<$BlogRSDUrl$>

8.3.04

Fotturen 

Breva til Amundsen frå hausten 1861 stadfestar det eg lenge har meint: Den vidgjetne fotturen til Elias Blix, Ole Tobias Olsen og Carl Johan Nielsen fann ikkje stad sommaren 1860, men sommaren 1861. I 1860 hadde Blix meir enn nok med artiumslesinga.

Biografien til Reidar Bolling frå 1953 er på mange måtar ei god bok, og Bolling har hatt gode kjelder til disposisjon. Diverre er eg nøydd til å slå fast at han ofte er unøyaktig i detaljar, slik som i dette tilfellet. Det gjev meg eit ekstra kjeldekritisk problem: Mange opplysningar hos Bolling (særleg slike han har frå munnlege kjelder) er nemleg ikkje å finne nokon annan stad.

Send ein kommentar.
# lagt inn 8.3.04 0 kommentarar
Skriv ein kommentar
Send innlegget til nokon du kjenner

Kommentarar:

Skriv ein kommentar

This page is powered by Blogger. Isn't yours?