<$BlogRSDUrl$>

18.2.04

Morgenbladet 


Midt på forsida av Morgenbladet laurdag 18. januar 1902: Samtlege vers av "No livnar det i Lundar" - ein salme på nynorsk! Den innforståtte lesaren blar vidare til side 2. Der står nekrologen over Elias Blix, som døydde kl. 17.30 dagen før.

Denne forsida er den mest talande illustrasjonen eg veit til posisjonen Elias Blix hadde oppnådd før han døydde: Han var nasjonalikon. Morgenbladet var mørkeblått, og allergisk for alt som smakte venstrepolitikk eller landsmål, men denne dagen får alle prinsipp fare.

Det er den velsigna klokkar Heggtveit som har teke vare på denne og andre Kristiania-aviser for meg. Eg har vore i arkivet på Menighetsfakultetet i dag, ser du.

Send ein kommentar.
# lagt inn 18.2.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?