8.11.03
Boknatt
Jostein Fet gjev ein førpremiere på den nye boka si, Skrivande bønder.
Rolf Sagen les frå Alltid likt å lese om krigen.
Inger Bråtveit med debutboka Munn mot ein frosen fjord, som ho fekk Nynorsk litteraturpris for i fjor.
Mellomøktene i kaféen var òg eit viktig innslag.
Helga Eriksen las mellom anna frå Ruts bok.
Oppdatering, laurdag 15. november: Og her kjem straffa for ikkje å ta barnelitteratur på alvor. Den andre boka Helga Eriksen las frå, barneboka Flugepapir (illustrert av Gry Moursund) fekk Brageprisen onsdag.
Endre Lund Eriksen (biletet), kjend for barneboka om Pitbull-Terje, presenterte Ingen kan stoppe meg no.
Ragnar Hovland fekk Sunnmørsprisen under boknatta. Det kan du lese meir om i Sunnmørsposten.
Oskar Stein Bjørlykke innleidde siste leseøkt, før boknatta vart avslutta ved midnattstid med Edvard Hoem og Henning Sommerro (biletet).
Send ein kommentar.