos eit for Noreg på denne tida nytt og framandt trussamfunn.

Heile salmen
Kjelde for bibelteksten: Bibelen.no
Sist sundags Blix
# lagt inn 31.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

30.10.05

Avlyst 

"- Nynorsk kultursentrum må dessverre avlyse salmekvelden som skulle vere i Aasen-tunet måndag 31. oktober grunna sjukdom."

Les meir.
# lagt inn 30.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

29.10.05

Grannar 

I 1885-86 hadde familien Blix bustad i det norske Ministerhotellet i Stockholm, med gateadresse Hofslagaregatan 4. Nett no er det byggetomt der, totalrenovering av bygningen (ikkje den gamle til Ministerhotellet, den blei riven i 1910, men den som blei bygd etterpå).

Det var litt av eit grannelag der ute. Like ved, ytst på Blasieholmen (som ikkje er ein holme, men ei halvøy), ligg Nationalmuseum (bygd 1866). Andre vegen ligg eit anna monumentalbygg, Grand Hôtel (bygd 1874). Både Grand, den eine fløya til Ministerhotellet og Nationalmuseum ligg ved Södra Blasiiholms hamnen, på Norrström-sida av Blasieholmen, med utsikt mot Kungliga Slottet. Det noverande Riksdagshuset fanst ikkje enno, det er bygd i løpet av åra 1897-1905. Derimot såg dei Stockholms gamle operahus, Kungl. Teatern godt (det blei rive mot slutten av 1800-talet for å gje plass til det noverande operahuset), og S:t Jakobs kyrka, som var og framleis er den lokale soknekyrkja.

På baksida av Ministerhotellet gjekk Blasiiholmsgatan. Her låg Nya Teatern, den noko spesielle Blasiiholmskyrkan - svensk luthersk kyrkje utan geografisk kyrkjelyd og kyrkjebokføring, og Svenska Frimurare Orden. Ved Norra Blasiiholms hamnen låg Kungl. Musikaliska Akademin.
# lagt inn 29.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.10.05

Stockholm 2 

Rapport frå dag 1: Byvandring i strålande ver, särleg på Blasieholmen, der det norske ministerhotellet låg (mellom Grand Hotel og Nationalmuseum), med utsikt mot slottet, Riksdagen og operaen. Ein tur innom Moderna Museet også, eg har ikkje vore der för.

Så var eg i Stockholms Stadsarkiv, ikkje mykje, men eit par interessante funn.

I dag skal eg på Kungliga Biblioteket. Og så kjem eg heim.
# lagt inn 28.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.10.05

Stockholm 

I går avslutta eg tre svärt effektive Uppsala-dagar. Hans-Olav Mörk og eg har vitja det svenske bibelselskapet, som har gjennomfört eit enda större bibelomsetjingsprosjekt (Bibel 2000) enn det vi er med på i Noreg (eg har visst ikkje nemnt det, men nytt norsk nytestamente blir lansert 16. november). Det var svärt nyttig, og svärt hyggeleg, vi hadde eit flott vertskap i Christer Åsberg og Kjell Hognesius, sentrale personar i arbeidet med Bibel 2000. I går ettermiddag rakk eg til og med nokre timar på handskriftsamlinga ved Uppsala Universitetsbibliotek. Eg fann ikkje så mykje, men eit par gullkorn har eg med meg heim.

I dag er det Stockholm, veret er strålande og eg skal ut og gå. Blix budde her i byen i året 1885-1886, som medlem av den norske statsrådsavdelinga (har du lese Odd I. Skjäveslands Ministerhotellet? Det skulle du gjere). Så skal eg finne fram til aktuelle arkiv og bibliotek, mest for å förebu eit lengre besök til vinteren ein gong.
# lagt inn 27.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

24.10.05

Uppsala 

BlixBlog er i eksil i Sverige for nokre dagar, först på gjesting hos det svenske bibelselskapet i Uppsala, seinare i Stockholm.
# lagt inn 24.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

23.10.05

Nye nynorske salmar 

Det er snart kyrkjemusikkveke i Volda. MÅNDAG 31.OKTOBER kl. 19.00-20.30 held Bjørn Kvalsvik Nicolaysen fordrag i Salen, Ivar Aasen-tunet, Hovdebygda, over emnet: Nynorske salmar frå Blix til i dag. Samtidig lyser Nynorsk kultursentrum og Volda kyrkjemusikkveke ut ein salmekonkurranse for nynorske feiringssalmar.

Les meir.
# lagt inn 23.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Dagens Blix 

Livet lid, til Kvelds det hallar, / Snart det slokna vil i Grav.
Dagen kjem, daa Gud deg kallar / Til aa svara paa hans Krav:
Daa du fram til Doms skal fara, / Greida fyr di Gjerd paa Jord
Og fyr all di Synd maa svara, / Synd i Tanke, Gjerd og Ord..

