<$BlogRSDUrl$>

26.3.04

Eksaminator 

Eksamen 1879

Eg held framleis på i arkivet til Det teologiske fakultet. Det er ei sentral kjeldesamling ikkje berre til studietida hans på 1860-talet, men òg til det seinare arbeidslivet hans. I åra 1873-1879 var han knytta til fakultetet som adjunktstipendiat. Da vart han tilsett som professor i hebraisk ved Det historisk-filosofiske fakultet. Men i røynda pendla han mellom fakulteta. På TF overtok han store delar av professor Caspari sine plikter, halvdelen av undervisninga og alt eksamensarbeidet.

Denne vesle kuriositeten er frå fakultetet sin "voteringsprotokoll" ved eksamen. 8. desember 1879 var første gong professor Blix signerte eksamensprotokollen ved TF som sensor, saman med Gisle Johnson, F. W. Bugge og Fredrik Petersen. Fakultetssekretæren (notarius) O. Gjerløw førte protokollen. Den andre kandidaten Blix hadde oppe, Sigurd Odland (kandidatnr. 1626), skulle sidan bli professor i Det nye testamente og ein nær ven og kollega. Endå seinare skulle han gå av i protest mot den teologiske utiklinga ved fakultetet og skipe sitt eige - Menighetsfakultetet (1907).

Send ein kommentar.
# lagt inn 26.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?