<$BlogRSDUrl$>

3.10.03

Salmodikon 

Hamar er ikkje berre velsigna med statsarkiv, men og med eit av landets beste musikkbibliotek, med P. Sandviks samlingar som grunnlag, og med Astrid Hagen som drivande kraft gjennom ein menneskealder. Dette er ein av dei få stadene der ein kan finne godbitar som J. A. Lindeman, Choral-Melodier for Psalmodicon til de i Kingos, Guldbergs og den evangelisk christelige Psalmebog forekommende Psalmer udsatte i Ziffre efter den ved kongelig Resolution af 15 Juni 1835 authoriserede Choralbog, tilligemed en Veiledning til Brugen af Psalmodicon (Christiania: Hoppe, 1841). Du kan trekke pusten her.

No veit eg korleis ein byggjer eit salmodikon. Men eg har for mange tommelfingrar til å gje meg i kast med eit slikt prosjekt.

Send ein kommentar.
# lagt inn 3.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?