<$BlogRSDUrl$>

8.10.03

Eksekusjon 

Hausten 1854 kan vi på nytt følgje etterspelet etter "Kautokeino-opprøret" i november 1852. Medan avisa ser ut til å ha teia i hel dommen i underretten 6. august 1853 (Tromsø-Tidende valde frå tid til annan denne strategien, kan hende på grunn av den labile situasjonen i mange distrikt i Troms og Finnmark), var høgsterettsdommen av 14. februar 1854 referert i avisa 16. mars. Fire av dei hovudtiltalte sat i varetekt i Tromsø heilt frå september 1853.

14. september: "I søndags borttransporteredes til Throndhjem med Dampskibet Prinds Carl ... de to saalænge her i Varetægtsarrest holdte Kautokeinofinner, som for Delagtighed i Rædselsscenerne i 1852 i Koutokeino ere dømte til livsvarig Slaveri" (Lars Hætta og Aslak Pedersen Rist).

12. oktober: "Idagsmorges transporteredes de til Døden dømte Finner, som nu i over et Aar have siddet i Varetægtsarrest i Tromsø." (Mons Somby og Aslak Hætta). "60 Mand Soldater med 5 Mands Kommandopersonale afgik til Alten forat være tilstede ved Henrettelsen."

19. oktober: "De til Døden dømte Finner bleve i løverdags henrettede i Alten."

Det utførlege referatet skal eg spare deg for. Litteratur om hendingane finn du her.
Men dette er altså eit sentralt element i det lokale nyheitsbiletet i Blix si Tromsø-tid.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?