<$BlogRSDUrl$>

8.10.03

Vekking? 

Og til slutt i dagens rapport frå avisårgangen 1854: Nokre kommentatorar tidfestar starten på Tromsø-vekkinga til dette året. Men i avisa er det få spor av ekstraordinær religiøs aktivitet. Gudstenester og bibellesingar held fram som før, fråhalds- og misjonsforeininga likeeins. Det einaste vesle signalet er namnet "Ole Kallem" eit par stader i passasjerlistene til dampskipa på tur til og frå Finnmark. Ole Kallem reiste dette året som forkynnar for "Den stavangerske Bibel- og Traktatforening," saman med Endre Johannessen. Desse to lekpreikarane skulle kome til å spele ei sentral rolle i den første fasen av Tromsø-vekkinga, særleg frå 1855, ser det ut til.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.10.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?