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 133

Observante lesarar vil registrere eit stort hopp i nummerrekkefølgja sidan sist sundags Blix. Det skuldast dels at eg ikkje har fått somla meg til å blogge ein salme som høyrer førre sundagen til, dels at i Nokre Salmar kjem helgemessedagen mellom 21. og 22. sundag etter trieining.

Denne alvorssalmen har i Norsk Salmebok fått plass mellom salmane for siste sundag i kyrkjeåret, domssundagen (nr. 255).

Denne salmen er ikkje eit reint evangelierim, men den er i høg grad bygd over motiv frå evangelieteksten, Matteus 18,23-35, som dei "ti Tusund Pund" i slutten av strofe 2, gjeldsfengsel-institusjonen i strofe 3 og tilgjevings-motivet i siste strofe. Men Blix spelar på andre bibelske strengar også, "Um du vil paa Misgjerd merka, / Gud, kven kann daa standa seg?" siterer Salme 130,3 (De profundis).

Eitt ord snublar eg i. I siste strofe førekjem linja: "Lat di Miskunn i oss liva / So me Skyld forlata maa."

Om eg er rett informert (av Aasen), finn ein både "skuld" og "skyld" i nynorsk, men det siste berre i samband med matrikulering (landskyld). I nyare tid (Nynorskordboka) ser eg at "skyld" også kan nyttast i tydinga "skuld, gjeld, ansvar".

Dette var eg ikkje klar over, her lar eg meg gjerne informere: Meinte Blix å skrive "skuld"? Men "skyld" overlevde både Nynorsk Salmebok og Landstads reviderte, først Norsk Salmebok har "skuld".

Heile salmen
Sist sundags Blix
# lagt inn 23.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.10.05

Løvland-nytt 

Melding av Jørgen Løvland: Vår første utanriksminister i Fædrelandsvennen 12.10.2005
Intervju med forfattaren, Per Eivind Hem, i Østlands-Posten17.10.2005

Meir om Løvland
# lagt inn 20.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix og Fram V 

Til slutt i denne vesle serien, eit av dei mange gullkorna eg har fått frå Terje Aarset. Målrørslas største doldis, Steinar Schjøtt (mannen bak den omstridde Snorre-omsetjinga) gav eit intervju (noko han svært sjeldan gjorde) i For Bygd og By 18. januar 1920. Eg saksar denne svært interessante sekvensen:
"Var De noko ilag med Fjørtoft?"
"Mangfaldige gonger. Eg lika han godt, endaa han var mykje meir radikal enn eg var dengongen."
"I maalspursmaale og?"
"I det og ja. Men vi var mykje i lag. Tala m. a. mykje um religiøse spursmaal; der var me samde. Han var altid misnøgd med at det vart gjort for lite. Masa med at ein skulde ofre. Igrunnen var han munter og livsglad, kunde ta 'et bæger,' men helst kaffi - endaa um natta drak han kaffi. Snild og godsleg og fælt fatig. Ja, han var snild og godsleg mot alle, Blix undanteke. Han kalla Blix ein aandstyrann. Elles var han vanleg moderat i det han sa um folk. Til eksamen tente han bra med manuduktionar, men var jamt daarleg klædd. Dei siste aari raaka eg han ikkje. Han hadde eit apostolisk ytre, vondt var det ikkje i'n, og hykle kunde han ikkje. Dogme um Kristi guddom gjorde han gjøn med. Kristoffersen hev skrive um det i "Paa Forpost", og eg tala mykje med Garborg um det, daa han arbeidde med "Bondestudentar" --
Andre tonar om Elias Blix enn på valmøtet i desember 1872, altså. Der var Blix den som kunne vise "Rettvise mot alle Parte". Eg samlar på negative karakteristikkar av Elias Blix, dei er svært sjeldsynte i litteraturen. Kva ligg attom uttrykket "åndstyrann"?

Ei side av saka kan vere personleg motsetnad. Det er grunn til å tru at Blix var lite begeistra for Fjørtoft si "outing" av namnet til forfattaren av Nokre Salmar. Men mest trur eg (ja, dette er spekulasjon) at den skriv seg frå ei side ved Blix som av og til kjem fram både i Samlaget og i andre samanhengar: Når det kom til diskusjon om truverdet til Bibelen eller den kristne dogmatikken, stod Blix for svært ortodokse haldningar, og dei var den milde Blix i stand til å uttrykke på måtar som kunne vere ubehageleg tydelege.
# lagt inn 20.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Blix og Fram IV 

