<$BlogRSDUrl$>

11.3.04

Bladet 

NB: Sjå oppdatering, 19.03.2004
Sidan eg først er inne på dei uløyste spørsmåla mine, eit problem til. I brevsamling nr. 407 ved Nasjonalbiblioteket i Oslo (Brev til Elias Blix) ligg eit brev frå vestmannen Henrik Krohn, dagsett Sogndal 20.08.1871. Brevet lyder slik (eg er ikkje van med handskrifta til Krohn; * signaliserer at eg ikkje har greidd å lese ein eller fleire bokstavar):
Gode Vin!

Presten Unger heve bedet meg skriva til einkvan god Kjenningen i Hovudstaden med Krav um, at han skulde gjera sitt til, at dar kunde koma ein god Personelkapelaan att i staden hansi [SIC] Koren [NB: Endringsforslag, sjå under]: “ein, som umfram dat gode Preste**ing, ogso hadde Hugnad av dei folkelege Straumdrag i Landet, hadde Kjærleike til Bonden og Maalet hans.” Eg vonar at du inkje vil spara Umaken at gjera kvat du kann i dette Stykket. Eg heve ogso skrivet til Klæbo um dat same, og daa eg inkje veit kvar han bur, so bed eg deg vere so snild at fli honom Brevet. Dan som vil faa høyra Vilkori fyr Kapellanen, kann ganga til Doktor Tiedemand i Gamlebyen.

Kor er dat *** med Maalsaki darburte? Gjeng ho no i rette Faret? Dat ser fulla inkje so ut fyre meg, men me sjaa alle Stykkevis, maa vita, og dat kann gjerna vera, at dat er Gagn i Gjerdi, alt um eg tykjer, at dat ber paa Skade laust. Soframt som eg heve Rett i min Maate at sjaa Saki paa, so skulde dat no vera paa Tid, at dei gamle Maalmenner i Hovudstaden tok i av all Magt, og fekk Saki inn i sitt rette Far atter. Til dessa trur eg at Saki vaar heve voret framburet med Kjærleike, no synest ho vera komi i Hender paa Hatet, som aldri heve fenget nokot godt fram i Heimen. Me lyt sjaa til at faa i Stand eit Maalmannsmøte til Aaret komande fyre alt Landet! Tenk paa dette og gjer kvat du kann.

Din
Henrik Krohn
I margen har Krohn føyd til desse linene:
Inkje eit Ord um Tidskrifti vaar i Bladet ditt? Likar du dat likaso litet, som Framsguten? Lat dat i alle Tilfelle[?] koma fram anten dat er til Lov elder Last. Du er pligtig at leggja Mark[?] paa Arbeidet fyre Maalsaki
Det er noko her som ikkje stemmer, og eg undrar meg på om dette brevet eigentleg var stila til Blix.
  1. Kjende Blix og Krohn kvarandre? Ikkje umogleg. John Klæbo, som er nemnd i brevet, stod Blix nær.
  2. Kva for eit "Blad" er det Krohn nemner i sitt P. S.? "Tidskrifti vaar" er greitt: Krohn og Vestmannalaget gav ut Fraa Bygd og By frå 1870. Eliminasjon: Dølen døydde med Vinje i 1870. Olaus Fjørtoft sitt Fram er omtala negativt i brevet. Eg står att med Svein Urædd og Andvake, to kortliva tidsskrift som eg kjenner lite til. Men eg trudde Svein Urædd var gått inn ved denne tid. Når det gjeld Andvake, finst det eit interessant og langt brev frå Ivar Aasen, sannsynlegvis frå april 1871, der han seier opp bladet, med argument som like gjerne kunne vore retta mot Fram si radikale omlegging av språket i talemålsnær retning. Hovudproblemet er: Det er ikkje kjent (i alle fall ikkje for meg) at Elias Blix var med å redigere noko "blad".
  3. Difor spør eg: Var brevet stila til nokon annan, som seinare gav det til Blix? Men kven er kandidatane? Vinje var borte. Klæbo fekk eit anna brev. Aasen har skrive med Krohn (mellom anna om Blix, i eit viktig brev av 30.03.1872), han er mogleg, men lite sannsynleg. Kristofer Janson er ein sterk kandidat, men eg trur han var på Vonheim i Gausdal på det aktuelle tidspunktet. Kan det vere Hagbard Berner? Då må det vere Dagbladet det er tale om. Dette er mitt beste forslag hittil, trur eg. Berner og Krohn korresponderte, ser eg av Kjell Haugland, Striden om skulespråket, s. 17-18 og 226 (note 4 og 6). Eller VAR Blix faktisk aktiv som bladmann ei kort stund?
  4. Det finst jo ein god grunn til at ein ukjend x (Samlags-skiparen Berner?) kunne overlate brevet frå Krohn til Blix: Han skulle vere ein framifrå kandidat til personellkapellanstillinga i Sogndal, etter Unger sin stillingsomtale.
  5. Om brevet er til Blix, kan det ikkje Krohn ha kjent han altfor godt. Dette brevet er skrive like etter at Emma og Elias Blix gifte seg (19. juli 1871), men det er ingen gratulasjon eller helsing til kona. Det er heller ikkje nemnt noko om reisestipendet frå Universitetet, som sette dei nygifte i stand til å reise til Leipzig, der Elias skulle studere semittiske språk. Dei gav seg ut på reise i oktober 1871.
Forslaget mitt er altså: Dette brevet var opphavleg stila til Hagbard Berner, sentral i landsmålsmiljøet i Kristiania (Døleringen, Det Norske Samlaget) og redaktør i Dagbladet. Han gav det til Elias Blix, som mogleg kandidat til prestestillinga i Sogndal.

Kva tykkjer du om dette stykket detektivarbeid? Er eg på ville vegar?

Oppdatering, same kveld: Kyrjehistorikarbror Per Kristian er som vanleg til stor hjelp, med si gode oversikt over presteskapet i det 19. hundreåret. Han seier i eit straumbrev (høgnorsk for e-post) i kveld:
Jeg har undersøkt. Det er ingen Koren som er pers.kap. omkring 1870-71.

Derimot slutta Johan Einar Unger som pers. kap. i Vikør og begynte som res.kap. i Hammer dette året. Kan ordene "ein god Personelkapelaan att i staden hansi [SIC] Koren" tydes "ein god Personelkapelaan att i staden hans i" -(altså i Ungers sted) og stedsnavn? ...

I Vikør var det på denne tiden en prest som hette Hans Henrik Beer Jæger, f.1805, c.theol 1829, i Vikør 1838-1874 (han døde da). Jæger har sikkert trengt en ny pers.kap. i 1871.
Per Kristian må ha rett. Eg må sjekke lesinga over helga i Nasjonalbiblioteket, men eg har eit godt forslag: "i staden hans i Kvam" (i Hardanger) - som den gongen var i Vikør prestegjeld.

Elias Blix vart, som kjent, aldri prest. Men om dette sporet leier nokon stad, kan det vere grunn til å skrive ein liten artikkel om "Da Blix kunne blitt prest" - i Kvam i Hardanger ...

Oppdatering 2, seint same kveld: Av denne meldinga i Bergens Tidende 09.03.2004 forstår eg at Henrik Krohn har fått sin biografi, som eg burde visst om. Det er Jostein Krokvik som har skrive Vestmannalagsreisaren og målreisaren.

Og med det får de ha ei god natt.

NB: Sjå oppdatering, 19.03.2004
Send ein kommentar.
# lagt inn 11.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?