<$BlogRSDUrl$>

29.9.03

Rikets tilstand 

Med god sans for timing (som det heiter på nynorsk), ei snau veke før regjeringa legg meldinga om rikets tilstand fram for Stortinget, heldt direktøren for Nynorsk Kultursentrum, Ottar Grepstad, laurdag 27. september den tredje årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Sjangeren deler han med sentralbanksjef Svein Gjedrem i Noregs Bank. Tittelen var "Kulturens kritiske masse," og Grepstad heldt i år talen på heimebane, i Stardalen i Jølster.

Talen er innhaldsrik og verd å lese. Utgangspunktet sitt og mange av illustrasjonane finn Grepstad nett på heimebanen i Jølster-bygda. Eit par poeng skal refererast her (og det er faktisk ikkje dei som nemner Blix-salmane). Eit stort avsnitt drøftar den enno ferske kulturmeldinga:
... det kan kome tider då ei slik kulturmelding trengst som autoritetsargument. Difor bør all kritikk av enkeltsider i dokumentet først ta til med at meldinga faktisk er både viktig og verdfull, og eit godt fagleg dokument som attpåtil er tidstypisk. Det vesentlege er at meldinga vil styrkje norsk kulturliv og at heile regjeringa står bak setningar som denne: "Eit stort prosjekt er planane om ein allmenn elektronisk kunnskapsbase på nynorsk." Av og til er éi setning nok. Mange store prosjekt er blitt til i slike små setningar. No har kulturministeren klistra Høgre til hovudlinjene i norsk kulturpolitikk for lang tid. Det kan nokon kvar av oss få glede av etter valet i 2005.

Språkstatistikk og -sosiologi får tilbørleg merksemd, med konklusjonen:
Alt etter kva vi måler, ligg nynorsk ein stad mellom 10 og 20 %. Det er med nynorsken som med Jostedalsbreen: Litt vekst her og litt kalving der, men ingen openberre utsikter for å bli borte i den framtida vi trur vi veit noko om.

Eit viktig poeng for Grepstad denne gongen er slagkrafta til dei nynorske institusjonane, særleg medieinstitusjonane. Det er her omgrepet "kritisk masse" kjem inn. Som svoren ikkje-realist skal eg gje avkall på å prøve å forklare metaforen. Det let Grepstad ein kjernefysikar frå Jølster få gjere. Derimot skjønar eg som teolog godt poeng som dette:
Når styresmaktene no omorganiserer norske arkiv, bibliotek og museum, legg dei til grunn at dei nye einingane bør ha 11-12 medarbeidarar. Det er noko kjent ved det talet, er det ikkje? Ein av dei første som kanskje stilte denne typen spørsmål, var Jesus. Svaret hans var som kjent tolv. ... Eg trur vi gjer klokt i å rekne med at miljø som er mindre enn 10-12 personar, før eller seinare blir for spinkle.

Grepstad tek til orde for ei samordning og nyorganisering av institusjonar, "ut frå ei erkjenning av at der er for mange einmannsføretak og fåmannsmiljø i det nynorske." Mellom anna. Les gjerne heile talen.

Send ein kommentar.
# lagt inn 29.9.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?