I ettertid har historikarane til målrørsla tona ned (for ikkje å seie bagatellisert) Fram-krisa i 1872. Såleis Torkell Mauland i Syn og Segn 1908, s. 234:
Striden med "Framkararne" høyrer me ikkje meir til innan samlaget. Det gjekk so, at "Heimskringla" seinare kom ut fraa samlaget, og at ellest det meste av dei tankarne som "Fram-kararne" stræva fyr, arbeidde seg inn i maalet, men paa ein annan maate enn dei tenkte aa taka det.
Olav Midttun, same blad, 1919, s. 286-287:
Det er ogso eit anna spursmaal det har vore noko ugreide med. Det er den vesle[!] striden det er fortalt um millom Berner og medstyrarane hans Horst og Fjørtoft i 1871 og 72. Horst og Fjørtoft hadde reist ein svær strid mot Ivar Aasens normalform, og "vilde kasta ut mange daude bokstavar og beinka rettskrivingi meir etter talen paa Austlandet." Det kunde etter dette sjaa ut som Berner var ein streng vakthaldar um Aasen-normalen, og ikkje hadde mykje til overs for bygdemaali og austlandsmaalet. Men so var det ikkje. ... Det var soleis ikkje so stor prinsipiell skilnad millom Horst-Fjørtoft og Berner um skriftformene. Men medan han kunde vera med paa at eit "landsmaal" eller normalbokmaal laut taka meir umsyn til dei levande bygdemaali og serleg til dei austnorske maali, var han heilt imot aa sprengja heile normalmaalet sund og berre setja bygdemaali i høgsætet. ... Kan henda hadde han og Fjørtoft baae to vore noko framfuse og stride, kvar paa si vis, so dei ogso personleg hadde vandt for aa arbeida saman. Visst er det at han paa aarsmøtet i samlaget i 1872 sa fraa seg formannsromet, av di han ikkje kunde arbeida saman med dei to andre medstyrarane. Men han slapp ikkje; han vart attvald til formann, og fekk nye medstyrarar.
Dei sistnemnde var altså Elias Blix og Hans Ross. Vel, det stod på temmeleg hardt ei stund.
# lagt inn 20.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

17.10.05

Blix og Fram III 

Og så var det "Fram-krisa" i Samlaget: 15. september 1871 held ein ekstraordinært årsmøte i Samlaget for å halde val. Dagblad-redaktør og Samlags-gründar Hagbard E. Berner held fram i det leiarvervet han har hatt heile tida. Med seg får han den unge filologen Hans Jacob Horst (1848-1931), Tromsø-gut og seinare markant venstrepolitikar, og Olaus Fjørtoft. Blix har reist til Tyskland, så plassen hans i domsnemnda må fyllast - med ein annan "Fram"-kar, realisten Jakob Hjelmeset (1849-1877).

Det blei eit stormfullt år, med mange konfliktar i leiinga. Dei kom fram i fullt dagslys på årsmøtet (eller valmøtet) 6. desember 1872. Eg skal ikkje gjere forsøk på å referere, heller ikkje på å skifte sol og vind. Det var prinsipiell og sakleg usemje mellom Berner-fløya og Fjørtoft-fløya, noko som særleg kom til uttrykk i diskusjonen om Steinar Schjøtts (1844-1920) omsetjing av Snorre. Schjøtt la seg på ei målform som veik noko av frå Aasen-normalen.

Fjørtoft publiserte eit langt og detaljert referat frå dette møtet i Fram. Det fyller heile 43 trykksider i bladet. Det er ikkje så lett å få tak i, så eg har transkribert referatet og lagt det ut her (åtvaring: Korrektrulesinga vil eg ikkje garantere [20.10.2005: Ikkje korrekturlesinga heller, der kan du sjå ...]). Sjølv om store delar er eit stenografisk referat av møtet, er det grunn til å lese referatet kritisk, det er tendensiøst. Berner kjem ikkje heilt godt frå dette, her er mykje vikarierande argumentasjon. Men særleg gjev referatet eit samansett bilete av Fjørtoft sjølv, talar, logikar, kranglefant og sunnmøring.

