13.10.03
Nokre Salmar I-III
Eg har no arbeidd meg gjennom dei tre hefta av Nokre Salmar, gamle og nye, verdas første salmesamling på landsmål. Elias Blix gav dei ut anonymt på Det norske Samlaget i 1869, 1870 og 1875. Nokre resultat av arbeidet mitt kan du følgje i spalta "Dagens Blix" på denne sida, andre kan du finne i "Nettbiblioteket" til Ivar Aasen-tunet, der salmane etter kvart vert lagde ut i fulltekst. I dag kan det høve med ei kort førebels analyse.
Eg finn det naturleg å dele salmediktinga til Blix inn i tre fasar, dels knytt til biografi, men mest til det andre større litterære arbeidet hans på landsmål: Bibelomsetjinga.
Dei tre hefta vi har sett på til no, inneheld i alt 56 salmar (eller 57, om vi reknar dei to versjonane av "Guds Ord det er vaart Ervegods/vaar Fedrearv" kvar for seg), 13 i hefte I, 27 i hefte II og 16 (17) i hefte III.
Fordelinga mellom originale salmar og gjendiktingar er 28 - 28 (29). Men fordelinga er ulik i dei tre hefta, og utviklinga er eintydig: Det blir stadig fleire originalsalmar (4 - 10 - 14) og færre gjendiktingar (9 - 17 - 2 [3]). Dette kan tolkast på fleire måtar. Vart diktaren meir sjølvtrygg etter kvart? Eller hadde han gjennom omsetjingane av kjende salmar prova at landsmålet var brukbart til salmesong, og på den måten bana vegen for heilt nyskrivne tekstar?
Av dei omsette salmane er det heile 6 av Hans Adolf Brorson (4 - 2 - 0), 5 av Thomas Kingo (1 - 4 - 0), 3 av Martin Luther (1 - 1 - 1), 2 (3) av N. F. S. Grundtvig (0 - 2 - [1]), 2 av Paul Gerhardt (1 - 1 - 0) og Søren Jonæsøn (2 - 0 - 0), og ein kvar av følgjande forfattarar: Joh. Heerrmann og Peder Jakobsen Hygom (i hefte I); Philipp Nicolai, ein anonym dansk forfattar, Hans Thomissøn, Hans Christensen Sthen og Jakob Johan Lund (i hefte II); Georg Weissel (i hefte III).
Ei gruppering av dei omsette forfattarane etter språk og periode får fram klåre tyngdepunkt:
Tysk, 1500-tal: 2 diktarar, 4 salmar (3 av Luther)
Tysk, 1600-tal: 3 diktarar, 4 salmar
Dansk, 1500-tal: 2 diktarar, 2 salmar
Dansk, 1600-tal: 2 diktarar, 7 salmar (5 av Kingo)
Dansk, 1700-tal: 3 diktarar, 8 salmar (6 av Brorson)
Dansk, 1800-tal: 1 diktar, 2 (3) salmar (Grundtvig)
pluss ein uspesifisert "gamall dansk"
Vi gjer materialet liten urett om vi byter ut hundreåra med idéhistoriske nemningar som "reformasjon" (1500-tal), "ortodoksi" (1600-tal) og "pietisme" (1700-tal). Blix har henta materialet sitt på trygg konfesjonell og tradisjonell grunn. Den rasjonalistiske salmediktinga på overgangen frå 1700- til 1800-talet er ikkje representert, og Grundtvig er den einaste samtidige diktaren. Omsetjingane representerer, med mogleg unnatak for Grundtvig, inga fornying av repertoaret i norsk salmesong. Men hypotesen om gjendikting av kjende salmar som prøvestein på landsmålet sin kvalitet som kyrkjespråk held seg.
Blix sitt val av melodiar er eit interessant studieobjekt. Av dei 56 (57) salmane er det berre ein, "I Jesu Namn Me stemna fram til Himmelhamn", som ikkje er knytt til ein eksisterande melodi. Eg har ikkje gjort ei detaljert analyse av opphav og alder for dei ulike melodiane enno, men nokre hovudtendensar er tydelege.
32 ulike melodiar er nytta. Flest gonger førekjem reformasjonskoralane "Vor Gud han er saa fast en Borg" (5x [6]) og "Af Høiheden oprunden er" (5x). 3 gonger førekjem: "Fra Himmelen høit", "O Jesu, for din Pine", "Fader vor udi Himmerig" og "Om Himmerig vi tale vil". 2 gonger: "Et lidet Barn saa lystelig", "Jesu, dine dybe Vunder", "Nu velan, vær frisk tilmode", "Min Sjel nu lover Herren", "Paa Gud alene", "Jeg vil mig Herren love" og "Her vil ties, her vil bies". Med unnatak av den siste høyrer alle til den tysk-danske koraltradisjonen, og dei er å finne i O. A. Lindemans koralbok (1834). 19 melodiar er nytta ein gong kvar.
Blix nytta altså kjende og kjære tonar, jamvel til nye tekstar. Men ikkje berre. I melodivalet er det signal om ei fornying av salmesongen, langt på veg den same som er representert ved namna Magnus Brostrup Landstad og Ludvig Mathias Lindeman. Blix har teke i bruk fleire av Lindemans nyskrivne koralmelodiar, mellom anna "Her vil ties, her vil bies" (= "Påskemorgen slukker sorgen"), "Kirken den er et gammelt Hus" og "Saligheden er os nær".
To salmar skal nemnast særskilt, fordi Blix her vel melodiar utanfor det tradisjonelle koraltilfanget, eit potensielt radikalt grep.
Den eine er "Far utor dine skor." Her oppgjev Blix Rosenius-sangen "Våga dig" som melodi. Ein kyrkjesalme med lågkyrkjeleg tone, altså. Nøyaktig kva for ein melodi Blix har meint, har eg enno ikkje fått stadfesta (Sigvald Tveit meiner at melodien "Glade jul" har vore nytta).
Den andre er "No koma Guds Englar," som er sett til melodien "Det hendte sig Jefta den Gileads Mand". Teksten er frå Petter Dass' Bibelsk Visebog, og har aldri stått i noko kyrkjesalmebok. Alle tonar eg kjenner kjem frå folkeleg tradisjon. Har Blix teke det steget som Landstad og Lindeman (trass i alle samlarferdene til Lindeman) ikkje våga, nemleg å ta dei folkelege salmetonane i bruk?
Send ein kommentar.

- 1) Salmar før omsetjinga av Det nye testamentet:
- a) Hefte I-III, 1869, 1870, 1875
- b) "Andre rettade og aukade Utgaava," 1883

- 2) Salmar under omsetjingsarbeidet: "Fjerde aukade Utgaava," 1891
- (Den første bibeldelen i Samlaget si NT-utgåve, Romarbrevet, kom ut i 1882. Omsetjinga var fullført i 1889.)
- 3) Seinare salmar, under arbeidet med revisjon av NT: "Salmar og Songar," 1901
- (Blix gav ut ei revidert utgåve av NT i 1899. Dei siste åra sine byrja han på omsetjinga av Salmane i Det gamle testamentet.)