<$BlogRSDUrl$>

4.3.04

Dagens Blix 

Modersmaalet.
Moder er eit heilagt Ord, / Hjartat kjært aa høyra,
Leikar alle Folk paa Jord / Sælt i Hug og Øyra.
Kvar, som Moders Namn hev lært, / Skal og halda dyrt og kjært
Moders Ord og Minne.

Modersmaal er beste Arv, / Mor oss kunde giva.
Medan mange Minne kvarv, / Hennar Ord vil liva:
Fraa ho ved di Vogga song, / Til ho deg den sidste Gong
Døyande velsignad.

-----------
Elias Blix: Salmar og Songar (Oslo: Olaf Husebys Forlag, 1900), 131-133

Det er morgon, og eg tykkjer eg må spandere den songen eg fann i går kveld. Modersmaalet vart altså til ei kveldsstund på Slependen 21. august 1898, etter oppmoding frå Hulda Garborg, som hadde bede om eit bidrag frå Blix til den store målmarknaden i Kristiania nokre dagar seinare.

Det er mange interessante trekk med dette diktet. Dei siterte versa er i slekt med (og inspirerte av?) Per Sivles velkjende "Den fyrste Songen". Dei vert gjerne nytta som vitneprov om Blix sitt nære tilhøve til si eiga mor. Men minst like interessante er dei versa som ikkje er siterte (du kan lese alle versa her). For her er ringen slutta: Blix grip attende til tematikk, biletbruk, ja, til og med konkrete ord og uttrykk, som han nytta i det første landsmålsdiktet vi kjenner, "Dat norske Maalet" frå 1857. "Folkenatt", "Dvergar" og "Staal" finst det begge stader, likeeins ein periode dominert av "framandt Maal/framand Tunga", medan morsmålet overlever i "djupe Dalar" hos "Smaafolk", resp. i "Folkets Munn". "Modersmaalet" vitnar om ein heilt anna formsans enn "Dat norske Maalet". Men ideala er dei same. I synet på språk og nasjon er Blix romantikar av reinaste slag.

Heile songen.
Gårsdagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 4.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?