<$BlogRSDUrl$>

24.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. II (framhald)

Og medan dei no sitja kvar med sitt Arbeid, vankar dar tidt hugsame Husrødur. Denne Tvertiging eller Maalløysa millom Husens Folk, som ein tidt treffer paa hjaa vaare Bønder, er inkje her mykit merkjande. Ein maa daa inkje venta at høyra Tala um store og vigtuge Maalemne, inkje helder Lærabygnader (Theorier) um Sjødrift og Gardsbruk og slikt nokot; um dette kann dar inkje vera stort at segja, meiner Bonden, dat gjenger af seg sjølv, dat, naar ein berre vinner arbeida. Naar ein fyre nokre Aar sidan fortalde dan gamle Bonden, at me no skulde faa Skular, dar Folk kunde læra at driva si Jord rett og verda dugande Gardmenn, so sette han i ein Laattr aat slikt Narreverk. “I denne Vegen kjem ein inkje langt med Lærdom, dat lyt Arbeid til,” sagde han med myndug Mina. Dan, som vil høyra ei Husrøda af rette Slaget, so maa han agta paa ein Kveld, naar Mannen er i Godlaget; daa forteler han um alle dei undarlegaste Røynslur, han i sine Dagar hever gjort um alt dat store og gjæve han høyrde og saag, daa han var i Bergen, kor gildt han vardt fagnad af Kaupmannen sin; denne store Mannen var no so afbragslega god af seg; han baud Nordfararne, som handla med honom, upp til Middags, sette seg sjølv midt imillom desse Fiskarar, og sendte Maten ikring til deim med mange fine Ord: “Ver so god, Herr Nils Person! ver so god, Herr Hans Torkilsen!” segjer han. Og naar Bonden forteler um dette og mange andre rare Ting, daa er han sjølv stolt, og Gutarne sitja so dei gapa af Gaum og sjaa med Lengsla fram til dan Dag, daa dei ogso kunna faa sitja til Bords med Kaupmenn og verda kallade Herrar. Elder ogso røda dei um Havmannen, elder um Draugen elder um Tuftemenn og alt dat undarlegaste, som til er elder hever vorit. Ægte gamle Folkesegnir høyrer ein no næstan aldri; eit og annat Merke visar daa, at her eingong hever gjengit slike Segnir, men dei ero utdøydde med dan gamle Slægt, ei ny er vaxin upp, som hever gløymt dat gamle utan at hava fengit nokot nytt og betre i Staden.

-------------------
Syn og Segn 10 (1904) 369

"Tvertiging" er eit framifrå ord for eit kommunikativt fenomen som særleg førekjem på det indre Austlandet. Elles er nok mykje av dette avsnittet sjølvopplevd. Ifølgje Reidar Bolling skal Elias Blix ha vore med på Bergensferd som "kokkglunt" med jekta til handelsmann Carl Olsen i 1850.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 24.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?