<$BlogRSDUrl$>

30.3.08

Ankalterud 

I helga har eg vore saman med gode vener frå det faglitterære forfattarstudiet. Ein gong årleg samlast vi hos Margit Rognerud på Ankalterud gard, som ligg på Nordsinni ved Dokka. Der arrangerer vi seminaret GROTID (med eit bukk til ein av skrivelærarane våre frå studietida, Gro Dahle). I år var vi der for tredje gong. 17 deltakarar som møttest for å drøfte eigne tekster i skrivegrupper, få faglege impulsar og treffe einannan att. I år hadde vi med oss hovudkonsulent i Gyldendal og professor ved UiO Irene Engelstad som førelesar. Ho gav ein inspirerande analyse av tekstopningar - setningar, avsnitt, kapittel. Alle var samde om at dette skal vi gjere neste år òg. Takk for denne gongen!
# lagt inn 30.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

28.3.08

Blix i Enebakk 

Eg må ikkje gløyme å informere om arrangement på heimebane: Torsdag 3. april kl. 19.00 blir det Blix-kveld på Mari menighetssenter i Ytre Enebakk. Underteikna medverkar. Dette er ein tributt til ektefelle og hovudsponsor Gunnvor. Ho vikarierer som sokneprest for tida.
# lagt inn 28.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Morgenbladet 

Dersom Ivar Aasen var nynorskens far, kven var så eldste son i huset, - tronfølgjaren, om ein brukar kongeleg metaforikk? Eg vil tru at dei fleste vil velja Vinje eller Garborg - begge diktarar og journalistar, som tok det nye språket offensivt i bruk. Men etter å ha lese Anders Aschims grundige Blix-biografi, slår det meg at Elias Blix også er ein sterk kandidat.
Nynorskens kronprins er overskrifta over bokmeldinga av Ein betre vår ein gong. Elias Blix i Morgenbladet i dag (abonnement). Meldinga er signert Jan Inge Sørbø.

Denne responsen er eg svært glad for. Den er velskriven, forfatta av ein intellektuell eg set høgt, og sympatisk. Sørbø ser andre moglege måtar å løyse oppgva på, men kjem fram til at
eg likar Aschims val betre. Dette er ein objektiv biografi, eit stykke historieforsking, det er ikkje ein kamuflert sjølvbiografi. Eg pustar letta ut.
# lagt inn 28.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

27.3.08

Alversund-plakaten 

# lagt inn 27.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

26.3.08

Orientalist-teksten 

I dag har Klassekampen (papir) publisert teksten "Orientalist i Arktis", ein norsk versjon av føredraget mitt under konferansen "Arctic Discourses" ved Universitetet i Tromsø for ein månads tid sidan. Presentasjonen blei riktig fin, den. Kva teksten handlar om? Fridtjof Nansen kjem heim, all verdas orientalistar kjem til Kristiania, og Elias Blix kjem til Sápmí med Edward Said i hælane. Dette var kortversjonen.
# lagt inn 26.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

20.3.08

Bilde frå lanseringa 

På heimesidene til Sandhornøy skole i Gildeskål kan du sjå nokre fine bilde frå lanseringa av Ein betre vår ein gong laurdag 23. februar. For meg er dette eit veldig hyggeleg minne, og eg nyttar høvet til nok ein gong å takke elevar og lærarar ved skolen, deltakarane i arrangementet og arrangementskomiteen - sokneprest, kultursjef og framfor alt min gode fe Oscar Berg ved museet. Han må ha arbeidd opp ei veke overtid i samband med dette arrangementet. Vonleg har han ein ekstra lang og god påskeferie nett nol
# lagt inn 20.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

19.3.08

Vårt Land 

"Det klare, gode nordlys" er overskrifta over ei stor melding av Ein betre vår ein gong i Vårt Land i dag (papirutgåva). Denne avisa når ei stor målgruppe for biografien, så meldinga er svært viktig for meg. Den er signert Bjarte Botnen, ingen ringare enn den gamle utanriksredaktøren i avisa. Han liker det han les.
... her er ein kunnskap og ein detaljrikdom som for det første er imponerande, men som framfor alt gjer at dette vert ei spanande og nyansert livsskildring.
... Blixbiografien er ei sann skattkiste av gode sitater [SIC], karakteristikkar og tidsbilete. Men det er og tydeleg at Elias Blix ikkje var ein mann som fløymde over med informasjon om sitt eige privatliv. Men det høyrer også med til eit menneske.
Sjølv trur eg Botnen i høgare grad enn t. d. Espen Søbye har forstått kvifor det ikkje er så lett å kome heilt innpå Elias Blix. Det er noko sympatisk med det òg, synest eg, ein diktar som ikkje står i vegen for tekstane sine.

