12.3.04
11. mars
har alltid vore ein festdag her i huset. Vi fekk ei dotter denne datoen i 1988, og ein son på treårsdagen hennar i 1991. Men 11. mars 2004 vart annleis. Terror er ikkje nytt i Europa, og særleg ikkje i Spania, men desse dimensjonane av vald mot tilfeldige mål er urovekkande.