27.10.03
Dagens Blix
Heimen.
Dat var einn Vinterkveld,
eg sat og grundad paa dei gangne Dagar,
og Tanken førte yvir Sjø og Fjell
inntil einn velkjend Stad so logn og fager,
dan Stad, hvar Dagens Ljos eg fyrst fekk skoda,
hvar Livets Sol rann upp med Morgonroda.
I gamle Helgeland,
hvar Havet bugtar seg langs laaga Strender,
og Fjellet hever seg so stolt fraa Strand
i Fjorden speglande dei hvite Tinder, -
dar stod min Vogga tæt vid blanke Bylgjur,
dar hvilte eg i Vard af høga Fylgjur. -
Dar voks eg upp, vardt stor,
dar leikad eg med kjære Brøder, Systrer,
dar saang eg i dat himmeltakte Kor,
og Songen blandad seg med Skogens Røster,
naar Vinden susade i Bjørkins Krona
og Fossen dundrade i djupa Tonar. -
Dar stod eg tidt i Lid
og skodad Blom og Blad i unga Grønska
dei fagra Markin paa ein herleg Tid,
dan atterfødde Vaar, som Alle ynskja -
og venast Blom, som grøna Eng mon bjoda,
hann bar eg skundsamt heim, bad Mor at skoda.
Dar jamt so kjennslafull
eg vandrade kring um dei Aakrar rike,
som med sitt herlegdyre Sumargull
meg helsade med Venleik utan Like,
og Tanken flaug til hann, som Markin kleder,
som med sitt gode Grøde Bonden gleder. -
Dar sat eg tidt i Baat,
so hugsamt voggande paa Fjordens Vaager,
og Bylgjur leikade so ungdomskaat
med fager Fargebrigd i Solins Loger,
og Djupet skjenkte af dan Skatt, dat gjøymer,
dat var einn Hugnad, som vist seint eg gløymer.
So var minn Ungdomsvaar;
hann aatte Blomar - smaa og do so vene,
i stilla Frid dei runno dessa Aar,
og Hjartat fegnadest i Gleder reine;
og ingen unøgd Lengsla, ingen Saknad
og ingen Ihug enn i Barm var vaknad.
Min Lagnad lokkad meg,
og eg laut lyda Bodet, maatte fylgja;
so drog eg burt fraa gamla, kjende Stig
og sa' Farvel til elskad Fjell og Bylgja.
Rett myket godt hev' eg vel sidan fenget,
men do eg saknar dat, eg fraa hev' gjenget.
Og naar paa framand Stad
so mangein Gang eg sat og saag tilbaka,
daa rann meg tidt minn Heim i Hug, - eg bad,
eit Augnablind dess Sæla at faa smaka;
men Vegen er for lang so snøggt at ganga,
einn venleg Tanke kunn eg dit kan langa.
------------------------
Syn og Segn 10 (1904), 53-54
Attende til tidlege landsmålsdikt av Blix (1858-1860). Eg gjev att "Heimen" in extenso.
Diktet er ikkje spesielt godt, men det er ein nøkkeltekst. I dette diktet, datert "Tromsøy, 30-11-58," finn vi mange nøklar til personen Elias Blix (og kan hende til nynorsk litteratur i det heile, om ein skal følgje Claus Hjelle, hovudpersonen i Hermann Starheimsæters roman Nordvegen. Meir om denne boka sidan).
"Heimen" er eit nøkkelomgrep. Og det er barndomsheimen i Gildeskål det gjeld. No skal ein sjølvsagt ikkje tru at alle detaljar er sjølvbiografiske. Likevel må vi ha lov til å finne eit bilete her av ein kjenslevar ungdom (22, på den tida diktet vart til) med opne sansar mot naturen rundt seg, ei tydeleg morsbinding og ei sjølvsagt religiøs tolkingsramme.
Men den verkelege nøkkelen er det nest siste verset. Dette er eksil-litteratur. Diktet er skrive i Tromsø, men det kunne like gjerne vore i Amerika. Heimen er "Paradise Lost," det er ingen veg attende. Den framande staden er tvetydig; han er ikkje berre staden for framandgjering, men òg for framtid, endring og von. Diktaren trivst stort sett riktig bra med eksilet sitt, og han kjem ikkje til å vende attende til "Heimen" - mellom anna fordi heimen han hugsar, ikkje finst meir.
Laurdagens Blix.
Send ein kommentar.