<$BlogRSDUrl$>

30.10.03

Språkstrid 

"Siste ord er ikkje sagt" er overskrifta på ei sak i Magasinet (Dagbladets, altså) måndag 25. oktober. I ingressen heiter det: "Norge har en kuet minoritet som blir angrepet fra alle kanter: nynorskingene. Ivar Aasen ville vært stolt over hvordan de holder stand." Utgangspunktet er den nye syklusen med strid om sidemålsstilen (det må vere vanskeleg å finne på noko nytt der nede i Akersgata). Finn-Erik Vinje og Endre Brunstad har ved dette høvet dei tradisjonelle rollene som profetar mot og for nynorsk. Men det er andre røyster som er meir interessante. Redaktøren min i Samlaget, Sverre Tusvik, står til dømes fram som pessimistisk minoritetsrepresentant:
- No snakkar eg off-the-record til deg, sier Sverre Tusvik og senker stemmen. Han er sjefredaktør i nynorskforlaget.
- Når det gjeld nynorsk, er eg like hårsår som minoritetar som har vorte mobba for si seksuelle legning.
- Hvorfor er du det?
- Kvifor det? Men det er så sjølvsagd. Eg er 58 år gammal og sjefredaktør i Det Norske Samlaget, men sjølv eg må fleire gonger kvar einaste dag forsvare at eg brukar nynorsk. Kveitemjøl, seier eg. Hva? seier dei. Bokmålingane glir friksjonsfritt gjennom samfunnet, mens vi heile tida må tenkje gjennom vår identitet. Og eg kan gje ut bøker så det tyt, men før avisene, film, reklame og næringslivet tar nynorsk i bruk, har vi tapt. Om 150 år er nynorsken død.
- Om 150 år?
- Då er det eitt språk i Norge, og det er bokmål med ein del nynorske ord. Då er nynorsk eit mandarinspråk. Eit sånt språk som berre dei gamle skriftlærde i Kina kan.

Eller Steinar Øksengård i det militante Bokmålsforbundet:
- Jeg har selv nynorskbøker i bokhylla, blant andre Jakob Sandes samlede verker, og der er det mye flott. Så jeg er ingen nynorskhater, sier Øksengård på tørt bokmål med flatt nordlandsk tonefall.

"And some of my best friends are Jews," som det gjerne heiter i antisemittiske krinsar.

Men debatten om saka på Dagbladet.no orkar eg ikkje.

Send ein kommentar.
# lagt inn 30.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?