<$BlogRSDUrl$>

9.2.04

1870-talet 

Eg skulle ha skrive om studietida til Blix i Kristiania på 1860-talet. No er det tiåret etter som får prioritet, 1860-talet er utsett.

Det skuldast kjeldematerialet. For det første har eg vore så heldig å finne att ein heil del aktstykke knytte til doktorarbeidet hans Elias Blix (1876). Dei ligg i Nasjonalbiblioteket i Oslo (Handskriftsamlinga), i papira etter professor Jens Peter Broch. Her fann eg, som tidlegare nemnt, Broch sitt eksemplar av avhandlinga til Blix, rikeleg forsynt med handskrivne merknader. Dessutan opposisjonsinnlegget Broch heldt ved disputasen, referat av alle dei tre prøveførelesningane Blix heldt, og diverse korrespondanse mellom kommisjonen og fakultetet. Avhandlinga er nokså teknisk og fagintern, så eg strevar litt med å skrive noko som er leseleg for folk utan kjennskap til semittiske språk.

For det andre er eg svært avhengig av fakultetsarkiva ved Universitetet i Oslo. Det viser seg at arkivet til teologisk fakultet, der det meste av informasjonen om 1860-talet (vonleg) er å finne, er dårleg ordna og vanskeleg tilgjengeleg. Arkivet til historisk-filosofisk fakultet, derimot, er avlevert til Riksarkivet. Eg har vore innom for å leite etter korrespondanse om disputasen til Blix, og det gav resultat. Dessutan vart Blix knytt til dette fakultetet som professor frå 1879, ikkje til teologisk fakultet, slik mange framleis trur. Undervisningsplikta hans var delt mellom desse fakulteta, men administrativt var det på HF han høyrde til. Du skal få ein del smakebitar etter kvart.

Send ein kommentar.
# lagt inn 9.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?