<$BlogRSDUrl$>

22.8.03

Nasjonalbiblioteket 

Endeleg har Handskrifsamlinga i Nasjonalbiblioteket opna att! Torsdag er langdag der, så eg var på bytur i går. Dei har ein del Blix-manuskript. Det viktige for meg nett no er breva frå Blix til skolekameraten hans frå seminaret, lærar og kyrkjesongar Johan Amundsen (1833-1925). Det er 40 brev, skrivne med ujamne mellomrom i tida 1856-1891.

Eg rakk berre gjennom dei tre breva frå året 1856 i går. Blix går for å vere lite personleg i breva sine. Heilt rettferdig er no ikkje den vurderinga. I glimt kjem både refleksjonar og kjensler til uttrykk. Brevet av 16. mai er prega av optimisme, men i eit langt meir personleg brev 15. oktober fortel Blix om uro over mora si sviktande helse, vanskar med å få arbeid, og tvil om framtidsplanar. Ambisjonar kjem og til uttrykk: Han blir i byen "ikke fordi jeg har ?? synderlig Lyst til at være længere her, men fordi jeg troer at faa bedre Anledning til at læse paa min egen Haand." Og her er sterke uttrykk for banda til seminarstyraren, teologen Christian L. Rode, som forlet Tromsø denne hausten: "Rode, vor ælskede Rode, der engang var vor fælles Lærer og siden har været mig en Fader baade med Hjælp, Raad og Veiledning - forlod Tromsø for 8 Dage siden for at reise til Lier, i Nærheden af Kristiania hvor han er bleven residerende Kapellan." Det var no elles det siste som løyste arbeidssituasjonen i året 1856-57 for Blix. Han fekk 15 vikartimar i veka ved seminaret.

Interessant er det òg kva som ikkje er nemnt. 1856 var det store utmeldings-året i Tromsø. Dei 12 første utmeldingane av Statskyrkja kom 19. mai, og ein "apostolisk-christelig" frikyrkjelyd vart skipa. Men "Nyheder er her slet ikke at fortælle fra det ensformige Tromsø" (21. november).

Eg har enno ikkje funne brevskifta mellom Blix og gamlelæraren Hans Hanssen, eller det med velgjeraren Carl Olsen. Kan nokon hjelpe meg på det punktet?

Send ein kommentar.
# lagt inn 22.8.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?