<$BlogRSDUrl$>

2.12.03

In memoriam 

I dag var gravferda til Leif Olfot (f. 1914) frå Enebakk kyrkje.

Leif Olfot var fiskebilsjåfør i mange år, og busett i Enebakk. Dei siste åra var han på sjukeheimen, og eg vart kjend med han der. Når prest og organist var på si faste vitjing onsdag ettermiddag, var Olfot til stades så sant han greidde det.

Leif Olfot var ein av mange menneske eg har møtt, ulike stader i landet, som i Blix-salmane hadde funne ei tolking av livet sitt og trua si dei kunne identifisere seg med. Det spela nok ei rolle at han opphavleg kom frå Gildeskål og var stolt av sambygdingen sin. Men det var meir.

Kva for strenger er det eigentleg Blix-salmane rører ved, hos så mange og så ulike menneske? Det spørsmålet er ein av dei sentrale grunnane mine til å arbeide med biografien til Blix.

Leif Olfot er ein av dei eg har lært av. Så dette vesle minnesmerket skal han ha. Fred med minnet hans.

Send ein kommentar.
# lagt inn 2.12.03 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?