<$BlogRSDUrl$>

8.10.03

Dagens Blix 

Jesu, du er den Himmelveg, / Som til Gud Fader oss leider.
Frelsa det er at finna deg, / Liv og uvisnande Heider.
Du er all Skapnings Ljos og Liv;
Verdi daa enn i Myrker sviv,
Vinglande vilt millom Graver.

Men dei, som honom tok imot, / Gjerna i Tru honom fagnad,
Faa fyre alle Brester Bot, / Finna ein lukkeleg Lagnad;
Deim giv han Barnerett hjaa Gud,
Klæder deim med sitt Rettferds Skrud,
Etter sitt Namn han deim kallar.

-------------------------------
Nokre Salmar, gamle og nye III, Christiania: Det norske Samlaget, 1875

To vers av nok ein Blix-klassikar, det første og det tredje (som vart mest endra i seinare utgåver). Tone: "Kirken den er et gammelt Hus" (L. M. Lindeman).

Dette er og ein av dei bibelsprengde Blix-salmane. Første verset byggjer på Johannes 14,6 og 1,1-5. Til "vinglande vilt millom Graver" foreslår eg Markus 5,1-20.

Kjelde for bibelsitata: Bibelen.no
Send ein kommentar.
Gårsdagens Blix.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?