29.12.03
Dagens Blix
No koma Guds Englar med Helsning i Sky, / Guds Fred og Velsigning dei bjoda.
No stig ifraa Jordi ein Helgasong ny, /Som skal gjenom Himmelen ljoda:
Guds Fred og vel møtt, / Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 31-33
Frå utstillinga i Ivar Aasen-tunet, "Nynorsken i årstal":
Heile salmen (1891 - 1883 - 1875).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
No stig ifraa Jordi ein Helgasong ny, /
Guds Fred og vel møtt, / Du Barn, som er født!
Vaar Fredsfyrste høgt vere lovad!
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 31-33
Frå utstillinga i Ivar Aasen-tunet, "Nynorsken i årstal":
1884 • Første juledag syng Lårdal kyrkjelyd i Telemark Blix-salmen "No koma Guds englar". Først åtte år seinare blir det lov å syngje salmar på landsmål i kyrkjene.Dette var første gongen det vart sunge nynorske salmar i gudstenesta i ei norsk kyrkje. Opphavsmannen til salmen var framleis anonym. Men på denne tida var det nok ikkje nokon stor løyndom at det var kyrkjestatsråden sjølv, Elias Blix, som var salmediktaren. Alt i 1871 nemner Olaus Fjørtoft Blix som opphavsmann til Nokre Salmar, i artikkelen "Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn". Og i 1885 kom første bandet av J. B. Halvorsens statsstøtta prestisjeprosjekt Norsk Forfatter-lexikon. Her er salmane førte opp under namnet til Elias Blix.
Heile salmen (1891 - 1883 - 1875).
Førre utgåva.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.