<$BlogRSDUrl$>

5.1.04

Nettverka 

Ein biografi er per definisjon individ-fokusert. Men i ein ny Elias Blix-biografi ville eg gjerne setje ord på nokre sider ved den større sosiologiske samanhengen som eg trur er heilt avgjerande for forståinga av Elias Blix si historiske rolle. Eg har introdusert begrepet "nettverk" i samband med nokre av dei sosiale romma Blix dels gjekk inn i, dels var med på å konstruere da han kom til hovudstaden som framandelement i tida rundt 1860. Ottar Grepstad har fleire stader i Det nynorske blikket (Oslo: Samlaget, 2002) reflektert over nettverka si rolle i målrørsla. I essayet "Askerkretsen: Mytar står for fall" formulerer han innsikta eg prøver å nærme meg:
Målfolk laga sine eigne nettverk lenge før sosiologane hadde funne opp begrepet. ...
Det var altså ikkje Arbeidarpartiet som fann på kunsten å snakke saman. Det har alle større opposisjonelle rørsler nytta seg av, om enn med vekslande hell. Det er klart at dette har skjedd i stort omfang innanfor kyrkja og kristne organisasjonar. Like klart er det at målfolk gjorde det lenge før Einar Gerhardsen sette ord på denne organisasjonstaktikken. Den som vil forstå meir av den kulturelle makta målrørsla faktisk har utøvd, gjer klokt i å sjå etter slike mønster. Romantikkens dyrking av det skapande individet er heilt ute av stand til å gripe sentrale trekk ved det norske organisasjonssamfunnet som tok form frå 1860-åra og framover (s. 372-374, mi utheving).
Likeeins i "Språk og institusjon":
Frå mange historiske framstillingar er det velkjent at målsaka og organisasjonssamfunnet historisk sett er jamgamle. Noko slumpetreff var dette slett ikkje. Då Aasmund Olavsson Vinje baud inn mellom andre Ivar Aasen til det første kjende mållagsmøtet i Kristiania 13. mars 1859, var Noreg på veg inn i meir organiserte former. Det kunne skipast lag for det meste, og så skjedde. Den individuelle makta skrumpa inn til fordel for den kollektive, og nye arenaer tok form. (s. 381).
Sidemerknad om "mållag": Aasen nemner eit par slike "lag" i mars 1859. Men det før omtala "mållaget" frå 1861-63 har eit meir organisert preg.

Poenget mitt er at Elias Blix i høg grad beherska spelereglane og verkemåten til det nye organisasjonssamfunnet, ja, langt på veg sjølv er eit produkt av det. Han gav mykje, og fekk mykje: Han tok på seg tillitsverv i mange ulike samanhengar, noko vi skal kome attende til. Men han fekk òg mykje draghjelp, både frå det nordnorske og det nynorske nettverket sitt, og ikkje minst frå det politiske. Tverrsambandet mellom dei ulike nettverka skal ein heller ikkje oversjå.

Elias Blix var rett mann til rett tid. Frå ein sosial og geografisk periferi arbeidde han seg til ein sentrumsposisjon som akademikar i hovudstaden, heilt politisk korrekt for det framveksande Venstre-partiet, som dessutan var sympatisk innstilt til målrørsla. Dette kjem særleg tydeleg fram på det punktet der Elias Blix for alvor vert ein offentleg person: I stortingsdiskusjonen om løyving til ekstraordinært professorat for han i 1879.

Men organisasjons- og nettverksbygging var noko han alt hadde lært i Tromsø. Og no (1860) hjelpte desse kunnskapane han i gang i Kristiania.

Send ein kommentar.
# lagt inn 5.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?