<$BlogRSDUrl$>

25.10.03

Dagens Blix 

Eit og annat um Livet i Nordland. II (slutt)

Dagblad elder andre Avisur helder desse Folk mykit sjeldan; og dat, som dei kalla Politik, hever dan gode Mannen ingi Greida paa. Han hever lært so litet utanfyre sitt eigit Dagstræv, kjenner so litet til Landets Skikk og Torv utanfyre sitt nærmaste Grannelag, at han inkje kann hava Skyn paa vitugt Bygdarstyre og endaa mindre paa Landsstyre; men naar han daa imillomaat røder um slike Ting, daa kann ein høyra dei undarlegaste Meiningar elder rettare: dan største Meiningsløysa. Dat er inkje berre Setersdølen, som vita at fortelja um dei tvo store Herrar, Kjeisaren og Paven, som standa yvir Kungarne, baade vaar og alle andre. Dan same Læra høyrde eg fyre faa Aar sidan av ein gamal Klokkar i Nordland, og daa Skulegutarne hans gjerne vilde halda seg til dan høgste Herre, maavita, so var dat undarlegt nok, at han inkje gjorde deim til reine Pavetruande; men Lukka var nok dan, at dat Bilætet, han gav deim af desse store Menn, var so dimt og taakut, at Gutarne inkje vitste, anten han skulde leita etter deim paa Jordi elder i Maanen. Dette og meir af same Slaget kann vera merkjande, afdi dat visar, kor langt att i Tidi Folk paa mange Stadar enno liggja, og at her turvast sterke Kreftir til at draga deim fram ur Myrkret til dat fulle Dagsljos.

Me ero her komne til ein Skort, som vel maa kallast Grunnen til alle andre: Skort paa sann folkeleg Upplysning. Alle, som hava vorit paa dei Stadar i Nordland, dar dat stender verst i dette Stykket, vil naudsynlega hava fengit eit myrkt Bilæte af dan store Mengdens Faakunna og all dan Armod, som fylgjer med henne. Borni læra so mykit af Kristendomen, at dei kunna sleppa fram hjaa Presten, og endaa dette er inkje komit djupare inn, enn at dat um faa Aar kann vera gløymt alt ihop. Og darmed er dat Slutt paa Lærdomen; dat andre, dei læra, er so ørlitet, at dat inkje er rødande um. Me hava nemnt, at mykit af dat gamle kverver burt med dei utdøyande Slægtir, gamle gode Folkevisur og Segnir høyrast inkje meir, Maalet, som paa fleire Stadar var i god Hevd, vanhevdast og vanskapast litet um Senn. Og dette er inkje, som ymse Folk læra, ein Verknad af di, at dei nye Tidirs Upplysning og Sedhevd inkje kann semjast med dette gamle, taka dat upp i seg og forklaara dat, men lyt driva dat burt for at faa Inngang. Nei, dat er snarare radt motvendt, dat er Skort paa Upylysning [SIC], Vankunna, som gjerer alt til inkjes. Tidi berer ei øydeleggjande Magt i seg i dette som andre Stykke, naar ingja onnor høgre Magt kjem til og verjar dei gamle Eignir, og denne andre Magt er sann og folkeleg og tidshøvande Upplysning og Kunnskap.

Og den Brest, som her er nemnd, vil vera so mykit meir til Meins i ei Tid som vaar, daa Verdi med so lange og snare Stig gjenger fram i Uppseding, daa dan eine nye Røynsla og Uppfinding so skjott fylger paa dan andre, at ein knapt kann fylgja med, um ein hever dan beste Raad og dat lettaste Tilhøve dartil. Dan arme Mannen, som inkje lærer, er daa reint raadlaus. Tidi lauper so at segja fraa honom, han verdt ein Attergløyming, som maa nøgja seg med dat vesle, han lærde af Fader og Farfader, og dat verste er, at han inkje kann bruka dette helder, so at dat høver til dei nye Tidir og Umstødur. Han stender dar, mishaldin med dat gamle, men magtast inkje at gjera Spranget inn i dat nye, fyrr ein annan laaner honom sin Arm. Denne hjelpande Arm er Aalmugaskulen; dat Liv, som den aukade Samferdsel fører ut yvir Landet, kann inkje rekkja ut til alle Nordlands einskilde Øybuarar. Her maa Ljoset berast inn i kvar Gard, kvart Hus, og spreida Myrkret, og dette kann kun ein god Folkeskule gjera. Men skal dette henda, lyt Skulen taka Staven i ei onnor Hand enn hittil; og me venta, han vil gjera dat no, daa Landsstyret hever byrjat taka ei kraftug Hand i med til Fremde af dette vigtuge Augnemed. –

-------------------
Syn og Segn 10 (1904) 369-371

Her talar ein lærar som seinare vart undervisningsminister. Det kan vere interessant å lese Blix sitt livsverk, salmedikting og språkpolitikk inkludert, som styrt av eit pedagogisk program. Folkeopplysningstanken er heilt sentral hos seminaristen og venstrepolitikaren Elias Blix. Her er det den nye lova om skolen i landdistrikta av 1860 som er den aktuelle konteksten.

Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 25.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?