2.1.04
Dagens Blix
Fordom til Federne so jamt / Gud ved Profetarne talad.
Anden med Syner løyndomsamt /Ned til Guds Maalsmenner dalad,
Andad deim løynt i Hjartat inn /Ordet um den, som kjem og vinn
Frelsa og Liv aat all Verdi.
Men i den sidste Tid herned /Gud gjenom Sonen oss sende
Ordet um Frelsa, Liv og Fred /Fagert til Jordrikes Ende.
Sonen, som er Guds eiget Ord, /Kom som hans Kjærleiks Røyst til Jord.
Sjølv er han Frelsa og Livet.
----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 37-38
Epistelsalme for juledagen, parafrase over Hebr 1,1-5. Tonen er av L. M. Lindeman: "Kirken den er et gammelt Hus". Den anonyme forfattaren av Hebrearbrevet er ein av dei bibelske favorittane mine. Dette er salmedikting på veg mot bibelspråk. Saman med Johannesevangeliet høyrer Hebrearbrevet til dei vanskelegaste omsetjaroppgåvene frå Det nye testamentet. Her er ei abstrakt begrepsverd og innfløkt syntaks. Johannes Belsheim var hovudansvarleg for omsetjinga av Hebrearbrevet i det første landsmålstestamentet (1889), medan Blix hadde ansvaret for den gjennomsedde utgåva (1899).
Kjelde for bibeltekstane: Bibelen.no.
Heile salmen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
Anden med Syner løyndomsamt /
Andad deim løynt i Hjartat inn /
Frelsa og Liv aat all Verdi.
Men i den sidste Tid herned /
Ordet um Frelsa, Liv og Fred /
Sonen, som er Guds eiget Ord, /