Møtet utvikla seg til full konfrontasjon mellom Berner og Fjørtoft/Horst. Så kjem valet. Begge fraksjonar er viljuge til å ta attval - men det er "anten vi eller dei". Fjørtoft blir lansert som leiarkandidat, men gjer eit overraskande trekk:
Fjørtoft va rædd, han inkje kunde samle so maange om seg, han kunde verte vald, og fyr dæ vilde han nemne Hr. Blix. Aa faa ut Snorre Sturlason va fyr hono dæ vigtugaste. Han hadde nokk skjyna, at Folk va rædd hono ette dæ Skrik Blaa hadde lyfta mot Fram, og at maange helt han fyr ein Rothoggar, og sjøl hadde han nokk og skjyna, at duglegare og høvelegare Folk maatte finnast hell han te Formannsposten. Men Hovusaka va fyr hono aa faa sturta Berner, som han beint ut vilde seie, hadde svike Maalsaka, som han korkje kunde ell vilde lyfte ein Finger fyr, men berre sto i Vegen fyr av Hat te dei yngre, som hadde vaaga aa kny mot denne Maalmanns-Stang. Dei hadde daa sett in sine Taanka paa den Sak, som han saag dæ ut te bere bruka som alle hine Sake, han e Formann fyre, trøytt som han maa vere mæ aa greie seg som Dagblassmannen, og daa hadde Talaren funne, at dæ va inkje storvyre ta hono aa staa fram te Formannsstolen, all den Dag dei ingen anen fann, som ellest vilde gjere dæ. Dei hadde sport Hr. Værenschjold, som alle herinne visste va Mannen. Men denne smaalaatne Mann, som paa den Sak hadde offra baade Penge og Arbei fraa den fysste Dag, synte dæ seg no hell inkje vilde tre fram. Hr. Kand. theol. Blix, som inkje va sams mæ dei korkje i maalvegen ell paa andre Baua, maatte dei vere dei fysste te aa ta ette Værenschjold, for der visste dei va ein Mann baade mæ Hug og Dug, som kunde syne Rettvise mot alle Parte. Han hadde dei og trutt, dei trygt kunde lite paa, vilde føre fram te Aalvor deira Taanke mæ Snorre, som dei og visste han va mannen te aa by Bonden Gussore paa Maale hass. Dei vilde gjerne ha tekje han te Formann, og naar dei kunde ha fengje Ross mæ i Styre og Berner vekk, so dæ vart heilt Samarbei, so vilde dei mæ fysste Ore ha vekje Plassen. Men dei hadde trutt, at Blix her inkje vilde staa fram mot Berner, naar han sjøl inkje hadde so mykje Vit, at han skjyna Blix maatte vere den Mann, alle Fylkinga trygt kunde lite paa. Soleis hadde daa Talaren sjøl stie fram te Formannsposten. Dei hadde nokk og skjyna kor dæ vilde gaa, men dei hadde tenkt aa gaa ærlegt fram, og dæ hadde dei inkje tenkt noken skulde la dei høyre ilt fyre. – Men daa, han va rædd, han inkje kunde kome fram, so vilde han be dei, som hadde Snorre kjær aa stemme paa Blix og inkje kaste vekk si Stemme paa han.
Det blei ikkje noko av denne planen. "Blix kunde inkje ta mot Formansposten", Fjørtoft stilte til val - og tapte. Deretter blei Elias Blix og Hans Ross valde inn i styret i staden for Horst og Fjørtoft. Fram-fløya tapte slaget om samlagsstyret. Kan hende var valet av kompromisskandidatane deira til styret, Blix og Ross, eit plaster på såret.

Men det skulle ikkje bli siste gong Blix blei lansert som kompromisskandidat til eit tillitsverv.

Referat frå Samlagsmøtet 06.12.1872 i Fram
Blix og Fram II
Fram I
# lagt inn 17.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

16.10.05

Dagens Blix 

Mitt Hjarta, tru med Tryggje / Paa Ordet av Guds Munn!
Paa dette Berg du byggje: / Det er so god ein Grunn!
Um Jord og Himlar falla, / Guds Ord daa aldri fell.
I Tru paa honom kalla! / So stend du som paa Fjell.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 129

Denne salmen er mellom dei Blix publiserte i bladet Nordmannen i åra 1889-1891. Den stod på trykk 6. november 1890, med overskrifta Fyrst tru, so skal du sjaa. Her skuldar eg å gjere merksam på ein lite kjent tolkingsnøkkel til Blix-salmane. Blix sette slike tematiske overskrifter over dei fleste salmane sine (høgtidssalmane unnateke). Ein finn dei i dei tre første salmehefta, i 1883-utgåva, i salmane han publiserte i aviser og tidsskrift, i Salmar og Songar(1900) og, ikkje minst, i manuskripta hans (Nasjonalbiblioteket i Oslo). Men i 4. utgåve av Nokre Salmar tok han dei bort. Denne boka er nemleg disponert etter kyrkjeåret, så her står det berre til overskrift kva for sundag den enkelte salmen høyrer til.

Det skulle vere ei interessant oppgåve å gå systematisk gjennom Blix sin bruk av overskrifter. Det finst gode tekstlingvistiske reiskapar for slikt arbeid, og eg trur det kunne vere noko å lære av det. Noko for studiet av nynorsk skriftkultur i Volda?

Vel, første verset av denne salmen er framleis å finne i Norsk Salmebok (559), med ein ny tone av Knut Nystedt. Den opphavlege tonen er den same som "Velt alle dine veier".

Heile salmen
Sist sundags Blix
# lagt inn 16.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

15.10.05

Blix og Fram II 

Olaus Fjørtoft kom til Kristiania hausten 1866. Den elleve år eldre Elias Blix hadde nett teke embetseksamen. Dei var begge med på skipinga av Det norske Samlaget i mars 1868. Det er den første kontakten eg kan dokumentere. Fjørtoft var aktiv både her og i Studentersamfundet, og særleg dei første åra på 1870-talet blei han eit samlingspunkt for opposisjonsgrupper begge stader.

