<$BlogRSDUrl$>

13.11.03

Dagens Blix 

Vil du dette dyre Namn / Trugen i ditt Hjarta skriva,
Skal du aldri undan driva: / Det skal leida trygt din Stamn.
Or di Leid du aldri villest, / Gjeng so mot deg Storm og Flod;
I det Namnet Stormen stillest, / Og so vert daa Enden god.

----------------------
Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 11

Nyårssalmen "Gamleaaret seig i Hav" stod alt i første heftet av Nokre Salmar (1869), som salme nummer to. Blix må ha vore nøgd med denne tidlege salmen (med god grunn), for endringane er små og ortografiske (til dømes skriv han no verbet verte konsekvent med t; vert, ikkje verd).

Men eitt vers er utelate, det opphavlege vers 5. Det kan ein forstå. Andre linja i dette verset inneheldt noko så sjeldsynt hos Blix som ein rytmisk snublestein:
So ho skin fraa Jol til Jol / Med uminkad Glans og Rode ...

Det er det siste verset som er sitert her. Samanliknar vi dei fire siste linjene med førsteutgåva, får vi eit inntrykk av korleis Blix arbeidde vidare, heilt ned i dei små detaljane, for å rette opp eit halvgodt rim (og kan hende for å bli kvitt eit "ei"). Men eg tykkjer no "Storm og Straum" var flottare.
Or di Leid du ei skal villast, / Ber so Storm og Straum imot;
I det Namn all Storm skal stillast, / Og so verder Enden god.

Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 13.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?