<$BlogRSDUrl$>

21.10.03

Dagens Blix 

Eit og anna um Livet i Nordland. I. (slutt)

Dan Dagen, naar Fiskaren naar fram til sitt Rorvær, er han so glad, at eg trur mangein Utvandrar inkje er stort gladare, naar han hever vunnit fram til “dan nye Verdi”. Fiskarens Hus er ei Rorbud med Gruva i, Ljore i Taket og “Billar” elder Sengir langs med baade Langveggirne. Her samlast no Hovudsmannen og Karlarne hans, drikka kverandre til med eit “Velkomen i Budi!” og godrøda og ero so fornøgde, som um dei vaaro komne heim; dat einaste som vantar, er at deira Konur og Systrir og andre Skyldingar ero so langt burte, og difyre lyt deira Tanke millomaat leika med deim dar heime.

Kringum Kyndelsmessa byrjar Fisket at ganga paa; Fiskararne greida sine Garn elder egna Lina og draga ut og setja. Hittil hever dat i mange Vær vorit so, at kvert Baatalag hadde sitt Sett elder Havstykke til at setja Reidskapen i, og alle laut paa same Tid ro ut og draga upp. Um Morgonen, naar dat var Sjøvedr, saag ein daa Baat ved Baat liggjande greidd og ventande, at Tilsynsmannen skulde vinda upp Flagget elder blaasa i Ludren. Naar dette Teikn er givit og dei sleppa laust, er dar eit Braak, so dan eine vil brjota Aarirna af fyre dan andre, til dei ero komne utum dat tronge Utlaupet og setja Segl til.

Naar alt gjenger greidt, er Børnskapen snart uppdregin; men naar Setningarne ero drivne ihop med Sidemannens, og Fiskararne verda liggjande og greida Vase, verdt dat tidt sein Kveld, fyrr dei koma i Land og faa si Fengd vel paa Hjell.

Men verst er dat, naar Landvinden møter Fiskaren so sterk, at han lyt driva undan, og anten lata Livet i Vestfjorden elder stivfrosen og halvdaud finna ei Hamn paa Innlandet etter ei lang Vettrnatt paa ein open Baat, – drivande millom dynjande Bylgjur.

I langvarugt Uvedr, naar Fiskararne hava Landlega, fær ein sjaa mange Slags Verk: Sume arbeida: binda Garn, gjera Skjeidir, Ausur og Dallar og annat Trearbeid; andre sova medan dei orka; og so er dar no ein og annan Galning, som sviver ute heile Dagen, drikker seg ein Dram endr og daa, driver Narreverk, so Folk bisna umkring honom, elder slæst og styrer paa dan Maaten; dette sidste verdt daa alt meir og meir sjeldsynt.

Hovudsmannen er Husbonden i Laget og seter kver Karl til sitt af dat, som til Samarbeidet høyrer. Man naar Sumarmaal er umme, og han daa vil halda lenger paa, kunna Leigkarlarne leggja seg kvar og neita at vera med paa Sjøen; men aalmennelega er dat no Slutt paa Fisket kring desse Tidir. Naar Heimhugen fyrst er komin yvir Mannen, hever han dat mykit annsamt med at koma afstad. Han turkar Garni, klavar upp Lina og teler Fisken på Hjellen, som fyrst i Juni Maanad skal verda hentad. Han hever selt so mykit Fisk, at han hever Pengar til at kaupa noko “Lofotnytt” til deim, han hever heime. So snart Vinden blæser god, legger han skundsamt i Baaten og dreger burt, latande Budi tom og aud etter seg. Vaaren er no so vidt framliden, at Fiskaren kann ferdast baade Natt og Dag, til han naar heim og verdt fagnad af sin Huslyd, som no lenge med Lengsla hava skodat ut yvir Fjorden etter kvart Segl, dei saago der ute.

------------------
Syn og Segn 10 (1904) 293-294

Denne skildringa av Lofotfisket er skriven i 1860 av ein som har vore med sjølv, kan hende berre ein gong (1853), og kan hende utan stor suksess. Men ei førstehandskjelde er det.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 21.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?