23.10.03
Dagens Blix
Eit og annat um Livet i Nordland. II (framhald)
Kona er no dan andre Magt i Huset, maavita. Dat er sjølvsagt, at mykit af Gardsdrift og Hustjorn lyt falla paa henne, og ho maa standa Mannen til Andsvar fyre, kvat som verdt gjort, medan han er burte. Ho lyt arbeida sjølv og føra Tilsyn med Arbeidsfolket sitt; men næst dat vanlege Dagstræv hever ho si Handgjerd, naar ho um Kvelden kjem inn, og dan arme Kona hever tidt stort Stim med at halda Arbeidet i Gang, iser naar Gjenturna hennar ero kveldsvævde, og duva millomaat, so Rokken elder Veven stadnar, og Traaden slitnar af millom Fingrom.
Dessutan er dat Kona, som jamnast maa læra Borni at stava og lesa; dar sitja dei daa med Bøkerna sine framfyre Moderi, for at ho kann høyra og rettleida deim. Men skal ho inkje heftast i sitt Arbeid, lyt ho sjølv kunna Bøkerna godt; og difyre ero desse Folk tidt vonde paa dei nye Lærabøker, som brigda for mykit af fraa dei gamle, dei sjølv lærde. Denne Lærdomen gjenger no fulla inkje djupt, som ein kann vita, men han er daa ei gagnleg Framhjelp, solenge Aalmugaskulen er i slik Umegd, som han mange Stadar hittil hever vorit.
-------------------
Syn og Segn 10 (1904) 367-368
Kor mykje er det av Margrethe Våg, mor til Elias Blix, i denne kvinneskildringa? I alle fall er ho kulturhistorisk interessant. Lesebøker, med innhald ut over det reint religiøse, vart tekne i bruk i skolen frå midten av 1800-talet - under stor motstand. Noko av motstanden var religiøst motivert. Men her møter vi eit anna motargument mot fornying av lærebøker.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.