19.1.04
Nahum
I dag er det Qumran-prosjektet sin dag. Det hastar, redaktøren skal ha omsetjingane til 15. februar. Dagens profet er Nahum, ein streng herre som har tala Ninive og assyrarane midt imot ein gong på 600-talet f. Kr. Her kan du finne friske bilete av denne typen:
Send ein kommentar.
2,12 Kvar er løvehiet, hola åt ungløvene, der løve og løvemor gjekk og ingen skræmde løveungen? 13 Løva røva det ungane trong, ho drap for løvinnene, fylte sine hi med rov og sine holer med fengd.Kva det tyder? Vel, for ein kommentator i det siste førkristne hundreåret handlar det sjølvsagt om ting i samtida. Han nyttar "Den vreide løva" som symbolnamn på prestefyrsten Aleksander Janneus (103-76 f. Kr.), ein kar som ikkje gjekk av vegen for å krossfeste motstandarane sine.
Send ein kommentar.