<$BlogRSDUrl$>

5.1.04

Kor lenge? 

Juleferien er over, kona er på jobb og ungane på skolen, og freden har senka seg over heimekontoret mitt. Men det tyder ikkje at jula er slutt.

Før jul tok Ragnar Hovland opp mange djupe og viktige spørsmål i Samlagets julekalender (eller adventkalender, som Hovland sjølv korrekt meiner det bør heite): Behovet for julehefte, korrekt åtferd på julebord, oppskrifter på julemat og -drykk, m. m. m. Men eit viktig spørsmål gløymde han å drøfte: Kor lenge varer jula?

Eg nektar konsekvent å svare "Takk, det same" til folk som ønskjer "Vel overstått" alt første juledag. Slike har konsumert jula på førehand. Nei, jula begynner først når helga vert ringt inn julaftan om kvelden. Og ho varer minst til trettendagen, 6. januar. Personleg held eg på tjuandedagen, 13. januar. Og sidan juletreet (prima vare, lokal produksjon frå han Torvald på Ungersness) enno ikkje har teke til å dryse, skal eg argumentere for synet mitt på heimefronten i år òg.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?