<$BlogRSDUrl$>

17.2.04

Dagens Blix 

Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng. / For Satan med si Snara
So tidt i Vegen seter Steng, / Kvar helst eg fram vil fara.
Hans arge Raad og List / Meg lett kann leida mist;
Eg difyr vel til Varsemd treng. / Eg gjeng i Faare, kvar eg gjeng.

----------------------
[Elias Blix] Nokre Salmar (Andre rettade og aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1883), nr. 60

Det er Brorson som har skrive originalen, men salmen ligg i mangt Blix svært nær. Forma er sterk og stram. Vandringsmannen, pilegrimen på veg gjennom livet mot det himmelske målet, er ein klassisk topos i kristen dikting.

Tonen er oppgjeven til "Se Solens skjønne Lys og Pragt." Det er ikkje folketonen du kjenner, men eg har ikkje funne noka lydfil med den aktuelle melodien. Det er rart å tenkje på i dag, men Landstad og Lindeman, som samla så mykje folkeviser og folketoner, torde ikkje ta dei norske folketonane med i salmeboka og koralboka si.

Heile salmen.
Førre utgåva (1870).
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 17.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?