<$BlogRSDUrl$>

30.10.03

Dagens Blix 

Gjer Dyrri høg, gjer Porten vid! / Sjaa Krist, din Konung til deg rid!
Han raader yver alle Land / Og er all Heimsens Frelsarmann.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 1

I "Andre rettade og aukade Utgaava" frå 1883 aukar talet på Blix-salmar med 12, frå 56 til 68. Det er ikkje spesielt mykje, den store nyproduksjonen (for ikkje å seie masseproduksjonen) kjem med fjerde utgåva (1891). Så vidt eg kan sjå, strauk Blix aldri ein salme han hadde publisert, i seinare utgåver. Men det hende ofte at han arbeidde vidare med tekstane sine.

Det er ikkje tilfellet med denne første adventsalmen. Han er praktisk tala uendra frå Nokre Salmar III (1875). Einaste endring som er verd å nemne, er at ordet "Dyri" (1875) no er blitt til "Dyrri" (1883), utan at eg skjønar kvifor; Aasens Norsk Ordbog (1870) har "Dyr" som nemneform.

Førre utgåva (1875).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 30.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?