<$BlogRSDUrl$>

20.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. I. (framhald)

Alt dette er daa berre Smaating i Likning med det store Fisket, som Bonden med mykin Kostnad bur seg til, og som mest leikar honom i Hugen; dat er Skreidfisket i Lofoten. Til detta lyt han ofta draga langt burt fraa Heimstaden og vera burte tvo tri Maanadar; og dat er fyre honom nokot so ovstort, at Lofotreisi berre verdt kallad Ferdi elder Utferdi (Utfala). “Kor mange Aar hever du vorit i Ferdi, og hever du gjengit fyre full Kar dar?” lyt ein spyrja Guten, naar ein vil vita, kvat Dygd dat er i honom, fyrr er han no inkje vaxin, og dan som inkje hever vorit med i Lofoten, er ingen god Sjømann. – Me vilja sjaa nokot nærare paa Fiskarens Utreidsla og Heimanferd.

Hausten er afliden: dat berer fram til Jol. Fraa Bergen hava Jegtirna ført heim Korn og Hamp, Traad og meir, som til Fisket høyrer. No verdt dar eit Liv og ei Annsemd i Garden, som er sjeldsynt. Mannen helder paa med at bøta gamle Garn, binda nye, setja upp Lina og gjera alt greidt paa si Sida. Kona vøler um Klædnaden hans; og so bakar ho so fint Braud, som ho hever Raad til, kliner Lefsur og steller alt som til ei stor Høgtid. Midt i dette Staak og Stell kjem no dan stille Jolehelg og dreger Mannens Tankar fyre nokre Dagar burt fraa Ferdi; men naar Trettanddagen er umme, daa er dat Ferdtid, og Mannen maa afstad. Baaten reidest ut, Karlarne samlast fraa Grannegardarne og leggja Ferdatyet i Baaten, so lenge han kann bera; Resten verdt skipat inn i Jegti, som skal koma baketter. Dan Dagen, daa Mannen skal beda Hus og Heim Farvel, er ein stor Dag. Heile Huslyden fylgjer honom til Baats; dar gjever han deim Kistemat af dat betste, som Kista hans kann bjoda. Og naar han so hever sagt Kona og Kjenningarne sine Farvel, skuvar han af; Seglet vindest upp; “Lukkeleg Reis!” lyder dat fraa alle Kantar, medan Kona stender stirande etter Baaten, som berer hennar kjære burt, til nærmaste Odd gjøymer Seglet fyre hennar Auga. – Ho vender heimatter med dat faste Fyremaal at stræva so med Ferøkt og heile Husstyr, at Mannen kann fegnast ved si Heimkoma, um vaar Herre unner henne at sjaa honom atter; og so trøyter ho dei lange Vettrmaanadar, ofta utan Spurnad til Mannen, fyrr Vaaren fører honom heim. Me fylgja honom i Ferdi og skoda dat mest forvitnelege i hans Stell og Aatferd.

Baaten stryker afstad med blaasande Byr elder skrider jamt fram under dei sjøvane Karlarnes sterke Aaretak. Heimstaden er snart kvorvin burt, og Ferdi krever Mannens heile Tanke og Gaum. Dat berer tidt yvir harde Fjordar i Storm og klingande Kulde; Baarurna ganga høge og slaa yvir Baaten inn paa Fiskaren; um ein Augneblink er Skinnhyret hans islagt, og dat glimar af honom som af ei Isbræda. Som tidast leggja fleire Baatar Lag med einannan, og dan haalaste Siglaren lyt daa bida dei seinaste. Han driver eit Bil fyre Vinden, til dess Sellarne naa fram. “Velkomen etter.” – “Takk, som bidad!” heiter dat fraa dei ymse Sidur – og so upp med Seglet og afstad. Soleides gjenger dat paa, til Myrkret byrjar at verda deim til Meins, og dei verda samde um ei Hamn Natti yvir.

Naar mange Baatalag taka upp paa same Stad, verdt dar stort Staak og Stim utetter Kvelden; Folk sviva upp og ned, att og fram som ein Straum. Fyrst skulo no alle hava Hus yvir Hovudet, og etter kvert som Baatarne lenda, fær ein sjaa Mann etter Mann skrita upp til Gards med ei Tunna paa Ryggen, so ein skulde tru, dei gingo til Mylna; dat er Sengklædi, dei bera upp. So lenge Stovugolvet og Loftet røkkja til, verdt dat utmælt likasom i Teigar, kvert Baatalag fær sin Teig. Men naar dar inkje lenger er Rum, lyt dan arme Fiskaren krøkja seg ned i Uthusi elder i Baaten, dar han tjeldar med Seglet; dat er tidt ufysne Nætter. Ellest er dat no inkje alle, som Folk ero lika godviljuge til at laana Hus; ein og annan er so leid til at slaast og gjera Ugagn paa dan Maaten, at ein naudlega vil taka deim inn. Fyrr hava no ymse Bygdir vorit meir namnkjende fyre slikt enn andre, og ein kunde daa stundom høyra Folk fraa slike Stadir segja som so, naar dei baado um Hus: “Me ero nok fraa dan namngjetne Staden, men me slaast inkje lel.”

Raakast no nokre Kjenningar her, so fylgja dei einannan til Baaten, taka seg ein Dram og kosa seg paa dan Maaten attpaa Dagens Stræv og Møda; Andre ganga upp med Kost og Eldgogn, og sidstpaa samlast alle til Kvelds. Her verdt no lang og livande Røda um, kor mange Klør han hever sett, kvat kver hever røynt, og kvat Fagnaverk han hever gjort. Mange hava dan vakre Sed, at dei halda Kveldsbøn og syngja ei Salm, fyrr dei leggja seg. Sidan byrjar dan betste Eventyrmakaren at fortelja; dei andre høyra paa med største Gaum og læ og skjemta millomaat –; og soleides gjenger dat med Laatt og Løge, tildess Forteljaren tagnar, og alle sovna.

--------------------
Syn og Segn 10 (1904) 290-293

Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 20.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?