3.11.03
Slåande argument
Ragnar Hovland i Dagsavisen 1. november: "Og om nokon skulle vere i tvil: Neste gong eg møter Halvor Fosli, skal eg banke han opp, den spjælingen."
Grunnen finn du sjølvsagt her. I "Sidemålsmonsteret fortel" kjem Hovland med fleire gode trugsmål, retta mot andre sidemålsmotstandarar:
Eg trudde ikkje det var Hovland som var modell for nynorskterroristen Claus Hjelle i Hermann Starheimsæters Nordvegen, men no er eg i tvil. Eg vil berre seie at eg er motstandar av ein eigen nynorsk stat, og foreslå eit "Vegkart for fred." Ein Oslo-avtale trur eg ikkje ville vere av det gode på det noverande tidspunktet. Men kva med ein Vinstra-avtale? Så kunne Hovland og Fosli utpeike kvar sin forhandlingsdelegasjon? Amundsen Gjestgiveri skulle vere ein bra møtestad. Dei har kongeleg frukost.
Send ein kommentar.

Du kjem til å høyre frå meg. Eg kjem til å dukke opp ein stad nær deg, når du minst ventar det. Og då kjem du til å angre på dei sidemålstimane du skofta. Og dersom du har skrive "Spynorsk mordliste" på boka di, kjem eg til å presse ho ned i halsen på deg.