Svært interessant er ein passasje frå Fjørtofts kjende pamflett Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn, som blei gjeven ut som bilag til eit av dei første hefta av Fram 8. juli 1871. Heftet blei mellom anna sendt til alle bondevenn-foreiningane, den politiske rørsla som samla seg om Søren Jaabæk nett på denne tida.

Fjørtoft agiterer kraftig for målsaka, men ikkje i kva form som helst. Han er svært kritisk til mange av forsøka i landsmålet, ikkje minst har han spark til bergensarane i Vestmannalaget og forsøka på å opplive gammalnorske ord og former. I grunnen er det berre Aasen og Vinje som held mål i vurderinga hans, dei har nemleg kontakt med det levande talemålet på bygdene. Ja, og så kjem han på eit unntak til frå regelen:
Do maa eg ta unda ein prestlærd Mann, som heite Blix, som hev skrive nokre gilde Salma, som hev vorte vel mottekne over heile Lande. Han skriv Norsk, so kvar Mann kjenne paa Flekken, at ein hev mæ ein norsk Maalmann aa gjera. Men han e og Bondegut.
Ein svært hyggeleg attest for forfattaren av Nokre Salmar, kunne ein tru. Men sannsynlegvis var den alt anna enn velkomen. Forfattaren hadde nemleg lagt stor vekt på å få vere anonym (sjå brevet frå John Klæbo 29.04.1869, som eg tidligare har sitert), og det var blitt respektert, diskresjon var ei dygd mellom målrørslas gentlemen. Så vidt eg veit, er Fjørtoft den første som bryt anonymiteten, ikkje berre denne eine gongen, men ved minst to høve seinare i Fram. Utan velsigning frå opphavsmannen, den var det først Karl Seip, utgjevaren av den kjende viseboka, som fekk. Året var 1884.

Indiskresjonen gjorde neppe stor "skade", og Blix fôr utanlands like etterpå. Men ein må vel tru at Blix kom til å sjå på Fjørtoft med ein del mistru. Så sterke ord som Hagbard Berner nytta han nok likevel ikkje. Berner skreiv til ein ven om tilhøva i Samlaget: "Fjørtofts Sjofelisme har gjort al Ytringsfrihed i Møder umulig, da man har Erfaring for hvorledes han med Brud paa al Sømmelighed og med den frækkeste Foragt for Sandheden offentliggjør hvad der behager ham".
# lagt inn 15.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Fram I 


BlixBlog har tidlegare hatt gåande ein liten serie om Blix og Garborg. Nett no held eg på å arbeide med den såkalla "Fram-krisa" i Det norske Samlaget 1871-72. Det er eit bra høve for å drøfte forholdet mellom Elias Blix og ein annan markant figur i målrørsla, den konsekvent opposisjonelle Olaus Fjørtoft (1847-1878).

Fjørtoft er interessant av mange grunnar. Det verkar som han var noko av ei psykologisk gåte sjølv for sine beste vener, han hadde ei eiga evne til å støyte folk frå seg, og ikkje berre motstandarar. Individualist, vil somme seie, einstøing, vil andre kalle han. Romanen Paa Forpost av venen Kristofer Kristofersen (1892) kan lesast som eit forsøk på å forstå desse sidene, hovudpersonen Olav Toft er eit portrett av Fjørtoft (det obligatoriske atterhaldet til skjønnlitterære skildringar som historiske kjelder kan få nøye seg med denne parentesen).

Fjørtoft utfordra med sin radikalitet, både politisk, religiøst og språkleg, og blei vel av dei fleste i samtida avvist som ein rabulist. Ivar Aasen talar i eit brev (1872) om "ymse Galningar, som berre riva ned og inkje byggja upp", med tydeleg adresse til kretsen rundt O. J. Fjørtoft. I teori og praksis stod Fjørtoft for eit radikalt talemålsnært fornorskingsprogram, i opposisjon til den språknormalen Aasen hadde utvikla.

Olaus Fjørtoft fekk klengjenamnet "Fram" (som han også ber i Garborgs Bondestudentar), og han gav ut eit tidsskrift med same namn i åra 1871-1874.
# lagt inn 15.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nobelprisen 

Eg har leita eit par dagar etter eit høve til å kommentere tildelinga av Nobels litteraturpris til Harold Pinter. No fann eg halmstrået hos Det Norske Samlaget (som Blix var med på å skipe): "Harold Pinter vart 13. oktober tildelt Nobelprisen i litteratur. Samlaget er dei einaste som har gitt ut Pinter på norsk, skodespela Kjøkkenheisen / Landskap / Stille / Natt / Ingenmannsland / Av jord er du komen vart omsett av Bjørn Endreson, Jon Fosse og Einar Økland i 2001."

Og dette var på høg tid. Nobelpris skulle Pinter hatt for tretti år sidan.

