<$BlogRSDUrl$>

10.2.04

Heggtveit-samlinga 

Juvelen i MF-arkivet er den svært omfattande kyrkjehistoriske samlinga etter Hallvard G. Heggtveit (1850-1924), i si tid klokkar i Trefoldighetskirken i Kristiania, kyrkjehistorisk publisist og sentral kyrkjepolitisk aktør. Heggtveit var sekretær i komiteen bak det famøse "Opraab til Christendommens Venner i vort Land" i 1883, og han var ei drivkraft i skipinga av Menighetsfakultetet i 1908.

Eg rakkk berre gjennom ein tredel av registranten i går, men alt her er det mykje interessant. Heggtveit hadde omfattande brevskifte, og han har dessutan teke vare på arkiv og korrespondanse etter andre. Eg noterer her nokre saker som kan vere av interesse:
  1. Ei samling trykksaker og manuskript om Elias Blix, for det meste frå januar 1902 (dødsfall og gravferd).
  2. 23 brev frå John Klæbo (1839-1874; diktar, nordlending, målmann og nær Blix-ven) til Anton Chr. Bang, og eitt frå Klæbo til Heggtveit. Det var Heggtveit som gav ut Klæbos skrifter, med ein biografi (1888)
  3. Svært interessant, om ikkje nett for mitt prosjekt, er eit brev frå Torkell Mauland (1848-1923) til Heggtveit. Brevet er tidleg (1872) og langt. Det verkar som Heggtveit i denne tida vurderte å skrive på landsmål (han var fødd i Kviteseid i Telemark). Mauland skriv mellom anna utførleg om engasjementet sitt i Garborgs "Lærerstandens Avis".
  4. Korrespondansen med Moltke Moe (1859-1913; folkeminnesamlar, språkpolitikar - og ven av Blix) kan òg vere av interesse.
Send ein kommentar.
# lagt inn 10.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?