<$BlogRSDUrl$>

14.11.03

Riksarkivet 

Eg kjem til å vere i Riksarkivet i dag, mest for å leite i kyrkjebøker, litt for å sjå etter eit par opplysningar eg manglar om lærarseminaret i Tromsø.

Oppdatering, fredag kveld: Eg har sett gjennom Jakob Sverdrups privatarkiv i dag. Medan det er 44 brev frå Jakob Sverdrup til Elias Blix i mitt materiale (og 3 til i Handskriftsamlinga, Nasjonalbiblioteket), er det berre teke vare på 4 brev andre vegen i Jak. Sverdrups arkiv. Her er elles "post factum"-notatbøker "Nedskrevet i 1888 af Statsraad Sverdrup væsentlig efter Optegnelser i Aarene 1885-88". Brevsamlinga må vere eit utval. Eg har Jak. Sverdrup mistenkt for å ville redigere sitt eige ettermæle. Det har forresten vore fleire instansar inne. Brevsamlinga inneheld dette kortet:
Denne Pakke, der indeholder Breve til Statsraad Jak. Sverdrup fra Statsminister Sverdrup, Statsraaderne Blix, Haugland, Schjøtt, Liljedahl m. fl. fra Tiden 1883-1890 samt forskjellige Dokumenter og Brevkopier[?] hvoriblandt særlig Meddelelser fra Statsminister Richters sidste Dage og om Kriserne ham ang. ogsaa i 1885 - bør ikke brændes, men har ikke særlig Interesse netop nu.
Om 20-30 Aar bør en af Statsraad Sverdrups Børn gjennemlæse disse Aktstykker og muligens lade Rigsarkivet [...]dre deraf.

Bergen 5/5 1903 Ole Vollan

Men framleis kan eg ikkje finne noko som stadfestar Reidar Bolling si påstand om at Elias Blix hadde friplass på lærarseminaret i Tromsø det siste året der (1854-1855). Derimot fann eg fasade- og planteikningar av bygninga seminaret heldt til i på den tida, den såkalla Amtmannsgården. Det kunne bli ein bra illustrasjon i boka.

Send ein kommentar.
# lagt inn 14.11.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?