Les meir.
# lagt inn 15.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

11.10.05

Sandefjord 

Sandefjord bibliotek er staden for den som er interessert i "Politikaren Jørgen Løvland og 1905". Per Eivind Hem kåserer i kveld kl. 19.30.
# lagt inn 11.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.10.05

Dagens Blix 

Synd og Sorg er Systkin-Ord, / Fylgjast jamnan her paa Jord.
Synd fraa Gud oss heve skilt, / Difyr lid vaart Hjarta illt:
Hjartat, som fyr Gud er skapt, / Syrgjer, naar det Gud hev tapt.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 128

"20. Sundag etter Trieinings-Helg" (21. sundag etter pinse) har ingen eigne salmar i 4. utgåve av Nokre Salmar, berre tilvisingane:
Sjaa: Or Høgdi ned i Verdi skin. No. 12.
Og: Salmarne paa 2. Sundag etter Tr.-Helg. [dvs. denne og denne]
Det passar bra, da får eg tid til å sitere den andre salmen frå førre sundag. "Synd og Sorg er Systkin-Ord" har vore med heilt sidan det flotte 1875-heftet.

Heile salmen
Tidlegare kommentarar: 1875-, 1883-utgåva
Sist sundags Blix
# lagt inn 9.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

8.10.05

Støylen 

I dag fekk eg ei gild sending frå Eirik Helleve ved Ivar Aasen-tunet: Nokre kopiar frå Nynorsk Vikeblad for 1936 som, i tillegg til ein søt og tidstypisk Blenda-reklame, inneheld stoff omkring 100-årsjubileet for Elias Blix. Mellom anna skreiv biskop dr. theol. Bernt Støylen ein interessant biografisk artikkel. Støylen blei student same året som Blix blei professor (1879), og han var ein av dei første studentane som hadde Blix som sin "privatpræceptor". Det fanst ei personleg mentor-ordning i dei dagane også, sjølv om den nok helst fungerte på papiret. Det er altså sjølvopplevd når Støylen skriv:
Han lærde då dei theologiske studentane hebraisk og so heldt han og forelesingar um nokre av bøkene i Det gamle testamente. Me som hadde han til lærar, vart glade i han og lærde mykje av han. Tankane hans var so klåre og ordleidingane var so skynlege og greie, endå når han tala um dei vandaste emne. Me vart alltid so venleg mottekne når me kom til han, og han var so skynsam og varsam i all si ferd, so ein kjende seg so trygg og heimsleg når ein var saman med han.
Støylen er elles mellom dei viktigaste arvtakarane etter Blix, som salmediktar og salmebokutgjevar (Nynorsk Salmebok).
# lagt inn 8.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Clausen 

Helge Blix, son nr. 2 hos Emma og Elias Blix, blei fødd 23. februar 1877 og døypt i Gamle Aker kyrkje 8. juli. Fadrar var Karl og Vilhelmine Olsen, Lucie Erichsen og Georg Ferdinand Clausen.

Strategiar ved fadderval kan fortelje ein heil del om ein familie (det har sikkert Guffen tenkt mykje på i det siste). I tilfellet Helge Blix er dei tre første greie: Karl og Mina (Vilhelmine) Olsen er onkel og tante (søster til mor Emma med ektemann), Lucie Erichsen er ein litt fjernare slektning på morssida, ho gjekk berre under namnet "tante Erichsen" i familien.

Men kva relasjon hadde Blix-familien til kongeleg fullmektig, cand. jur. G. F. Clausen? Det skulle BlixBlog gjerne ha visst. Forslag er garantert plass i bloggens sladrespalte (eg innser at interessa for 130 år gammal sosietetssladder kan vere avgrensa, men eg ser ikkje bort frå at den eksisterer).

Om Clausen veit eg følgjande (frå folketeljingane 1865 og 1875, pluss Universitetets studentmatrikkel): Han var fødd 09.04.1827 i Oslo eller Aker (og altså 9 år eldre enn Elias Blix), var son av Birthe og Lorentz Clausen, faren var "Marketenter" - det vil seie vertshushaldar, fullmektigen var ugift og budde i 1875 i Torvgade 30 saman med ei ugift søster, Vilhelmine Birgitte, f. 1820. Clausen tok juridikum i desember 1847 med haud i hovudkarakter. Kva departement han arbeidde i, veit eg ikkje.
# lagt inn 8.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

7.10.05

Blix-glede 

Om det finst eit Blix-perspektiv på tildelinga av Nobels fredspris? Sjølvsagt!
# lagt inn 7.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

5.10.05

St. Olav 

Bergens Tidende i dag: "Forfatteren og dramatikeren Jon Fosse (46) er utnevnt til kommandør av den kongelige norske St. Olavs Orden. Ordenen får han først og fremst for sine teaterstykker som spilles over hele verden."

