<$BlogRSDUrl$>

22.3.04

Dagens Blix 

Rom 4,16-25
16 Difyre er Arven av Tru, at han kunde vera av Naade, at Lovnaden kunde standa fast fyre all Ætti, ikkje berre fyre den, som heve Logi, men og fyre den, som heve Abrahams Tru, han som er Fader fyre oss alle
17 (som skrivet er: "Eg heve sett deg til Fader fyre mange Folk") fyre Guds Aasyn, som han trudde paa, som gjerer dei daude livande og kallar det, som ikkje er til, som um det var til.
18 For han trudde med Von mot Von, at han skulde verta Fader til mange Folk, etter det, som sagt var: "So skal di Ætt vera;"
19 og daa han ikkje var veik i Trui, so saag han ikkje paa sin eigen Likam, som alt var utlivd, med di han var fram mot hundrad Aar gamall, og ikkje paa det daude Moderlivet hennar Sara;
20 men paa Guds Lovnad tvilade han ikkje med Vantru, men vart sterk ved Trui og gav Gud Æra,
21 fullviss paa, at det han heve lovat, er han og megtug til aa gjera.
22 Difyre vart det og reknat honom til Rettferd.
23 Men ikkje berre fyre hans Skuld vart det skrivet, at det vart honom tilreknat,
24 men og fyre vaar Skuld, som det skal verta tilreknat, naar me tru paa honom, som vekte Jesus, vaar Herre, upp fraa dei daude,
25 han som vart yvergjeven fyre vaare Misgjerningar og uppvekt fyre vaar Rettferdiggjering.
-----------------
Apostelen Pauli Brev til Romarne (omsett av Elias Blix, med Ivar Aasen som konsulent; Kristiania: Det norske Samlaget, 1882. 2. opplag 1889)

Les heile kapitlet (.pdf-fil).
Les kapitlet i dagens bibelomsetjing (frå Bibelen.no).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 22.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?