God påske!
# lagt inn 19.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

18.3.08

Blix på Bryne 

Takk til preste-, bloggar- og speidarkollega Arne Berge på Bryne for hyggeleg helsing på bloggen hans. Eg kan kanskje røpe at eg har ei halv avtale med ein bokhandel nær han om å halde føredraget "Elias Blix og Arne Garborg" i siste halvdel av august ein gong - eksklusivt for Bryne.
# lagt inn 18.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

12.3.08

Blix i Alversund 

No roar det seg på arrangementsfronten til over påske. Men i april månad blir det nye høve til å syngje Elias Blix-salmar og høyre meg som ekstrabonus(?) - til dømes søndag 13. april. Da er det Blix-kveld i Alversund kyrkje i Lindås, eit samarbeidsprosjekt mellom Alversund Mållag og Alversund kammerkor. Arrangementet tek til kl. 18.00.
# lagt inn 12.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

9.3.08

Dagbladet 

Eg er jo litt spent på kor mange av dei store avisene som bryr seg om å melde ei bok om Elias Blix, noko mange vil oppfatte som ei "smal" bok. Først ut er Dagbladet i dag.

Valet av Espen Søbye som kritikar er interessant. Finst det nokon som representerer 2008-utgåva av den "frons urbana" bondestudentane på 1800-talet strevde med å kome til rette med, må det vere han. Eg har tidlegare gleda meg over å ha lesarar som har lese den boka eg gjerne ville skrive. Espen Søbye er ikkje ein slik lesar, han les definitivt boka frå ein utanfrå-posisjon.

Søbye er ein god kritikar, særleg når han er slem. Her er han berre litt slem, og heller ikkje så veldig god. Det er tydeleg at både Elias Blix og boka er han relativt likegyldige: "Det er noe daft og satt ved Elias Blix slik han framstår i denne boka. Det virker som om han manglet både pasjoner og temperament." Ikkje ein fyr Søbye ville bruke ein kveld på byen saman med, med andre ord. Vel, eg har alt på side 12 åtvara lesaren om at Blix på mange måtar er ein kjedeleg fyr. Men eg er nok litt skuffa over at Søbye, som har lang fartstid i Statistisk sentralbyrå, slett ikkje kommenterer dei endringsprosessane i det norske samfunnet som gjorde fenomenet Elias Blix mogleg. Det er grenser for kor interessant han er som individ. Men det samspelet mellom han og omverda som gjorde han til den han blei, finn eg framleis interessant. Meldinga er temmeleg tonedøv når det gjeld område som målsak og religiøsitet, det er eg ikkje like overraska over.

Nøkkelpunktet i kritikken til Søbye er relevant og interessant (det vil ikkje seie at eg er samd): "forfatteren ... har gjort alle kilder like viktige ... Likestillingen av alle kilder gjør at det er vanskelig å få helt tak på Elias Blix."

To ting skal eg hjelpe Espen Søbye med. For det første: Eg HAR gjeve ei forklåring på "at Elias Blix tar teologisk embetseksamen uten å bli prest." Grunnen til at Elias Blix ikkje blei prest, var at han nett på det tidspunktet da eit slikt val var aktuelt, fekk sjansen til ein akademisk karriere og greip den. Vanskelegare er det ikkje.

For det andre: Søbye greier ikkje å tolke tittelen "Ein betre vår ein gong". Da skal eg kviskre han i øyret at den er henta frå ein av Elias Blix sine mest kjende salmar, "No livnar det i lundar", at eg gjev ei utførleg tolking av denne salmen på s. 223-227 og at denne tolkinga leverer nøklane til tittelen.

Søbye seier mykje pent òg, så eg bør seie noko pent attende: Han er den første som har kommentert illustrasjonane og teke dei på alvor. Det blei eg glad for.