BlixBlog gratulerer så mykje. Utnemninga er dessutan eit strålande påskot til å sitere dette brevet frå statsråd Jakob Sverdrup (p. t. Stockholm) til statsråd Elias Blix (p. t. Kristiania), datert 23.01.1885:

"Det glæder mig, at den gamle [onkel & statsminister Johan Sverdrup] bærer "Storkorset" med Taalmodighed, ogsaa vi har faaet vor Del af Skjæbnen. Richter fortalte os, at Kongen først havde tænkt at dekorere det hele Raad, men saa fandt han, at dette dog ikke vilde tage sig ud i Aviserne, og han besluttede derfor nu kun at overfalde os tre [dei norske statsrådane i Stockholm], mends I andre skal udstaa til senere. Vær vis paa, Du undgaar ikke Din Skjæbne!"

I Venstre var det stor skepsis mot St. Olavs orden og alt hans vesen - heilt til ein kom i regjeringsposisjon. Kongen meinte vel at statsrådar ikkje var anstendig kledde utan ein St. Olav. Blix fekk sin same sommaren. 09.06.1885 skriv Jk. Sverdrup til Blix, som er på veg for å ta over etter han i Stockholm: "Ved Din Hidkomst skal Du dekoreres med St. Olafsordenen saa foræller Rygtet. Arctander trues af den samme Skjæbne."

Jon Fosse er i godt selskap. Blix blei riddar i første omgang, men han fekk kommandørkors seinare, i 1900.
# lagt inn 5.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.10.05

Døgnflugesalmar 

"- Vi ønsker også at det skal være åpent for ”døgnfluen” i gudstjenesten, sier Erik Hillestad til Musikknytt i NRK P1.

Hillestad leder plateselskapet Kirkelig Kulturverksted, og vil åpne gudstjenestene for populære sanger som folk flest har et forhold til."

Les meir på NRK.no - Musikk.

Eg har ikkje noko imot verken Alf Prøysen (han har jamvel skrive ein "ungkars-salme") eller Erik Bye. Og det kjem nok andre røyster som vil syngje andre typer "døgnfluger", til dømes fromme lovsongar der ein syng dei same to linjene veldig mange gongar (finst i tradisjonar frå Taize til Storsalen).

Men det kan vere grunn til å halde fram eitt prinsipp for songar til gudstenestleg bruk: Dei bør vere gode allsongar. Her har Salmer 1997 ein del uheldige val, synest eg. Om Bjørn Eidsvåg syng ein song godt, tyder ikkje det at ein kyrkjelyd syng songen like godt. Grunnen er ikkje at teksten ikkje er god nok eller from nok, men at tonen er eigna for solistisk framføring, ikkje for allsong.
# lagt inn 3.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar 

Det er ikkje så mange som legg kommentarar direkte på bloggen, men det kjem mykje interessant respons på e-post. Eg hadde det litt travelt i førre veka, men i dag har eg tillate meg å leggje ut kommentaren til Eirik Helleve når det gjeld Dagens Blix for 11. september, og den til Terje Aarset om ordet "Sumargull". Takk skal de ha, begge to!
# lagt inn 3.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Nytt om Cathinka 

Du hugsar nok ikkje Cathinka? Kort oppdatering: Cathinka Jacobsen var barndomsvenninne av Emma Blix, f. Hansen, var konservatoriestudent i Leipzig medan ekteparet Blix budde der, og var fadder for deira førstefødde, Hans Peter. Ho blei seinare gift med papirhandlar Rich. Andvord. I jubileumsskriftet for firmaet hans fann eg denne passasjen:
'Hun [Catinca Andvord] hadde som ung pike studert musikk i Leipzig og Paris og hadde i alt fem års utenlandsopphold bak seg da hun ble viet til Rich Andvord. Hun holdt flere konserter og lanserte flere av SIN FETTER JOHAN SVENDSENS komposisjoner i private selskaper før de ble fremført i konsertsalene verden over' (mi uth.).
Svært interessant, den kjende fiolinisten, dirigenten og komponisten Johan Svendsen var nemleg også busett i Leipzig i 1871-1872. Men det var noko her som ikkje stemde. Eg fann slektsrøter for både fru Andvord og herr Svendsen i Fåberg, men nokon søskenbarnrelasjon var det ikkje mogleg å verifisere.

Så eg la inn eit spørsmål i Digitalarkivets utmerka "Brukarforum", og no har eg fått dette gledelege svaret:
Hei, Jeg tror jeg kan hjelpe deg med å oppklare slektskapet mellom Kathinka Andvord og Johan Svendsen, men fetter og kusine var de neppe. Den 5.7.1808 døde den 64 år gamle enken Lisbeth Pedersdtr. på plassen Hammeren under Lillehammer gård i Fåberg. Hennes opphav er ukjent, men det er mulig hun var fåberging. Denne Lisbeth Pedersdtr. ble gift i Fåberg 17.4.1775 med kobberslager Jonas Jonassen Elg. En av deres barn var sønnen Jonas Jonassen Elg den yngre født på Hammeren ved Lillehammer gård i Fåberg 9.7.1782. Denne Jonas den yngre ble gift i Fåberg 21.10.1802 med Sigrid Valentinsdtr., f. 9.3.1782 på Valentinstuen ved Lysgård i Fåberg. De hadde datteren Pernille Marie Jonasdtr. Elg, født på Hammeren ved Lillehammer gård 24.8.1816. Hun ble gift med Gulbrand Svendsen og disse var foreldre til Johan Severin Svendsen. i 1865 og 1875 befinner Pernille Marie seg på Søndre Romundstad i Øvre Rendalen i Hedmark der hun er syerske.

