<$BlogRSDUrl$>

14.10.03

Dagens Blix 

17de Mai.

So rann han atter upp dan Dag, / daa me vaar Fridom fingo,
daa Feder slog eit Hovudslag / og ut med Siger gingo:
Daa Noregs Menn med Kjempehand
seg løyste ut av Træleband
og helsade sin Heidersdag / med ljose Framtidsvonir.

Og som eit Verk av Ljosets Gud / vaar Fridomssol dan bjarta
snart straalad yvir Landet ut, / ja inn i Folkets Hjarta;
snart vardt dat Vaar i Noregs Land,
snart bryddad upp fraa Fjell til Strand
dan Maisaad so grøn og prud / paa Folkets Odalsmarkir.

--------------------
Syn og Segn 9 (1903) 195-197

Bonusspor 2. "17de Mai" er datert 1860. Vi skal møte endå tidlegare og meir kraftpatriotiske utgåver av Elias Blix sidan. Her er han alt eit godt stykke på veg mot den formsikre diktaren av fedrelandssalmen, sjølv om det heng att eit og anna av ein nasjonalisme som er litt for høgspent for vår tid. Den norske "kjempa" og "odelsretten" hans er bilete som går att i denne tidlege nasjonale diktinga, og som ikkje smakar heilt godt lenger - særleg fordi eg har nytta delar av hausten til å setje meg inn i fornorskingspolitikken andsynes samane i Noreg i hundreåret 1850-1950.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 14.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?