<$BlogRSDUrl$>

1.1.04

Nordlandsforeininga 

Tromsø-seminaristane som kom til Kristiania for å arbeide og studere rundt 1860, danna eit nettverk som var godt synleg for andre (jfr. Yngvar Nielsens skildring av nordlandsstudentane) og svært viktig for dei sjølv (jfr. det første brevet Blix skreiv til Amundsen frå hovudstaden). Nettverket vart formalisert da "Den nordlandske forening" vart skipa på hybelen til stud. theol. Ole Tobias Olsen 11. oktober 1862, i første omgang med ti deltakarar. Dette er den eldste innflyttarforeininga i Oslo; "Nordlændingernes Forening" eksisterer framleis.

Det er ikkje bevart protokollar for laget frå tida før 1900. Men foreininga har gjeve ut to jubileumsskrift som gjev tydelege inntrykk frå denne tida: Ole Tobias var tydelegvis sjefsideologen i denne krinsen, som samla seg om formålet "direkte og indirekte at virke for Nordlands fremgang saavel paa aandslivets som næringslivets omraade" (1912-festskriftet, s. 9). Mellom anna drøfta han ambisiøse jernbaneplanar med venene.

Dei fleste stiftarane hadde gått ved seminaret i Tromsø. Mange av dei var no studentar. Samanlikninga med "Det norske Selskab" i København på 1700-talet (1912-skriftet, s. 10 og 23) er god. Dette nettverket skal i høg grad bidra til å utvikle ein særeigen nordnorsk identitet i åra som kjem. Tre av stiftarane var, ved sida av studium, lærarar ved Nissens skole: Elias Blix, Carl J. Nielsen og O. Johannesen.

Les om ein annan del av Tromsø-nettverket (22.03.2004)
Send ein kommentar.
# lagt inn 1.1.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?