<$BlogRSDUrl$>

13.10.03

Dagens Blix 

Noregs Vaar.

Lenge, mit Land!/ I Løyndom du stundad
Ventande Vaarens / Varme og Liv.
Lang var dan Vinter, / Som laag yvir Landet
Dyljande Soli / Med Dima og Driv.

Folket dat fagna / I framande Velde
Sukkande sat / Innum stengjande Mur,
Rett som naar Fuglen, / Fangad i Flugti,
Siter og sturar / Sutsam i Bur.

Herren os høyrde / Himlen os unde
Atter ein Mai / So undarleg mild.
Vaarsol seg synte, / Snjofennir braanad
Isbredir smeltad / Ved Straalarnes Smil.

Fedrane saadde / Follrike Frøet,
Himlen gav Saadet / Solskin og Regn,
Gledeleg glimad / Grønande Aakren
Fruktirna fagre / I Fridomens Hegn.

Lydt uppi Lid / Og lauvade Skogar
Vengade Skarar / Sungo i Sky;
Tusende Tungur, / Som tagde so lenge,
Livnande lovad / Ljoset dat ny.

---------------------------------
Syn og Segn 9 (1903) 193-195

Før vi gjev oss i kast med den andre utgåva av Nokre Salmar, skal vi unne oss nokre bonusspor. Etter av Blix var død, publiserte Syn og Segn ein del tidlege Blix-tekstar på landsmål. Dei er skrivne i åra 1858-1860, men dei fleste vart ikkje publiserte medan Blix levde.

"Noregs Vaar" er datert 17. mai 1860. Dette var Blix sitt første år i Kristiania. Han tok artium i august, 24 år gammal.

Vi spanderer fem av dei åtte versa. Tonen er kraftig nasjonal. Stilen kan minne både om Håvamål, Aasen og Vinje. Korte liner, mykje bokstavrim. I dette diktet finn vi ei rad motiv som Blix seinare har arbeidd vidare med i "No livnar det i Lundar" og "Gud signe vaart dyre Fedraland".

Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?