Lisbeth Pedersdtr. var altså Johan Svendsens oldemor.

Kobberslager Jonas Jonassen Elg den eldre døde på Hammeren ved Lillehammer gård allerede den 10.5.1783. Enken Lisbeth Pedersdtr. gift seg da opp igjen 22.1.1784 i Fåberg med kobberslager Peter Lundgreen, f. ca 1753 (i Sverige?). Blant deres barn finner vi datteren Sidsel Petersdtr. Lundgreen, født 17.3.1784 på plassen Hammeren ved Lillehammer gård. Hun blir gift i Fåberg 10.6.1805 med gardbrukersønnen Jacob Engebretsen Jongerud, født 8.10.1782 på Jongerud gård i Fåberg. Jacob og Sidsel bosatte seg på Galterudsveen i Fåberg og blant deres mange barn finner vi også sønnen Ole Jacobsen Galterudsveen, født 12.11.1818 på Galterudsveen. Han flytter til Christiania i 1840 der han i 9.1.1849 blir gift med Anne Arnegaard fra Ål i Hallingdal. Ole Jacobsen Galterudsveen ble i Christiana kjent som malermester Ole Jacobsen og døde av bronkitt i sitt hjem i Kirkegaten 4 den 8.5.1896. Et av Ole og Anna's barn var datteren Katinka Sofie, født i 1849 som ble gift med Richard Andvord.

Lisbeth Pedersdtr. var derfor også oldemor til Kathinka Andvord.

Johan Severin Svendsen og Katinka Andvord var altså tremenninger (eg. 'halvtremenninger' hvis det er noe som heter det). Jeg håper dette løser problemet ditt. Hvis du vil ta kontakt med meg direkte kan du gjøre det gjennom denne hjemmesiden.

mvh Richard Fauskrud
Verda er full av snille og hjelpsame menneske. Eg har ikkje anna å gje Richard Fauskrud enn ein plass i fotnotane til biografien - og kan hende ei god historie til den slektshistoriske forskinga hans. Men han skal i det minste takkast høgt og tydeleg på BlixBlog.
# lagt inn 3.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

2.10.05

Dagens Blix 

Mitt Hjarta, lova Herren, / Og alt, som er i meg, hans Namn!
Mitt Hjarta, lova Herren, / Gløym ei hans Velgjerd, allstødt jamn!
Han som mun Synd tilgiva, / Som lækjer dine Saar,
Som naadig læt deg liva, / So Dauden ei deg naar;
Han som ny Kraft deg sender, / Gjer deg som Ørni ung,
Han som deg ber paa Hender, / Naar Tidi fell deg tung!

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), nr. 127

Det er ikkje så mange nye gjendiktingar i fjerde utgåve av Nokre Salmar, men denne er viktig. Johann Gramann (1487-1541) høyrer til Luthers generasjon. Han var rektor ved Thomasschule i Leipzig (meir kjend for sin seinare musikklærar J. S. Bach) og tok del i ein svært viktig reformasjonsepisode, Leipzig-disputasen mellom Luther og Johann Eck - som sekretær for Eck! Luther skal ha gjort slikt inntrykk ved det høvet at Gramann (alias Poliander) gjekk over til den andre sida. Nok om det.

Salmen har levd i ulike gjendiktingar i dansk-norsk tradisjon, den førekjem i mest alle salmebøker. Ikkje alle er like enkle å syngje, ta t. d. Kingos noko uryddige versjon:
Min siel nu lover HErren, / Hvad i mig er, hans hellige navn,
Sin godhed rundelig giver, / Thi skalt du altid takke hannem,
Din synd haver hand udslettet / Og lægt dine store saar;
Dit arme legem husvaler, / Tager dig saa vel i forsvar,
Med vældig trøst beskiermer, / Dig ung som ørnen giør,
HErren alle christne vel trøster, / Som trænges i verden her.
Det er Landstads nye gjendikting som har festa seg. Men Blix går attom Landstad, t. d. har han funne att "Ørni" i tredje siste linje av første strofe, der Landstad har "gjør Alderdommen ung".

Denne salmen skulle høve godt som helsing til Guffen på dåpsdagen. Gratulerer!

Heile salmen
Torsdagens Blix
# lagt inn 2.10.05 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?