<$BlogRSDUrl$>

13.11.03

Ole Richter 

Før eg presenterer innhaldet i breva frå Ole Richter til Elias Blix, kan nokre ord om brevskrivaren vere på sin plass. Per Fuglum har skrive Richters biografi, i to band (1957 og 1964).

Ole Richter (f. 1829) var jurist og trønder. Dessutan var han det vi i dag ville kalle eit politisk dyr. Han sat på Stortinget i tida 1862-1878, hadde presidentverv både i Odelstinget og Lagtinget, og var svært ambisiøs både som person og som politikar. Han stod heile tida for ein sentrumspolitikk, noko som ikkje hadde dei beste konjunkturane i den sterke polariseringa som rådde på 1880-talet, med riksretten og regjeringsskiftet i 1884 som klimaks. Samstundes var han ofte usikker. Diplomatiske evner hadde han utan tvil. I åra 1878-1884 var han norsk-svensk generalkonsul i London. Han var på tale som regjeringssjef i 1884, men det vart konkurrenten hans, Johan Sverdrup, som fekk den rolla. Richter vart norsk statsminister i Stockholm og leiar av statsrådsavdelinga der. I tillegg til regjeringa i Kristiania sat det ein person med tittel av "statsminister" og to statsrådar i Stockholm, med ein mellomting mellom politiske og diplomatiske oppgåver.

Elias Blix kom til Stockholm i juli 1885 for å vere eitt år ved statsrådsavdelinga. Han møtte ein Richter som stridde med store psykiske vanskar. Kona hans var død tidlegare på året, og Richter hadde opplevd mykje motgang i politikken. I denne situasjonen viste Blix både politisk handlekraft og personleg empati. Richter hadde stor respekt for han, noko som til dømes går fram av desse linjene i eit brev han skreiv til Bjørnson 27. juni 1886 (dette brevet - og Bjørnson sin bruk av det - kom forresten av andre grunnar til å felle han som politikar, men det er ei anna historie):
Statsraad Blix. Jeg kjender ikke en ædlere Natur. Han hører til dem, der aldrig vil svige i en snever Vending - han er tvers igjennem Hæderen og den varmhjertede Patriot. Dette ligger det mig paa Hjerte at have faaet Dig sagt.

Blix gjekk ut av regjeringa 24. februar 1888, nokre dagar etter dei tre statsrådane Arctander, Astrup og Kildal. Det var ein konsekvens av aukande intern strid i Sverdrup-regjeringa.

Richter vart sitjande - under tvil. Men 15. juni 1888 døydde han, for eiga hand, i Ministerhotellet i Stockholm. Sjølvmordet er framleis ei av dei mest omtala og omdiskuterte hendingane i norsk politisk historie. Richter var på ny inne i ei djup psykisk krise. Johan Sverdrup hadde kravd avgangen hans, etter at Bjørnstjerne Bjørnson hadde "avslørt" interne tilhøve i regjeringa, på bakgrunn av brev frå Richter. Dei har båe vore skulda for å ha drive Richter mot undergangen, og det er eit inntrykk det er vanskeleg å kome unna. Bjørnson bearbeidde skuldingane på sin måte, litterært, i skodespelet "Paul Lange og Tora Parsberg" (1898).

Send ein kommentar.
# lagt inn 13.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?