<$BlogRSDUrl$>

29.3.04

Dagens Blix 

Hans Ferd er ring i Syne, / Eit Asen honom ber,
Daa kann han gjera Tyne / Paa Satan og hans Her.

Her er han, som vil frelsa / Kvar syndebunden Træl.
Upp, Sions Dotter, helsa / Og møt din Konung vel!

Her er han, som vil fagna / Deg med sin Kjærleik god.
Her er han, som vil gagna / Deg med sitt Hjarteblod.

Her er han, som vil bera / Ein Tornekrans fyr deg.
Her er han, som vil vera / Din Konung æveleg.

----------------------
Elias Blix, Nokre Salmar (4de aukade Utgaava; Kristiania: Samlaget, 1891), s. 98-99

Påska nærmar seg, og det må jo markerast på BlixBlog. No er det med påska som med jula, moderne menneske tek ut det meste på forskot. Det har vore påskemarsipan å få kjøpt i fleire veker alt. Men sjølve påskehøgtida begynner først natt til første påskedag. Da varer den til gjengjeld i sju samfulle veker, heilt til pinse. Med femte sundag i faste, som var i går, er vi inne i pasjonstida (som altså ikkje er funnen opp av Mel Gibson). Her skal vi vere gjennom palmesundag, skjærtorsdag, langfredag og påskeaftan. Den liturgiske fargen er fiolett, fargen for bot og for ettertanke.

Ein einaste salme har Blix skrive til palmesundag, Sjaa, no vil Jesus draga – og den er av Thomas Kingo.

Heile salmen (.pdf-fil).
Førre utgåva (1883).
Fredagens Blix.
Send ein kommentar.
# lagt inn 29.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?