17.11.03
Richter-Blix
Av korrespondansen mellom Ole Richter og Elias Blix (skriftprøve på Richters handskrift her) kjenner eg så langt 15 brev og eitt telegram frå Richter, pluss eitt brev og eitt konsept frå Blix. I tillegg finst det fem brev frå Richter til Blix i Handskriftsamlinga ved Nasjonalbiblioteket i Oslo. Dessutan er det gode utsikter til å finne den andre halvdelen av korrespondansen i Richters privatarkiv, i Vitenskapsmuseets bibliotek i Trondheim. Så langt har eg dette å melde om innhaldet i korrespondansen:
Oktoberkrisa 1887.
Professorsaka.
Send ein kommentar.
- Mykje må karakteriserast som lobbyverksemd; Richter legg rett som det er inn eit godt ord for søkjarar til stipend, legat og embete. Dette er forresten ein sjanger som er godt representert i resten av brevmaterialet òg. Denne passasjen, frå eit brev datert 19. mai 1887, seier mykje om korleis ein tenkte om denne typen påverknad. Tru korleis det fungerer i styringsverket i dag?
Jeg har været anmodet om at meddele Frøken N. N. en Attest i Anledning af, at hun søger Understøttelse af C. Schous Legat.
Da jeg fandt det mindre passende af en Statsraad i det Hele at afgive Attest i en Anledning, hvor Afgjørelsen beroer paa Regjeringen eller et Regjeringsdepartement, undslog jeg mig for at meddele saadan, uagtet jeg ikke veed Nogen, hvem jeg med større [...] kunne give et anbefalende Vidnesbyrd end den nævnte Ansøgerinde.
Men dette hindrer mig dog ikke i, at jeg herved underhaanden henvender mig til Dem med Oplysning om, at Ansøgerinden er en i enhver Henseende ganske særdeles elskværdig og agtværdig Dame, strævsom og arbeidsom, samt i saare trængende Kaar. Det skulde derfor glæde mig, om hun i sin fortrykte Stilling kunde erholde Hjælp af det Legat, hun nu søger. - Så er det dei lokale sakene. Richter var nært knytt til Nord-Trøndelag, og han engasjerte seg både i ei sak om sletting av ein gammal kyrkjegard og i ombygginga av Ytterøy kyrkje.
- To brev gjeld ei konkret universitetsreform. Det er tydeleg at departementet arbeidde med stillingskategorien adjunktstipend, og at ein ønskte å unngå at folk sat med denne typen rekrutteringsstipend i årevis. Men det er òg tydeleg at det ligg politiske ugler i mosen her; ei reform kunne til dømes nyttast til å bli kvitt høgre-historikaren Yngvar Nielsen. Her har kong Oscar II personleg engasjert seg. Nielsen stod kongen nær, og han spela ei betydeleg politisk rolle både foran og bak kulissene. To utdrag som fortel mykje, både om saka og om Richter:
(25.03.1887:) Forholder det sig saa at Yngvar Nielsens Fjernelse fra sin Stilling som Universitetsstipendiat er forestaaende? ... Men skulde ikke ialfald en saadan Forholdsregel kunne undgaaes? I hvormeget det end kan være i virkeligt Medfør af hensigtsmæssigere Regler for Adjunktstipendiernes Andvendelse, saa frygter jeg for at det i dette specielle Tilfælde vil faa eller blive givet Udseende af politisk Forfølgelse. Og skulde man ikke søge at undgaa selv Skinnet deraf?
(31.01.1888:) Kongens Betænkelighed knyttede sig til Bestemmelsen om 5 Aar som ordinært Maximum, idet han særligt frygtede for at denne vilde kunne blive til Skade for Stipendiater, der med Hjemmel af gjældende Praxis havde faaet en fast Stilling; deriblandt specielt Yngvar Nielsen, og bragte han paa Bane Spørgsmaalet om en Reservation, hvorefter Bestemmelsen ikke skulde have retroaktiv Kraft. Jeg troede at kunne forsikkre ham om at den nye Regel vilde blive anvendt med al Hensynsfuldhed ligeoverfor hvad der kan ansees som etableret Forhold og at Forskriften specielt med Hensyn til Y. Nielsen ikke vilde gribe ind til hans Skade. Disse mine Udtalelser haaber jeg da maa blive retfærdiggjorte, men vil Kongen iøvrigt undertvivl tale med Dem om Sagen.
Den forsiktige Richter fann det til og med naudsynt å telegrafere til Blix 02.02.1888 for å vere sikker på at saka var i orden.
- Eit brevkonsept (frå Blix til Richter, udatert, sannsynlegvis hausten 1886) handlar om utkastet til ny høgmesseliturgi. Dette er ei kyrkjehistorisk interessant sak. Dessutan er det ei av mange saker der eg har problem med å sortere roller mellom Blix og Jakob Sverdrup. Komitéen som skulle revidere høgmesseliturgien var sett ned i november 1885; på dette tidspunktet var Jak. Sverdrup kyrkjeminister (Blix var i Stockholm), og han var sjølv med i komitéen, saman med mellom andre Gustav Jensen (seinare stiftsprost i Kristiania, sentral i alt arbeid med liturgi og salmebok i tida 1880-1920). Den nye, alternative høgmesseliturgien vart godkjent i januar 1887 (Helge Fæhn, Gudstjenestelivet i Den norske kirke, s. 312). Brevet frå Blix syner at kong Oscar personleg hadde engasjert seg og kome med forslag til endringar i utkastet frå komitéen. Men Blix og komitéen held fast på det opphavlege forslaget, og avviser kongens innvendingar.
- Aller mest interessant er ein serie dokument som kastar lys over dei interne stridene som leidde til splittinga av Sverdrup-regjeringa. Dette må eg kome attende til i større detalj. Det gjeld for det eine dokument frå oktober 1887, som fortel om stemninga etter nederlaget i soknerådssaka og fram mot "oktober-avtalen", som så vidt avverga splitting av ministeriet i første omgang (Oppdatering, 18.11.2003: Oktoberkrisa 1887); for det andre frå desember 1887 og januar 1888, om den saka som meir enn noko anna skapte avstand mellom Blix og Sverdrup-fraksjonen i regjeringa: Utnemninga av professor i latin ved Universitetet. (Oppdatering, 27.11.2003: Professorsaka)
Oktoberkrisa 1887.
Professorsaka.
Send ein kommentar.