God søndag!
# lagt inn 9.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

3.3.08

Andre melding 

står i Nationen i dag, signert Elin Lindberg. Papirutgåva, nettutgåva har ikkje plass til så mykje anna kultur enn å følgje med på "Farmen". Overskrift: "Imponerende arbeid belyser Elias Blix." Ingress: "Anders Aschim har skrevet en grundig biografi der Elias Blix granskes fra flere sider. Biografien også et spennende innsyn i norsk historie." Det er ei god lesing, sjølv om eg nok skulle ønske at meldaren i staden for berre å etterlyse "et enda sterkere fokus på Blix som dikter" kunne ha teke stilling til det eg faktisk skriv om Blix som diktar. Vel, ein kan ikkje få alt.
# lagt inn 3.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sunnmøre 

Eg trivst godt på Sunnmøre. Mykje hyggelege folk, flott natur, av og til jamvel godvêr. I dag skin sola, her eg sit på Hovden og ventar på flyet til Oslo.

Eg har hatt ei storarta helg. Kom til Volda laurdag, blei teken i mot av bibelomsetjarkollega Jan Ove Ulstein og fru Inger, og fekk med meg ei flott oppføring av Magnar Åms opera "God's I's" i Voldskyrkja.

Sundag ettermiddag fekk eg presentere boka mi i Aasentunet. Fint å få høve til å treffe att - og takke - nokre av mine gode hjelparar. Direktør Ottar Grepstad har vore forlagets konsulent for boka. Terje Aarset og Per Halse ved Høgskulen i Volda har vore mellom mine viktigaste samtalepartnarar. Og sanneleg kom Blix-tippoldebarn Leiv-Erik Blix Bondevik heilt frå Ålesund. Han hadde teke med foreldra sine òg, mor hans, Elisabeth, er den som har formidla familietradisjonen frå Hans Peter Blix, eldste Blix-sonen. Hos Leiv-Erik finst ei av dei viktigaste samlingane av nye kjelder som eg har fått nytte. Og sjølvsagt song vi, under leiing av Ragnhild Engeset og Ole Karsten Sundlisæter.

Så fekk eg køyre verdas djupaste undersjøiske tunnel, Eiksundtunnelen, saman med Olga og Gunder Runde. Om kvelden var det flott Blix-arrangement i Ulstein kyrkje i regi av mållaget, Aasentunet og Samlaget. Allsong av Blix-salmar i firstemmig sats, ein er da på Sunnmøre.

No må eg heim og gjere jobben min. Det bølgjer litt bibelomsetjing i dagspressa, høyrer eg.
# lagt inn 3.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

1.3.08

Blix i Kvinnherad 

"Fyrstkomande sundag vert det salmekveld i Ølve kyrkje. Salmekvelden har som tema den store nynorske salmediktaren Elias Blix." Les meir i Kvinnheringen.
# lagt inn 1.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Sunnmørstur 

Flyplass no att, eg sit på Gardermoen og har ein times tid til flyet går til Hovden. Eg er ikkje vand med så mykje flyging, av hundre gode grunnar (grunn nr. 1: Oppvekst i togbyen Hamar) er eg svoren tog-entusiast. Men til Hovdebygda går det ikkje tog.

To Blix-arrangement i morgon, søndag. Først i Aasentunet kl. 15.00, seinare i Ulstein kyrkje kl. 19.30. Eg kan love deg mykje song begge stader, det finst ikkje den stad i dette land der korsongarprosenten er så høg som på Sunnmøre. For lesarar som ikkje har tilgang til papirutgåva av Sunnmørsposten, siterer eg omtalen førre dagen, 28.02.2008:
Søndag 2. mars kjem Anders Aschim til Ivar Aasen-tunet med ein salme av Elias Blix som aldri tidlegare har vore publisert. Sist helg lanserte Aschim ein grundig biografi om Blix, og i arbeidet med boka har han med jamne mellomrom lagt ut oppdateringar på sin eigen vevlogg, Blixblog.

Søndag vil Aschim fortelje om Blix, og mest sannsynleg vil den upubliserte salmen bli sunge offentleg for første gong. Det er ingen som har fleire tekster i Norsk Salmebok enn Elias Blix. Dermed blir allsong ein naturleg del av programmet i Ivar
Aasen-tunet.

Ragnhild Engeset er forsongar for fleire kjende og kjære Blixsalmar.
Kantor Ole Karsten Sundlisæter spelar til. Den upubliserte salmen «I dag me paa
Apostelvis», som er ei gjendikting av ein Grundtvig-salme, vert ein av allsongane.

Det vert også høve til å møte Blix-biografen Anders Aschim i Ulstein kyrkje søndag kveld, i eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Ulstein mållag.
Vel møtt!
# lagt inn 1.3.08 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

This page is powered by Blogger. Isn't yours?