17.10.03
Dagens Blix
Eit og annat um Livet i Nordland. I.
I vaare Dagar, daa so mykit verdt gjort fyre at læra dei ymse Greinir af vaart Folkeliv at kjenna, og mangei Bok alt er prentad um Bygdartilstandet kringum i Landet, vil dat vonlega inkje verda illa upptekit, naar eg her freistar paa at giva eit og annat Drag af Livet uppe i Nordland. Dat er vel so, at Folkelivet her uppe inkje hever mange store Tilburdar at syna fram i Likning med mange andre Bygdir; men nokot kann dar daa altid vera, som sermerkjer Nordlendingen i hans Liv og Aatferd, og som kann vera forvitnelegt fyre andre at kjenna, um inkje af annan Grunn, so af dan, at Folk jamt ero mykit nyfikne paa dat, som hender langt burte i Afkrokarne af Verdi.
Fyrst maa dat daa merkjast, at dat er dan nørdste Deild af Nordland, eg mest vil halda mig til i denne Uppskrift. Denne Deild er ei Sjøsysla, Bonden er likaso mykit elder endaa meire Fiskar enn Bonde; og dat verdt daa mest Frettnader um Fiskarlivet, eg her kann bjoda. – Den nordlendske Bonden hever nok ein Jordlut og dyrkar honom ogso paa dan Vis dat kann vera; men naar fyrst hardaste Onnirna ero umme, daa ser ein snart, at han inkje rett kann trivast paa Landjordi, daa verdt Sjøen hans daglege Arbeidsmark, Fisket hans kjæraste Dagverk. Som ein Sjøfugl trøyter han Dag etter annan paa denne Maaten, og um dat enn tidt hender, at han kjem i Land med nett so mange “Liv”, at han kann koka til Kvelds fyre seg og Huslyden sin, so skuvar han lika radt Baaten ut dan næste Morgon, og med fyrste Fuglen ligger han atter paa Fjorden og freistar som fyrr. Og er daa Lukka med honom, og han fær nokot, som munar, so er han glad og stolt af si Gjerning. Dat er hugsamt at høyra ein Gubbe af rette Slaget fortelja, kor mange store Kveitur han f. Ex. hever tekit i si Tid; hans gamle Andlit klaarast upp, og han talar med ein Eldhug, som er makelaus.
Etter Haust-Onnirna teker Mannen sine Sildagarn i Baatskutten og soknar Fjord ut og Fjord inn leitande etter Sild; ho er no reint umissande fyre Nordlendingen baadi til Husbruk og endaa meir til Agn til Lofotfisket, og spyrer du Mannen um Aarvegen, vil han som tidast svara: “Aa berre Uaar,” naar han inkje hever fengit Sild nok til Vettren. Dei gamle hava nok ellest mange Merke paa, um dat skal verda godt Sild-Aar elder ei: dat er soleides eit godt Fyribod, at dar um Sumaren vexer myki Ber, iser Blaaber. Dei tvo Ting hanga no ihop med einannan, maa vita.
-----------------------
Syn og Segn 10 (1904) 289-290
Prosatekstar av Blix på landsmål er sjeldan kost. Denne er dessutan både kulturhistorisk og biografisk interessant. Her skildrar Blix det fiskarbondemiljøet der han sjølv hadde opphavet sitt. Difor vil eg sitere fleire omfattande avsnitt i dagane som kjem. Teksten er skriven i 1860, og del I vart publisert anonymt under tittelen "Frettnader um Livet i Nordland" i eit tilleggshefte til Dølen dette året.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.